MENY

Forside >Journalistikk >Vert Trump feia vekk av valskred for Biden eller berga av usynlege veljarar?

Vert Trump feia vekk av valskred for Biden eller berga av usynlege veljarar?

Skjermdump fra «FiveThirtyEight

Komande onsdag står mange av oss opp i otta og vel så det for å fylgje oppteljinga av røystene for og imot Donald Trump. Det er som om dette amerikanske presidentvalet berre handlar om han.

Nett som i 2016 breier han seg og skryter på folkemøte omgjeven av ihuga tilhengjarar, medan motkandidaten hans liknar eit skrømt som ender og då sviv forbi på skjerm og i smitteverna valmøte med lite folk. Mange av dei som røystar på Joe Biden, gjer det ikkje fordi dei så gjerne vil ha han i leiinga av USA, men for å få bort Trump.

Ein skulle tru det var den galne oransjemannen som låg an til å få valskredet, men slik er det ikkje, etter det dei fleste meiningsmålingane syner. Nettsida FiveThirtyEight, leidd av statistikaren Nate Silver og rekna for å vere den tryggaste kjelda for amerikansk meiningsmåling, heldt så seint som tysdag Joe Biden som skyhøg favoritt. Dei hadde Biden 9,2 prosent føre Trump, då som eit snitt av utvalet sitt av amerikanske meiningsmålingar.

KVALIFISERT VURDERING
I deira eiga vurdering av det komande valet, tufta på kvalifiserte vurderingar og 40.000 datasimuleringar av valet, ligg Biden an til å vinna 344 valmenn mot Trumps 194 i kollegiet som vel USAs president, og der 270 er nok til å vinna. Ser ein på forventa røystetal i heile USA, utan omsyn til valdelegatane som vart valde i delstatane kvar for seg, trur FiveThirtyEight at Biden vil vinna over Trump med 7,9 prosent. Det gir Biden 87 prosent sjanse til å verte den nye presidenten, medan Trump har berre 12 prosent sjanse til å få «four more years», som kjerneveljarane hans skrik på møta.

Vi snakkar då om eit valskred for Biden. Om dette er vitskap, må vi for vitskapens skuld vona at Biden vinn. Men ei meiningsmåling er ikkje presis vitskap. Ho kviler på tal og empiri, men også på gissingar og intuisjonar, og er utsett for overraskingar. Favorittar kan tape, dei som er dømde til nederlag, kan slå til og vinna, nett som i sporten. Pressedekninga av presidentvala har vorte kalla «hesteveddelaupsjournalistikk», mellom anna på grunn av denne likskapen mellom politiske meiningsmålingar og veddelaup.

I 2012 hamna det mest røynde firmaet for meiningsmålingar, Gallup, på bærtur då dei undervurderte støtta til Barack Obama, som vann presidentvalet med ein margin på 4 prosent. Rett nok hadde Gallup motkandidaten hans, Mitt Romney, berre 1 prosent føre Obama rett føre valdagen, men ei veke tidligare hadde dei Romney 5 prosent føre Obama, ein bom på 9 prosent.

I Gallup meinte dei resultata var så dårlege at dei lét vere å gjere meiningsmålingar for presidentvalet i 2016; dei nytta i staden ressursane til å finne ut kor feilen hadde lege, skreiv Steven Shepard i The Atlantic 4. juni 2013.

Undersøkinga lokaliserte fire område der det truleg låg an til store mistak. Det fyrste var vurderinga av likely voters, altså kven av dei spurde som faktisk kjem til å stemma. Her hadde Gallup bomma med 4 prosent under valet i 2012. Dei andre feilkjeldene kunne ligge i ei dårleg fordeling av intervjua mellom geografiske område, og skeivt utval når det gjeld etnisitet og alder, kort fortalt slik at ein på ulike vis spør eit utval veljarar som ikkje er representativt for dei som faktisk kjem til å stemma.

TENKESETT
Meiningsmålarane må såleis sjølve treffe nokre val om kven dei spør, og atter kven av desse som skal reknast med, før dei får resultatet sitt, og her kan det vere at dei ikkje føresåg publikum skikkeleg. Dess meir uvanleg og oppheta den politiske situasjonen er, dess meir uføreseieleg vil folks røystegjeving vere, og dess lettare vil meiningsmålarane hamne på slike bærturar som Gallup hamna på i 2012. Det såg vi i 2016 med den burleske Donald Trumps opptrinn på den politiske scena, då det var utenkjeleg for både pressa og meiningsmålarane at han kunne vinna. Då slo tenkesettet til statistikarane ut i feil på statistikken.

I dag reknar mange med at hovudårsaka til at det vart sett for høge tal på Hillary Clinton i delstatane Wisconsin, Michigan og Pennsylvania i 2016, der Trump vann med ein samla margin på berre 80.000 stemmer, var at dei ikkje tok omsyn til at veljarar med lågare utdanning ville røyste meir republikansk enn veljarar med høgare utdanning.

Det vert sagt at no er denne feilkjelda retta opp. Men i ein artikkel i New York Times 12. mai 2020 skriv Nate Cohn at 20 prosent av meiningsmålingane i 2016 tok omsyn til utdanningsskilnaden, og at berre 46 prosent tek omsyn til han i dag. Med andre ord hadde halvparten av meiningsmålarane ennå ikkje retta denne feilen. I tillegg krev ei så uroleg tid i politikken som denne meir av meiningsmålarane enn elles når det gjeld å skjøna rørslene i veljarmassen.

Uroande kan det også vere å gå utanfor dei meiningsmålarane som gjennomsnittet på nettsider som FiveThirtyEight og RealClearPolitics bygger på. Ser ein til dømes på tala for kor mange som ser med blide augo på Trump som president, spriker dei frå 41 prosent hos Gallup til 52 prosent hos RasmussenReports, som sjeldan er teke med på populære snitt.

AVVIKANDE MÅLINGAR
FiveThirtyEight meiner at Rasmussen har 3,9 prosent partiskheit til republikansk fordel, trass i at dei trefte best av alle under valet i 2016. Likevel kan Rasmussens daglege tal på populariteten til Trump gje eit godt bilete av korleis stemninga i USA i dei siste dramatiske vekene gikk til botnen for presidenten då han vart råka av covid-19, og særleg av kritikken av den nye kandidaten til høgsterett, Amy Coney Barrett. Frå høge tal på kring 50 prosent midt i september sokk Trump til 44 prosent, ei av dei lågaste målingane i heile presidentperioden. Men etter at han vart friskmeld frå sjukdomen, og Barrett gjorde ein god figur i senatshøyringane, steig han atter frå midten av oktober til det høgste talet nokosinne, 52 prosent.

Ein annan avvikande meiningsmålar er Trafalgar Group frå Georgia, som i 2016 var dei einaste som føresåg at Trump ville vinne Michigan, og ein av få som fekk rett i Pennsylvania. Gruppa reknar inn «løynde Trump-veljarar, det vil seie at dei trur at mange konservative veljarar ikkje vil vere ved at dei stør Trump, og difor svarar falskt på meiningsmålingar eller vel ikkje å svara.

I artikkelen «Trump supporters aren’t ’shy’, but polls could still be missing some of them» på FiveThirtyEight 23. september 2020 avviser Geoffrey Skelley at dette talet kan vere særleg stort. Han syner til at ei Morning Consult-undersøking hadde fått svar hos omtrent like mange Trump-veljarar over telefonen som på nettet. Ei anna undersøking utført av IBD/TIPP 9. februar 2020 synte at 20 prosent av veljarane helst ikkje ville seie kven dei skulle røyste på.

«BLYGE» TRUMP-VELJARAR
Eit anna teikn på at det kan vere fleire «blyge» Trump-veljarar enn ein trur, er at mange undersøkingar syner at fleirtalet av amerikanarane trur at Trump vil vinna valet. Gallup fann den 1. oktober 2020 oppsiktsvekkjande at 56 prosent trur Trump vil vinna valet, medan berre 40 prosent trur på Joe Biden, og som vi veit, har folk ein tendens til å tru at kandidaten deira vil vinna.

I eit intervju på den konservative fjernsynskanalen Fox News 21. oktober 2020 sa leiar i Trafalgar Group Robert Cahaly at han reknar den løynde Trump-understraumen for stor nok til at Trump vil vinne valet, kanskje med stort fleirtal, særleg fordi opptøyane i USA gjennom sumaren har gjort mange konservative veljarar nervøse for å nemne at dei stør Trump. Dei løyner at dei vil røyste på han av redsle for at det på ein eller annan måte skal verte kjent, slik at dei sjølve skal verte sosialt utstøtte eller trua.

Dette høyrest kanskje urimeleg ut, men det kan også seie noko om kor drastisk konflikten mellom folkegruppene i USA er blitt. Trafalgar Group seier at ein for å få korrekte meiningsmålingar i USA nå, må avdekkje veljarsympatiane på eit vis som ikkje skremmer folk frå å svare rett, og at ein då må kartlegge understraumar i veljarmassen gjennom spørsmål som ikkje direkte involverer Trump.

Så der står saka, så onsdag morgon må vi opp før avisbodet. Sjølv ikkje ei Biden-leiing på eit tosifra tal kan berga nattesvevnen.

Dag og Tid, 30. oktober 2020.

Forside >Journalistikk >Vert Trump feia vekk av valskred for Biden eller berga av usynlege veljarar?