MENY

Forside >Journalistikk >Protesten mot samtida

Protesten mot samtida

Alle elskar Lars Saabye Christensen. Lista over prisane og utmerkingane han har fått, er så lang at ein lyt ta kaffipause midtvegs for å kome gjennom. Den høgsthengande litterære prisen i Norden, Nordisk råds litteraturpris, fekk han i 2002. Det er vanskeleg å kome på ein pris han ikkje har. Til og med filmfolkets Amandapris har han, som manusforfattar, og Spellemannprisen er han vorten nominert til som tekstforfattar til albumet Et stille sted med Maj Britt Andersen.

Dessutan er han riddar av den franske Ordenen for kunst og litteratur, og kommandør av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden. Her vert han overgått av Jon Fosse, som òg er St. Olavs-kommandør og fransk riddar, men av Den franske nasjonale fortenestordenen, som står eit trinn høgre enn riddarordenen til Lars.

Produksjonen hans tel kring 70 titlar. Forutan romanane er det fleire diktsamlingar, novellesamlingar, drama, barnebøker og memoarar. Mellom desse er sjeldsynte suksessar som Beatles og Halvbroren, som er selde i meir enn 200.000 eksemplar i over tjue land.

Eg har leita lenge etter ei innvending mot noko skjønnlitterært han har skrive, men utan å finne noko nemneverdig. Eg trur han er så høgt elska fordi han skriv klassiske forteljingar som lesaren kjem fort inn i og slepp seint ut av. Korleis går det eigenleg med dei fire gutane i Beatles? Det får du ikkje vite før 800 sider seinare. Går det godt eller gale med Maj og Jesper og dei andre i Byens spor? Det får du ikkje vite før på slutten av tredje band, 1500 sider seinare, slik at du har seriøs underhaldning utan skjermar i vekevis, berre det er ein innsats for folkehelsa som gjer forfattaren fortent til ein riddarorden.

DÅ EG I UNGDOMSÅRA las Tolstojs Krig og fred, fekk eg kjensla av å vere komen inn i ei anna verd som gav meg stor glede, og som eg ikkje kunne sjå slutten på før eg brått oppdaga at det berre var hundre sider att av det tredje og siste bandet. Då tok eg til å lese sakte for å utsetje tomleiken etter ferdig lesing.

Dette slepp den som tek fatt på forfattarskapen til Lars Saabye Christensen. For dei tjukke bøkene krev så lang lesetid at forfattaren rekk å skrive ei ny før ein er ferdig med den gamle. Slepp ein likevel opp for Christensen-romanar, kan ein gå over til filmatiseringa av dei.

Romanane hans er klassiske ikkje berre fordi dei er tilgjengelege forteljingar, men òg fordi dei samstundes er underhaldande og undersøkjande på eit reint menneskeleg, eksistensielt plan. Denne forfattaren er medvite upolitisk og hatar politikk. Det er ikkje fordi han foraktar livet kring seg, men fordi politikken ofte sperrar for så vel utsikta til verda som innsikta i menneskelivet og menneskesinnet. Det politiserte blikket ser berre «saker», ikkje menneske.

Likevel finn ein krasse, politisk ukorrekte utsegner i ei rekkje av Christensens romanar, utan at kritikarar og lesarar finn grunn til å påtale det. Dette politiske ukorrekte ser ein til dømes i beiske kommentarar til korleis nokre norske journalistar ville avdramatisere terrordrap ved å peike på at fleire menneske døydde i trafikken enn i terroråtak. I ein forfattarkommentar i Byens spor vert trongen til å skjøne terror som utslag av at storsamfunnet støyter ut framande, kalla falsk humanisme og kvitvasking av mord på uskuldige.

LARS SAABYE CHRISTENSENS sterke ord på vegner av dei alminnelege offera for terror heng saman med omfamninga hans av nett det alminneleg menneskelege. Denne omfamninga er programmatisk uttrykt i setninga: «Det alminnelige er sant», henta frå det siste bandet av Byens spor. Det er i den breie og langsame skildringa av det alminnelege mennesket romanane til Christensen får sin appell, for folk kjenner seg att også i avgrunnane i det alminnelege, for som vi veit, er ulukke, kjærleikssorg, sjukdom og død alminnelege ting.

Så sjølv om romanane hans handlar om det alminnelege livet, er dei ikkje idyllar. Det endar ille med mange av hovudpersonane i forfattarskapen. Alt i den tidlege romanen Beatles gjekk det gale med Kim, som hamna på det psykiatriske sjukehuset på Gaustad. Same plassen endar Jesper på i Byens spor. Jokum i Magnet hengjer seg etter nesten 800 siders liv.

Ein kunne nesten seie at det alminnelege livet hos Christensen frå starten av set kursen mot galehuset eller renneløkka. Det er eit paradoks i ein forfattarskap der det alminnelege livet vert så muntert skildra. Det er ein slange i det saabyeske paradiset.

Granskar vi ungdomsportrettet av Lars Saabye Christensen frå 1977, då han som 24-åring fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for Historien om Gly, ser vi ein venleg, glattraka svigermorsdraum utan andre faresignal enn eit uforholdsmessig stort og fargerikt slips.

OPP GJENNOM ÅRA ser vi nye versjonar av dette harmoniske og elskverdige, danna andletet til ein mann som ein ikkje kan tru kunne kjenne vonde tankar. Men etter kvart, mest umerkeleg, endrar andletet karakter. Det veks fram eit lite hakeskjegg. Fyrst berre som ei smålåten gløymske, ein kan tru han berre har lagt att barberhøvelen. Så endrar skjegget karakter og vert tilspissa. Det tek år, men til slutt er det klårt utforma som fippskjegg, slik at den venlege ungdomen frå syttiåra framstår som den livaktige Mefistofeles.

Det alminnelege, det snille og gode, prisraset, suksessen, den enorme populariteten må med åra ha vorte ei bør for denne forfattaren. Det kan ha skjedd fordi den tida vi lever i, går gjennom svære endringar i stigande tempo, medan Lars Saabye Christensen har nekta å vere med på denne reisa.

Han har i femti år halde fast på dei grunnleggjande verdiane sine om eit liv og eit samfunn prega av nærleik mellom menneska, lokal identitet og tid til å leve eit skikkeleg liv. På fleire vis var ungdomsopprøret i 1960- og 1970-åra ein protest mot eit tilvære styrt av teknologi og pengar, og den som til liks med Christensen held fast på denne protesten som for femti år sidan gjekk for å vere venstreradikalisme, verkar i dag brått konservativ, ein forsvarar av tradisjonar og tapte tider. Så kallar han seg òg ein anakronisme, ei klokke som går feil.

I denne konservatismen ligg eit forsvar for det alminnelege menneskelege i ei tid som vil endre på alt, også på sjølve mennesket, like ned i kjønnet og arvestoffet, så det trugar med å gjere oss til ein ny art. Denne posisjonen utanfor tida kan ha vekt trongen hos denne forfattaren til å tre inn i romanane sine og ut i verda med ein større heilskap som omfattar det ekstraordinære, det upassande og farlege. Såleis trer Lars Saabye Christensen personleg inn i det siste bandet av trilogien Byens spor (2017–2019) med beinmergskreft, dødsstempel og avvikande politiske kommentarar.

Eit anna teikn på denne trongen til protest var essayet og føredraget med tittelen «Den frie litteraturen er truet» frå 2017. Eg trur det er det einaste essayet han har skrive. Det kan lesast som ein skarp kritikk av samtida, og det kan representere ein understraum i forfattarskapen. Så då eg tok kontakt med Lars Saabye Christensen om denne samtalen for Dag og Tids lesarar, sa eg at det var dette føredraget og dei sakene det tok opp, eg ville snakke med han om.

UTGANGSPUNKTET HANS i føredraget er at litteraturens fridom er komen under aukande press og trugsmål frå eit krav om at ingen må verte krenkte eller fornærma av det forfattaren skriv. Hovuddømet hans er Rushdie-saka frå 1989.

I den norske debatten etter Khomeinis fatwa eller dødsdom mot forfattaren Salman Rushdie på grunn av romanen Sataniske vers, sa filosofen Arild Haaland til Arbeiderbladet 23. februar 1989 at «forfattere som ikke viser respekt for andres religion får finne seg i å få en kniv i magen», og professoren Egil A. Wyller skreiv i same avis eit ope brev til forlagssjefen i Aschehoug, William Nygaard, der det heitte at «det er en menneskerett å bli beskyttet mot infamiteter», og at «deres skjønn må veie tyngst som ordene går ut over», «dvs. at når muslimer over hele verden, tusenvis bare i Oslo, går ’mann av huse i voldsomme og spontane gateopptøyer’, måtte man utsette utgivelsen av romanen på norsk, eller be Rushdie om først å stryke de krenkende passasjer», eller «avstå fra utgivelse».

HEILT ANNLEIS ser Lars Saabye Christensen på det. I essayet kalla han dei som demonsterte mot Rushdie, for «agelastar» – menneske som ikkje ler, og skildra demonstrasjonen som «tre tusen fundamentalistiske anmeldere som marsjerer gjennom Oslos gater våren 1989 og krever Salman Rushdies hode på et fat».

Han tenkjer reint prinsipielt og ser korleis Rushdie-saka sette ein standard som fleire tiår seinare vart ført vidare i krenkjehysteriet ved mange amerikanske universitet, der «Dante må utstyres med advarsel: ikke for sarte sjeler». Mange av dei nye studentane vart traumatiserte av å høyre meiningar dei ikkje sjølve delte, og tolte ikkje å lese bøker som vitna om verds- og menneskebilete frå ei ein anna tid. Eldre kunstverk som kunne tolkast som «kvinneundertrykkjande» eller «rasistiske», vart fjerna frå universiteta, og sidan har vi sett denne biletstorminga på begge sider av Atlanteren.

Eit nytt steg i denne reinsinga av samfunnet, vil eg føye til for eiga rekning, kom då det ikkje lenger var nok ikkje å vere kvinneundertrykkjande, rasistisk eller liknande. I kampanjen sist sommar for å dele opp menneska etter hudfarge var eit av slagorda: «Silence is violence.» Det vil seie at den som ikkje ope og tydeleg stiller seg på sida til den nye antirasistiske rørsla, driv rasistisk vald med tagnaden sin. Frå no av må du vedkjenne deg trua di, og det må vere den same trua som dei andre har.

Lenger vekk frå personleg og kunstnarleg fridom og originalitet er det knapt mogeleg å kome, men det var mange forfattarar og biletkunstnarar som knelte i flokk i denne nygamle kulten.

Det er i denne samanhengen ein må lese essayet til Lars Saabye Christensen frå 2017. Under så sterkt press er det naudsynt å ta eit standpunkt mot massetenkinga, også for ein forfattar som hatar politikk, helst ikkje snakkar om politikk og ikkje skriv i avisene. Det politiske åtaket mot den personlege fridomen, den nye moralismen som vil reinse sinn og samfunn for alt som ikkje passar dei høgrøysta, trugar den frie litteraturen: Forfattarane vik unna det dei trur kan krenkje andre, ikkje av etiske grunnar, men for ikkje å utsetje seg for noko som kan likne lagnaden til Salman Rushdie, og då gjeld det ikkje berre islam, men alt upassande. Vinn slik varsemd fram, har vi ikkje lenger ein litteratur.

Men ønsket om å snakke om dette føredraget fell i fyrste omgang ikkje i god jord.

CHRISTENSEN: Eg mislikar sterkt å snakke om politikk så lenge det ikkje er enkle og konkrete saker som til dømes samferdsle, innkjøpsordninga eller røykjelova. Eg merkar ein kulde, eller snarare eit ubehag, senke seg over kvar einaste sosial samanheng når praten kjem inn på terror, innvandring, konservatisme, islam, karikaturteikningar og tradisjonar. Men for å markere ein ståstad: Eg er i midten, som tek til å verte ein ganske einsam stad, og ser med avsky til begge ytterkantar. Eg har ein sterk uvilje mot ekstremisme, eg toler det ikkje. All overdriving i livet er meg imot. Berre i kunsten er ekstremismen ønskeleg.

Eg er modernist, eg trur på framsteget, opplysninga, eg trur på skiljet mellom politikk og religion. Religion er til «innvortes bruk», som det heiter. Men samstundes kjenner eg meg framandgjord, eller utanfor, som vi sa då eg var ung, vi treng ikkje seie kafkask, vi kan seie obstfeldersk. Eit av førebileta mine er den danske kunstnaren og humoristen Storm P., som eg voks opp med. Far min, som var dansk, hadde eit heilt bibliotek med Storm P.-bøker, og der lærte eg om den humanistiske humoren. Storm P. var ein pioner i stumfilm og teikneseriar, samstundes som han verkeleg var utanfor i den nyare og umenneskelege teknologien, ikkje minst var han plaga av utviklingsfarten. Eg kjenner meg att i dette. Eg vil stikke kjeppar i desse hjula som snurrar for snøgt.

Aversjonen min mot ekstremisme og overdriving har fått meg til å leggje vekta på verdien av det alminnelege. Eg trår etter det alminnelege som etter ein draum. For i det alminnelege ligg eit vern for noko så gamaldags som det borgarlege mennesket. Ikkje borgarleg i politisk eller eksistensiell meining, men i samfunnsmessig meining: at ein fylgjer spelereglar vi er blitt samde om, aksepterer ein balanse mellom å yte og å krevje, godtek å tape eit val, men handsamar taparen med respekt når ein sjølv vinn, altså fyrst vere borgar som styrkjer samanhengskrafta i eit samfunn, så kan ein i andre rekkje vere veganar, kristen, muslim, buddhist, heidning eller aktivist.

SKAGEN: Men dermed plasserer du deg i opposisjon til ei tid då alt er politisert og polarisert. I dag blir ein mindre og mindre definert som menneske, meir og meir som politisk dyr. Ein vert plassert politisk ut frå matvanane sine og synet sitt på influensa. Et ein kjøt, er ein klimagangster, er ein for nedstenging av samfunnet mot pandemien, vert ein sett på som normal og merkeleg nok liberal, er ein imot nedstenging, vert ein like paradoksalt knytt i hop med høgreekstremistar. Eg oppfattar deg slik at det er denne politiseringa av heile livet du protesterer mot, fordi ho tvingar alt ut i ytterkantane.

CHRISTENSEN: Det er klart at essayet mitt var politisk i denne vidare meininga at det avviste nett dette at «alt er politikk», ein tung arv frå radikalismen i 1970-åra. Mest av alt ville eg råke ei tidsånd, som det vart kalla før i tida, den stemninga og tendensen som er tida sin signatur. Det som pregar samtida vår, er at samfunnet er blitt så skøyrt at usemje er eit trugsmål. Difor vert alt omskrive. Ein freistar å skjøne og forklare terrorisme og massemord på uskuldige og kallar dette for toleranse, medan det heller er uttrykk for redsla for å tenkje og handle adekvat for å verne offera. Ein baktalar sin eige nasjon og sivilisasjon og kallar sjølvhatet for humanisme og solidaritet med undertrykte. På mange område er det ekstreme vorte det normale, som til dømes når ein i framlegget til ny barnelov seier at ein bør utelate ord som bror, syster, mor og far, og skriv desse orda i hermeteikn, som om det ikkje lenger finst mødrer og fedrar og sysken. Røynda vert forkludra av slike hermeteikn.

SKAGEN: Politikken har vorte kulturkrig. Det eigenleg politiske handlar om korleis vi skal innrette samfunnsstyringa, korleis folkestyret skal organiserast, om det skal vere meir lokaldemokrati eller mest sentralisert statsmakt, om undervisingssystemet skal vere fritt, offentleg eller privat, om kapitalen skal styrast eller vere fri, og i kva mon det eine eller det andre – alt dette er politikk, og dette vert i grunnen mindre diskutert enn før, kanskje med unnatak av lokaldemokrati og sentralisering. Men svært mykje av politikken går no for eigen maskin utan innvendingar frå nokon, medan mykje av den politiske kampen er vorte flytta over på kulturfeltet. Her slåst vi no på turre nevane om kjønnssaker, fleirkultur, likestilling, innvandring, bioteknologi og så bortetter, og fordi alt er vorte politisert, er det aldri snakk om å nå fram til røynda, nett som du seier, men om å nedkjempe motstandaren med alle middel, gjerne med politisk stempling og utdefinering i form av skjellsord som rasist, fascist, nazist. Det er ikkje heldig, for det råkar det kulturelle mangfaldet.

CHRISTENSEN: Det har eg sjølv opplevd, særleg i samband med eit intervju med meg i A-magasinet i 2015. Dette var like etter det koordinerte terrorangrepet i Paris 13. november, der jihadistar drap 118 menneske på ein konsert i Bataclan-teateret. Eg kjenner ingen sympati med mordarar med «brennande hjarte» og maskingevær, eg sympatiserer med vanlege ungdomar som trivst i lag med kvarandre og går på konsert i flokk. «Man kan bli så tolerant at man utsletter seg selv, man kan bli så god at man nesten blir slem», sa eg visst. Med det meinte eg at den godskapen som tolererer det vonde, sjølv er vond, og dessutan hyklersk. Dersom du er på eit politisk møte og nokon tek til å snakke om «saka», då skal du straks verta mistenksam og gå.

Eg syntest eg ordla meg sakleg, om det massive, konstante moralske presset om å vere god, raus, gåvmild, solidarisk, som eg trur slit ut alle som ikkje er høgtlønte for å vere gode. Eg sa samstundes at venstresida ikkje talar folks sak lenger, men heller baktalar folk. Menneska er jo for det meste snille, tolerante og hjelpsame, så kvifor skal vi så ofte framstillast som egoistar, undertrykkjarar og rasistar? Eg har aldri fått så mange skjellsord slengde etter meg.

SKAGEN: Men er ikkje dette noko forfattarar må ta høgd for når dei går mot straumen?

CHRISTENSEN: Jo, og mi røynsle er berre ein søndagstur i høve til det andre kan oppleve. Men det er ikkje berre eit sakleg, det er også eit ideologisk og demokratisk problem når ein deler folk inn i gode og vonde. Det er denne opprustinga eller væpninga i språket igjen, som sjølvsagt kjem av den politiske og kulturelle polariseringa. Det eg reagerer på, er at ein må oppfylle alle «krav» for å bli godteken som eit anstendig menneske. Ein lyt krysse av alle rutene i skjemaet, ha alle dei rette standpunkta, kjenne på dei same kjenslene og instinkta. Særleg mislikar eg sjenerøsiteten med å dele ut fobiar til andre. Det å setje ein diagnose på dei som er usamde, har ei stygg historie. Eg meiner denne tidsånda er totalitær og ekstrem. Vi blir ekstremismens gislar og slepp berre fri om vi sjølve vert ekstreme.

Det må gå an å ha eit moderat eller konservativt syn på saker som innvandring, nasjonalitet, nasjonsgrenser og liknande, såkalla kontroversielle saker, utan å bli klassifisert som reaksjonær. Konservatismen kan vere solid forankra i ein humanistisk tradisjon, og folk må lære seg av med å verte opphissa over andre tankar enn dei radikale. Eg skjønar ikkje heilt kva som går av folk på dette området. Trur ein verkeleg at ein sit inne med den siste sanninga på alle felt? Skal den offentlege samtalen verte erstatta av ein kronisk rettargang? Kvar trur ein dette skal ende? Eg trudde aldri eg skulle bli eldre i eit samfunn med eit slikt åndeleg klima. Det var jo nett dette vi opponerte mot, mot dei pripne, dei gjerrige, dei keisame, dei tåpelege, moralistane, dei lukka og personleg ufrie. Her vil eg oppgjeven sitere den danske forfattaren Søren Ulrik Thomsen, som seier det enkelt og sant: Det gjeld å la seg berike utanfrå og samstundes vere tru mot seg sjølv. Det eg skriv, skal overdøyve det eg meiner.

SKAGEN: At ein møter motstand når ein fremjar avvikande synspunkt, er ikkje noko nytt i historisk perspektiv, men det er i ei viss meining nytt for mange i vår generasjon. Dei venstreorienterte ungdomsopprørarane i 1960- og 1970-åra vande seg til at motstanden var svak og ufarleg, for då var all den intellektuelle krafta på venstresida. Motstandarane, dei konservative og tradisjonsvaktarane, tilhøyrde ein utdøyande art. Det var lett å vere motstraums fordi motstraumen var så sterk. Men no er situasjonen ein heilt annan. Den opposisjonelle venstresida har vunne fram på det kulturelle området når det gjeld alt som har å gjere med kjønn, likestilling, innvandring, fleirkultur, skule, kyrkje, nasjon, i grunnen alt anna enn politikk og økonomi. Det som for 40–50 år sidan var eit ungdomsopprør, er i dag som ein lukka klubb der alle viktige kulturelle synspunkt blir delte av nesten alle innanfor dei politiske partia, pressa, kyrkja og akademia. Den som set seg opp mot denne klubben, har det vanskelegare enn opprørarane i 1970-åra. Ein kan kome til å måtte betale ein pris for det, og dette gjeld også kjende forfattarar.

CHRISTENSEN: Ja, ein lyt vega orda sine, og det er i og for seg vel og bra, men det er skilnad på den personlege samtalen og litteraturens samtale. I det personlege skal vi etterstreve høvisk framferd, innleving i andre, vidd, toleranse, men i litteraturen lyt vi vere fritekne frå slik skikk og bruk. Det er knapt til å tru at det er blitt naudsynt hos oss å forsvare litteraturens fridom og den alminnelege, personlege fridomen til mangfald og åleinegang i idéverda. Også retten til å teie. Alle må kunne få velje sin eigen måte, sin eigen strategi i tilhøvet til verda.

Tidlegare var det reaksjonære vestkantfruer som kravde åtvaring på rockeplater dersom tekstane var vågale, no er det studentar på venstresida som vil ha åtvaringar på romanar som kan provosere og skake lesaren. Ein ser det same i diskusjonen om den såkalla «røyndomslitteraturen». Forfattarar har då alltid brukt sitt eige råstoff i diktinga, men dersom det private står i sentrum, er det ikkje litteratur lenger. Eg har freista å fange inn dette i diktet «I verste meinings tid» frå diktsamlinga mi Kargo.

Det har skjedd noko merkeleg her. Ein hyllar dei som blottar og utleverer sitt eige privatliv, samstundes som samfunnet blir meir og meir puritansk. Det er noko dobbelt her som eg ikkje heilt klarer å gjennomskode. Naturen skal vere urørt, men mennesket kan ein fikle med som ein vil. Tenåringar og born ser porno på telefonen, og litteraturen skal liksom vere høfleg. Kvifor skal kunsten vere så høvisk i ei tid som elles er så brutal? Kvifor ikkje omvendt?

SKAGEN: Då forstår eg deg slik at tinga ikkje lenger står i noko rimeleg forhold til kvarandre, til dømes slik at det blir eit svært medieståk når ein professor ved Universitetet i Bergen spøkjer med tyske turistar og seier at tyskarane har vore her før, medan vitskapen forskar på korleis vi kan gripe inn i arveanlegga til mennesket, eller kanskje, om ikkje så lenge, flytte reproduksjonen frå kroppen til laboratoriet, utan noko særleg oppstuss.

CHRISTENSEN: Ja, tidlegare risikerte ein at folk ikkje lo når ein fortalde ein blaut vits, verre var det ikkje. No kan ein få sparken. Verda vert snudd opp ned utan at nokon blunkar, men om nokon seier eit stygt ord, skrik alle opp. Samfunnet er blitt hysterisk i så måte. Vi overreagerer kanskje på mindre saker, fordi vi ikkje får gjort noko med dei store. Det er uroande med opphissing over detaljar kombinert med fortrenging av det viktige. Eg trur det må vere eit svært trykk like under overflata som kan kome til syne i utrivelege former. Førebels ser ein det på nettet, ein stad eg heldigvis ikkje er. Hysteriet når det gjeld annleis tenking, og den språklege tåkelegginga av røynda, tyder på at samfunnet er kome inn i ein skøyr fase der kva som helst kan skje, og der det einaste vi veit om det som kjem, er at det vil vere uventa.

Dag og tid 22. januar 2021.


RETTING

I intervjuet mitt med Lars Saabye Christensen i Dag og Tid 22.01 er det kome med ei misforståing. Det står i intervjuet at i framlegget til ny barnelov (NOU 2020:14) vert ord som «bror, syster, mor og far» skrive «i hermeteikn som om det ikkje lenger finst mødrer og fedrar og sysken». Dette er ikkje rett. Det står i kapittel 9.1.4 om lovas terminilogi at utvalet som har laga lovframlegget har som sitt «primære standpunkt» at «barnelovens terminologi bør være kjønnsnøytral, og at loven ikke lenger gjør bruk av ordene ‘mor’, ‘far’ og ‘medmor’ og heller ikke bruker ordene ‘kvinne’ og ‘mann’», men desse hermeteikna vert ikkje nytta elles i lovframlegget, og nyttes heller ikkje i kapittel 9.1.4 i relativiserande meining, men for å markera omgrepa.

Kaj Skagen

Forside >Journalistikk >Protesten mot samtida