MENY

Forside >Dikt >Sarosperiodene >Kritikken av «Sarosperiodene»

Kritikken av «Sarosperiodene»

Anmeldelse av Sindre Ekrheim i Bergens Tidende, 30. november 2009
Sindre Ekrheim i Bergens Tidende, 30. november 2009.

Visdomens hage

Av Walid al-Kubaisi

Selv legendenes og romanenes skikkelser
Vil sitte ved bordene i Guds kafé.

Dette er ein fantasi hjå ein poet som ser det levande i all eksistens. Eg kan leggja til at kvar bokstav i diktsamlinga hans rører seg, dansar, græt og skaper opprør.

Ikkje alle kjenner Kaj Skagen, for han skriv ikkje bestseljarar. Men alle lesande nordmenn må kjenna til denne personlegdomen som har vore nærverande gjennom eit aktivt intellektuelt liv.Venstresida greidde ikkje å fanga sjela hans. Det er difor han avsluttar boka med eit dikt han har gjeve denne tittelen: «Til en arbeiderklassehelt». Men det åndelege opna armane sine for han. Det gjer Skagens poesi meir interessant: Frå fyrste til siste dikt er lesaren invitert inn til ein visdom som utan vidare kan karakteriserast som Salomos høgsong i globaliserings­alderen:

Noen drar fra by til by, uten fred
Noen går fra tempel til tempel, etter Gud
Noen reiser fra seng til seng, som hun

Diktsamlinga presenterer røynsla og klokskapen til forfattaren og formidlar kjernen av kunnskapen og livet hans i beste stil. Essensen i diktsamlinga er at livet har endra seg og har vorte meir trivielt enn han hadde drøymt om i sine tidlegare år.

Det personlege særpreget er skråblikket som gjev innsikt i emna han skriv om i lyrikken. Til dømes skriv han om Kristi liding: Han fortel at lidinga her ikkje er tornane mot panna, ikkje den blødande ryggen, ikkje latteren til torturisten, heller ikkje naglane gjennom hender og føter, men det er «Guds forferdelige ensomhet blant menneskene».

Dette er ein poet som ved seksti år fortel korleis alderen ertar seg på han: Han levde etter ideala han hadde med seg frå ungdomstida; økologi og antipati for det materialistiske livet: «Han sier ikke nei til en fin vin eller et korrekt bakt brød, men er ingen gourmet og foretrekker havregryn fremfor gåselever. Det er det samme med klærne, han går med dem til de rakner på kroppen. Hadde folk levd som han, ville verdensøkonomien gått i sjokk.»

Men han endar med at han måtte fylla bilen med mat frå butikken. Ikkje for seg sjølv, men for sønene. Han var overtydd om at Rimi-maten forherda kroppen og gjorde det uråd for menneske å realisera seg sjølve. Han minnest at då han var på deira alder, levde han eit enkelt liv. Han held fram med å leva på same måte, men han kjenner at han er gått ut på dato.

Livet han ynskte, var å vera sann og tru. No er det berre han og denne verda tilbake. Tapet av himmelen er uoppretteleg. Snart kan han telja åra som står att, på fingrane. Snart ber dei han til orgelmusikk:

Kan det være at han enda en gang
får kjenne smaken av å finnes
Kan det være at han skal dø

Samstundes som eg las dikta og fekk eit imponerande inntrykk, smilte eg mange gong­er og hadde gråten i halsen. Og eg gjekk tilbake til nøklane til diktsamlinga: Sarosperiodene er den kaldeiske tidsrytmen på atten år, sju månader og ti dagar. Jorda dansar kvart førtiande år og teiknar ei dobbelkjegle. På den måten dukkar det åndelege i astronomien opp i diktsamlinga.Men det er blandinga av ulike tema som gjer samlinga så sterk:

Min barndom hadde lite begeistring
og bød på få drømmer
Menneskene omkring meg
sørget over sine liv
og søkte frelse hos en Gud
som hadde hemmelige mapper om oss
og straffet vår troløshet
i en evig konsentrasjonsleir

Orda kjem lett for Skagen. Ein merkar at det er ein ekte poet som skriv:

Det er en kjensgjerning at morgenen
ennå kan ventes å komme
Selv om morgenen den 7. august 1945
sang fuglene i Hiroshima

Dag og Tid, 11. desember 2009


Forfatteren om boken

Debatten om kulturrådet

Forside >Dikt >Sarosperiodene >Kritikken av «Sarosperiodene»