MENY

Forside >Journalistikk >Den store antirasistiske vekkinga som heim­søkjer landet vårt

Den store antirasistiske vekkinga som heim­søkjer landet vårt

Black Lives Matter demonstrasjon
Foto: Ehimetalor Akhere Unuabona

I den nye antirasistiske rørsla kan ein skilje mellom to hovudstraumar. I framgrunnen den rettkomne merksemda om og kritikken av «kvardagsrasisme» som på ulikt vis og av ulike årsaker råkar menneske som ikkje tilhøyrer det vi kallar ein etnisk og kulturell majoritet, og bakanfor ein meir akademisk og ideologisk straum med røter i marxistisk teori og henta frå amerikanske universitet.

Denne siste antirasismen er meir teoretisk og rettar seg mot den vesterlandske eller europeiske sivilisasjonen og kulturen som noko i seg sjølv er rasistisk. Medan kritikken av kvardagsrasismen er reformorientert og siktar seg inn på utslag som fell saman med diskriminering og mobbing, er den ideologiske antirasismen i botn og grunn revolusjonær.

Få vil meine at det ikkje er rom for betringar i korleis vi møter og handsamar kvarandre, og dei fleste av oss – same kva «gruppe» vi tilhøyrer – vil meine at di mindre vekt vi legg på etnisk opphav og hudfarge, di betre.

Men ideologane i den nye antirasistiske rørsla vil at vi skal snakke meir om rase og hudfarge. Vi skal ikkje lenger vere «fargeblinde» slik som i går. I dag skal vi sjå fargen overalt, òg i det kvite, ja, særleg der. Majoriteten i vestlege land skal oppfatte seg som «kvite», for at medvitet om å vere ei etnisk gruppe på line med alle ikkje-kvite grupper, skal vekkje oss opp til å skjøne at vi i eigenskap av å vere «kvite» er rasistiske undertrykkjarar i ein kvit, rasistisk sivilisasjon, sjølv om vi på det medvitne planet er motstandarar av biologisk tufta rasisme og all slags diskriminering.

Paradokset

Paradoksalt nok vert denne kritikken retta mot eit Vesten og Europa, der den gode striden mot slaveri, kolonialisme og rasisme har vore ført i alle fall sidan slutten av 1700-talet. Sidan då er det ikkje vorte meir synleg rasisme i vestlege samfunn, men mindre, sjølv om raseskilje og kolonialisme varte heilt inn i vår tid.

Men på grunn av den europeiske og nordamerikanske maktstillinga som levde seg ut i kolonialisme og imperialisme, har venstreorienterte intellektuelle ofte sett på vestleg sivilisasjon som rasistisk.

Ikkje sjeldan har dei uttrykt skamkjensle over å vere europearar, som til dømes Jan Myrdal i En illojal europeers bekjennelser, eller dei har lengta etter Vestens undergang, som Henry Miller. Og den amerikanske forfattaren og aktivisten Susan Sontag meinte at «den kvite rasen er kreften i menneskehistoria».

Mange vil vel meine at slik antirasistisk fordøming av «den kvite rasen», er urimeleg og kanskje rasistisk. Til dømes har eit land som Noreg, med ein overvegande kvit folkesetnad i all tid, sjølv vore undertrykt av sterkare naboar og har sidan den moderne grunnlegginga i 1814 aldri hatt slavar eller vore utprega rasistisk, iallfall ikkje etter den forståinga av omgrepet som dei fleste held seg med.

Slaveriet

Medan Noreg var lydrike under Danmark, tok nordmenn del i den atlantiske slavehandelen som nådde eit høgdepunkt på 1700-talet. I Adam Hochschilds forteljing om kampen mot slaveriet, Begrav lenkene frå 2006, kan vi lese at på 1700-talet levde meir enn tre firedelar av alle menneske på jorda i ein eller annen form for slaveri.

Slaveriet fanst ikkje berre i det gamle Grekenland og Romarriket, men òg i oldtidas Kina og Korea, der slavane var like talrike som den frie folkesetnaden. Både i Amerika før Columbus, i Afrika før kolonialismen og i arabiske land finn ein slaveri langt attende til gamal tid.

Ein kan ikkje verte himmelfallen over at vestlege land på 1700-talet tok del i ei verksemd som hadde vore ein fast institusjon over heile verda i fleire tusen år. Det ein kan undre seg over, er at slaveriet så brått kom under sterk kritikk og i løpet av berre eit hundreår vart forbode overalt, i alle fall på papiret. Noreg, som ein del av Danmark-Noreg, kan rose seg av å ha vore det fyrste landet i verda som vedtok forbod mot slavehandel, i 1792.

Vi hadde «jødeparagrafen» som nekta jødar tilgang til riket. Men vi hadde òg Henrik Wergeland, som med diktkransen «Jødinden» i 1844 reiste eit varig monument over norsk antirasisme og la grunnen for at «jødeparagrafen» vart oppheva alt i 1851.

Vi hadde fornorskinga av samane, men sidan fekk vi Sametinget (1989) og urfolksrettar. Særleg i fyrste halvdel av 1900-talet hadde vi rasehygienen, tvangssteriliseringa av visse grupper og ei vanleg oppfatning av at europeiske folkeslag stod på eit høgare utviklingstrinn enn andre. Det meste av slik praksis og tenkjemåtar vart utfordra og forsvann etter erfaringa med nazismen.

Forsvinningsnummeret

Det inneber ikkje at det i dag ikkje finst ulike former for rasisme i landet. Men om vi skil oss frå andre land her, kan det synest å vere i positiv lei. I ei undersøking frå World Value Survey der folk vart spurde kven dei ikkje ville ha som naboar, kom i alle fall USA, Canada, Brasil, England, Noreg, Sverige og Australia i tetgruppa med minst rasisme i verda, medan det stod dårlegare til i Russland, Kina, Nord-Afrika og Midtausten. I Jordan og India ville meir enn 40 prosent helst ikkje ha menneske av ein annan etnisitet som naboar, medan dei fleste vestlege land her låg under og delvis langt under 10 prosent.

Men for den nye antirasismen er denne norske suksesshistoria eit problem. Fordi vi ytre sett har fjerna rasismen kring oss, bedrar vi oss sjølve med å tru at han ikkje finst i oss. Men rasismen er ikkje forsvunnen, sjølv om han ikkje lenger vert biologisk grunngjeven eller praktisert gjennom eit klart rasistisk lovverk. Han har gått gjennom ei forvandling frå biologisk grunngjeven rasisme til eit berre tilsynelatande ikkje-rasistisk kultursyn på at menneske er grunnleggjande ulike alt etter kva kultur dei tilhøyrer. Slik forsvinn rasismen inn i eit kultursyn som trer fram som danna og moderat, men som i praksis vert nytta til å halde andre folkegrupper nede.

I det andre forsvinningsnummeret til rasismen søkk dei kvites tru på å stå på eit høgare utviklingsnivå med større verdi enn andre menneskegrupper ned i dei sosiale og mentale strukturane. Der vert rasismen vanskeleg å oppdage, også for dei kvite sjølve, som no trur at dei er heva over rasismen samstundes som dei er gjennomsyra av tenkjemåtar og instinkt som fører til at dei handlar rasistisk og held oppe sine eigne raseprivilegium.

«Eit viktig tema for kritiske kvitleiksstudiar», skriv Toronto-professoren og kvitleiksforskaren Barbara Applebaum i ein forskingsartikkel frå 2016, «er å gjere kvitleik synleg for å bryte opp kvitdominerte maktsystem», vel å merke synleg for dei kvite sjølve, fordi «kvite normer gjennomsyrer kvitdominerte samfunn samstundes som desse normene trer fram som ålmenne og verdinøytrale for dei sosiale gruppene som tener på dei». Her vert kvitleikstudiane skildra som ei aktivistisk teoribygging med eit politisk siktemål.

Kvitleiksstudiar

Det er denne teoribygginga som ligg bak den stadig vanlegare bruken av omgrep som «kvit» og «kvite» som karakterisering av meiningsmotstandarar, dessutan det merkelege «kvitleik» som omgrepet på eit heilt verdsbilete og ein eigen mennesketype, noko vi eldre born av opplysinga trudde tilhøyrde ein overvunnen fortid.

Kvitleiksstudiane er vel det nyaste leddet i postmoderniseringa av marxismen. Dei er abstrakte og kan få ein leiarskribent i Morgenbaldet til å stille spørsmål om «hva betyr norsk hvithet og norsk svarthet», noko ein lyt delta på mange seminar for å kunne svare på. Men òg Marx sjølv var og er uleseleg for dei fleste. Det er djupteoriane som endrar verda, idet dei vert populariserte og spreidde i folkelege versjonar som eld i turre sinn.

Det lettast tilgjengelege norske dømet på denne nye ideologien om «kvitleik» er kanskje artiklane «For å se rasismen, må vi vite hvordan hvithet virker» (Afrika.no 13. oktober 2019), «Jeg er ikkje rasist!» og «Hvithetens tause makt» (Morgenbladet 13. september 2019) av fyrsteamanuensis Sandra Fylkenes ved Oslomet, den siste saman med fyrsteamanuensis Ronald Mayora Synnes ved NLA Mediehøgskolen.

Her vert det operert med «hvithet» som omgrep på ein umedviten rasisme som vi vert fødde inn i og veks opp i, slik at vi går omkring og trur oss frie for ein rasisme som gjennomsyrer oss. Det er som arvesynda, ei dragning mot det vonde utan at vi veit om det eller kan noko for det.

«Hvithet» skal vere «rester av arven fra vår felles koloniale og imperiale historie» som gjer at vi kjenner, tenkjer og handlar rasistisk, samstundes som vi lurer oss sjølve til å tru at vi er tolerante menneske utan føredomar. «Hvithet» er «en type raseideologi» som «ingen slipper unna!». Ein kunne utleggje dette som at alle kvite europearar og amerikanarar har white supremacy i knoklane, vi er alle rasistar og kan ikkje anna.

Den kvite fornufta

Som mest alle avanserte teoriar har òg kvitleiksstudiane innslag av sanning, særleg når dette perspektivet vert lagt fram litterært av forfattarar som Franz Fanon, James Baldwin eller Toni Morrison. Meir problematisk er den teoretiske kvitleiksideologiens tru på mennesket som forma, styrt og bestemt av gamal, undermedviten arv knytt til sosial klasse og etnisk gruppe.

Den som seier at vi er så djupt prega av fordomane våre at vi ikkje eingong veit at vi har dei, og må gå gjennom ei personleg krise og forvandling som i ei religiøs vekking, mistrur den medvitne antirasismen som nesten alle i Noreg har. Då vert det reist tvil om den gode viljen er til nokon nytte. Dermed kastar ein vrak på den beste samarbeidspartnaren vi har i striden mot rasisme og diskriminering, nemleg fornufta som tvinger instinkta til å rette seg etter likskapsideala.

Ein lyt ikkje undervurdere verdien av sjølvdisiplin og folks evne til å halde dei lågare instinkta i sjakk. Ein kan kome lenger med slik keisam borgarlegskap enn med karismatisk marxisme som vil forvandle heile mennesket og samfunnet og drive ut alle kvite demonar i ein åndsdåp med eld og abstraksjon.

I ein kommentar til freistnadene på å fjerne statuane av Holberg og Churchill i Oslo sa skodespelaren Iselin Shumba til Dagbladet: «Vi setter nå en standard for det nye mennesket, og forsøker å ta et endelig oppgjør med historien.» Slike haldningar kan vere etisk beundringsverdige, men dei vitnar om historieløyse og kunnskapsløyse om kva og korleis menneska er.

Det komande

Kvitleiksideologane kan ofte verke som utopistar som av strategiske årsaker vitjar den gamle rasismen for å hente intellektuelle reiskapar til å utrydde han for godt. Men omdefineringa av universalismen hos det europeiske mennesket som kjenner seg heva over all rasisme, til ein «kvit» identitet som skal sjå seg sjølv som ein undertrykkjar forma av kolonial fortid, kan lett slå feil.

Populariseringa av omgrepet «kvitleik» undergrev det universelle i oss og definerer oss som rasevesen. Vi vert oppmoda om å sjå oss sjølve i ljos av hudfargen, som no skal pressast heilt inn i sjela og ned i det undermedvitne, slik at det vesentlege ved oss vert «rasen», då på toppen av «kjønnet» og «alderen», slik at det personlege i oss – det vi mest av alt er, det einaste som kan vere basis for at ulike menneske kan leve saman i fred – vert kvelt.

Det er ikkje sikkert at dette er vegen til frelsa, og du vil kanskje ikkje like det som kjem etter Europa.

Dag og Tid, 3. juli 2020.

Forside >Journalistikk >Den store antirasistiske vekkinga som heim­søkjer landet vårt