MENY

Forside > Kommentarer >Boosterdosen (24. desember 2021)

Boosterdosen (24. desember 2021)

Køen inn til det nedlagde Sentralbadet i Bergen er glissen og lang. Vert han lengre, endar han i sjøen der hurtigruta går.

Dei fleste i køen verker herja og nedslitne. Mange er tynne i håret og litt opp i åra, slik som eg. Alle har masker som lyser kvitt fram frå grått hår.

Eg har gått hit for å få det tredje skotet med Moderna etter å ha vore blåsen hit og dit av motstridane kjensler og forteljingar. Vaksinane er dei fyrste av eit heilt nytt og revolusjonerande, genteknologisk slag vi ikkje kan kjenne langtidsverknadene av før det har vore testa i mykje lengre tid.

I ein kritisk situasjon har vi starta eit globalt eksperiment, der vi fyrst fleire år fram i tid vil kunne sjå om medisinen var verre enn sjukdomen. Dette gjeld både vaksinane og nedstenginga, både meg som person og samfunnet eg lever i.

Vaksinerer eg meg, stør eg eit storstila eksperiment eg er djupt skeptisk til. På kort sikt trur eg nedstengingane og vaksinane sparer oss for liding og død. På lang sikt? Då trur eg vi svekkjer fridom og sjølvstende, grunnverdiane i vestleg kultur.

Men etter eit nedstengt år med reiser og avtalar lagde på is, kom eg i tvil. Dei nye vaksinane er passet for reisa tilbake til normaliteten. Eg bestemte meg for å spørje to vener av meg til råds, begge røynde legar, og fylgje det rådet eg fekk. Eg kom fram til den eine. Han rådde til å ta vaksinen, og eg tok dei to dosane.

Då maset om den tredje dosen, boosterdosen, kom, slo eg det frå meg. Eg likar ikkje tanken på å verte avhenging av medisinske preparat for å kunne leve når eg i utgangspunktet er frisk.

Så kom omikron. Dei to skota eg har teke, vart verdlause utan eit tredje. Om nokre veker vert kanskje 300.000 smitta kvar dag, seier Folkehelseinstituttet. Alle får korona, eg får det. Media vart atter mitraljøser som fyrte av bilete av døyande pasientar. Kanskje er det nett vaksinen som skal fri meg frå tvangstanken om død og sjukdom?

Endå viktigare er det at eg vil treffe familie og vener utan frykt, og ikkje verte «spedalsk» i eit samfunn der berre fullvaksinerte vert rekna som anstendige menneske. Medan sjukeavdelingane vert fylte opp av uvaksinerte femtiåringar, bestiller eg time til tredjedosen.

Inntil vidare flyktar eg ut på landstaden vår i ei fjordbygd, der eg skriv på boka mi og ikkje talar med eit menneske, og umogeleg kan smitta eller verte smitta.

Timen til vaksinering på Sentralbadet nærmar seg, og eg køyrer inn til byen att. Eg går ut i god tid, men er ikkje sikker på om eg vil møte opp. Medan eg går omvegar ned til vaksinesenteret, ringer eg dei to legevenene mine. Ingen av dei tek telefonen.

No står eg i den vaksinekøen eg ikkje vil vere i. Langsmed går vektarar og ropar oss opp etter kva klokkeslett vi er vortne innkalla til. Dei er unge, høge og mørke og uniformerte i gule vestar og svarte munnbind. Dei slusar meg fram til ein tryggingskontroll mellom dei nedsarva murveggane som ser endå tristare ut enn sist.

Eg får kjensla av at eg skal inn i eit flyvrak som mirakuløst skal frakte meg bort. Plutseleg står eg framfor ei glasrute. Bak ruta sit ei maskert kvinne. Eg vert beden om å seie namnet mitt. Ho bøyer seg over ein tjukk, lefsete papirbunke. Namnet mitt blir kryssa av på lista, og eg blir vinka vidare.

Eg går aleine gjennom ein underjordiske tunnel med grå murveggar og lågt murtak som liknar ein forsømd fotgjengarundergang. På murgolvet er det limt plakatar med piler og orda: «Følg pilene!» «Pilene» er tråkka sund som gamle dørmatter, og skrifta er utydeleg.

Eg ser ingen andre. Har eg gått feil? Brått støyter eg på ein ny kontroll. To kvitkledde damer står bak ein pult. Dei har ikkje tid til anna enn tre–fire nakne spørsmål. Har eg hatt korona? Har eg forkjølingssymptom? Har eg vore i utlandet eller i nærleiken av ein koronasmitta, eller kjenner eg nokon i karantene? I eit glimt vonar eg å stryke til denne prøva og verte nekta tredjedosen, så slepp eg heile valet.

Den underjordiske gangen held fram. Eg haster vidare mot lagnaden min i djupet av labyrinten og kjem til ei ny sperring framfor eit stort avlukke med ti–tolv luker. Det liknar eit nedlagt postkontor, gjenopna i all hast.

Ein vektar peikar på luke 8. Her sit ei sjukesøster, som dei heitte i mi tid. Ho studerer sertifikatet mitt, men vil ikkje ta på det. Det ligg som ei daud rotte på ein kvit serviett som ho grip snippen av med tommel og peikefinger og trekkjer sakte til seg gjennom ei glipe under glasruta mellom oss. Ho skriv noko på en liten kvit papirlapp og dyttar han over til meg med eit strålande smil. På lappen står det «Moderna 1/2», det er boosterdosen, berginga mi frå kvelingsdøden.

Med Moderna-lappen i handa kjem eg inn i den gamle symjehallen der eg på slutten av syttiåra gjekk kvar veke. No er det lagt eit provisorisk golv over det gamle bassenget. Hundrevis av stålrøyrsstolar står i rekkjer på golvet. Bassenget er vorte til ein mellombels teatersal der vi sit rad på rad og glanar opp på scena, dei grøne steinhyllene der vi sat i badetøyet, og der det no står kvitkledde menneske som administrerer vaksinedosar og sprøyter.

Det sit menneske på nesten alle stolane over det gamle bassenget. Éin og éin reiser dei seg og går ut. Éin etter éin vert vi viste frå veggkøen til ledige stolar. Der sit eg då og gjer gode miner til slett spel. Det kjem ei ferm dame som trekkjer på ei vogn overfylt av alt slags helsegreier, og eg må tenke på det uniformerte kioskpersonalet som drog på berga av sjokolade, lefser, kaffi og aviser mellom stolradene på NSB-toga i ei tid som aldri kjem att.

Medan eg ventar på å verte stukken, les eg i Tove Ditlevsens Gift, den siste romanen i den danske forfattarens sjølvbiografiske trilogi, som har ein av dei sterkaste skildringane av narkomaniens helvete eg har lese. Det sluker meg med ei gru som gjer at eg ikkje merkar stikket.

Mens sprøytespissen vert sett i overarmen min, les eg om korleis den trettiårige Tove Ditlevsen skrumper inn til eit elda beinrangel gjennom års misbruk av morfin, petidin og andre smertestillande middel. Det får meg til å oversitte ventetida for allergisjokk, slik at ein av de kvitkledde oppe ved amfiet kjem ned og spør kor lenge eg har sete der.

Idet eg reiser meg og går ut gjennom ruinane av Sentralbadet, les eg ein diger plakat på veggen over meg: «TAKK FOR AT DU VAKSINERTE DEG!» Ingenting å takke for, tenkjer eg, for eg har ikkje vaksinert meg for menneskeslektas skuld. Eg har vaksinert meg av rein egoisme, for å minske min eige risiko for sjukdom og tidleg død, og for å kunne vere saman med familie og vener utan hindringar.

Eg slepp å vere spedalsk, men kjenner meg som ein svikar. Kampen mot viruset skaper eit angstprega samfunn av isolasjon og avstand, og vi kan verte hengjande i dette nettet for godt.

Endeleg kjem eg opp i dagslyset, og eg pustar letta ut. Hit skal eg aldri meir, trøystar eg meg med. Eg kryssar gata og blir ståande og lese overskriftene på ei middagsavis i eit stativ på fortauet, med kjempeoverskrifta: «Forskere advarer om omikron: Tre doser er ikke nok.»