MENY

Forside > Kommentarer >Ein varsla pandemi (22. mai 2020)

Ein varsla pandemi (22. mai 2020)

Livsførselen artar seg ofte som eit åtak på kroppen. Vi svekkjer motstandskrafta mot sjukdomar som covid-19, samstundes som vi er i krig med naturen utanfor oss, ikkje minst med dyra, både dei ville, som vi utryddar, og dei tamme, som vi utnyttar. Pandemien har ikkje råka oss tilfeldig. Vi har fått nett det vi bestilte.

Vi meiner no å vite at den nye sjukdomen covid-19 kjem frå eit virus som fann vegen frå ei bestemt gruppe flaggermus som lever i fjellholer utanfor Kunming, hovudstaden i Yunnan i Sør-Kina. Funnet vart gjort i 2015 av «flaggermuskvinna», som kinesarane kallar henne, den 55 år gamle virologen Shi Zhengli, utdanna ved universitet i Wuhan i Kina og Montpellier i Frankrike. Då hadde ho i fleire år leitt etter kjelda til sarsepidemien i Sør-Kina i 2003–04.

Eitt spor ho gjekk etter, var nipahepidemien i Malaysia i 1998–99, som hadde råka Søraust-Asia med noko over hundre dødsfall etter hjernebetennelse. Utbrotet hadde bakgrunn i nedbrenninga av svære areal i regnskogen i Indonesia i 1997. Skogsområda vart røyklagde slik at trea ikkje produserte frukt, og flaggermus som levde av frukta, emigrerte til frukthagar i Malaysia. Griser som åt nedfallsfrukt som flaggermusene hadde vore borti, og bønder som dreiv gardane, vart sjuke.

Ein annan leietråd i Shi Zhenglis jakt på kjelda til sarsviruset var spor i flaggermus på marknader i Guangdong, der sarsutbrotet tok til i 2002. I nær eit år fanga forskargruppa flaggermus med nett over holeopningane i fjella i dei fleste av provinsane i Kina, og tok prøver av blod, spytt og ekskrement frå dyra. I 2015 kom dei over ei gruppe koronavirus i flaggermus av hesteskonasefamilien, der gensekvensen var 97 prosent identisk med sarsviruset ein hadde funne i Guangdong under sarsutbrotet. Her, i flaggermusholene i Yunnan, var den naturlege kjelda for koronavirusa som skapte sarsepidemien.

VÅTMARKNADENE

Tidleg vart det sagt at koronapandemien starta på ein såkalla våtmarknad i Wuhan. Det verka truverdig, sidan også sarsutbrotet i november 2002 og fugleinfluensaen i 2013 var knytte til slike marknader, men òg til industrielt dyrehald prega av dårleg dyrehelse. Alt før det siste koronautbrotet vart desse marknadene, med nærleik mellom ville dyr, fjørfe og menneske, og med sal og slakt under lite hygieniske tilhøve, peika ut som gode tilhøve for virus til å flytte seg over artsgrensene.

Men ein rapport laga av kinesiske forskarar og publisert i The Lancet i januar 2020 synte til tidlege covid-19-pasientar utan tilknyting til våtmarknaden i Wuhan, som etter det kommentator i The Washington Post Josh Rogin skriv, ikkje hadde korkje flaggermus eller dei skjeldyra som vart sagt skulle ha vore mellomvert for viruset. Den sorten flaggermus som er kjelda til viruset som fører til covid-19, lever ikkje i Wuhan-området, men i Yunnan, 150 mil lenger sørvest.

Dimed har det vore fritt fram for andre hypotesar. Viruset kan ha kome ut mellom menneska i Wuhan gjennom ei arbeidsulukke på arbeidsplassen til «flaggermuskvinna», Wuhans institutt for virologi (WIV), som i 2015 fekk Kinas einaste laboratorium for virusforsking på høgste biologiske tryggingsnivå. Instituttet ligg berre ein halvtimes køyretur frå den namngjetne våtmarknaden.

På nettsida til aktivistorganisasjonen Grain, som særleg vil fremje eit landbruk med mindre einingar, vert det argumentert for at genetiske analysar av sars-cov-2-viruset, gjorde av forskarar ved Scripps Research Institute i San Diego i mars, syner at viruset på vegen frå flaggermusa truleg fann ein mellomvert i ein tett dyrebestand. På lista over moglege mellomvertar som forskarane sette opp, var villdyrbestandar som til dømes pangolinar, ein art som har vore under mistanke i media. Men med på lista var òg griser, og Grain unnlét ikkje å gjere merksam på at Hubei-provinsen, der Wuhan ligg, er eitt av dei fem største svineproduksjonsområda i Kina, og at det massive og nylege utbrotet av svinepest, som utrydda halvdelen av Kinas enorme bestandar av tamsvin, lett kan ha late eit mindre koronautbrot gå upåakta forbi.

NATURUTRYDDING

Vi veit ikkje om viruset stamma frå dissekerte og analyserte flaggermus på Wuhan-instituttet for virologi, frå slaktinga av fanga villdyr på våtmarknaden eller frå industrilandbruket. I alle høve stammar viruspandemien frå tilhøvet mellom dyr og menneske. Denne typen epidemiar startar med eit virussprang frå dyr til menneske, og dette spranget er knytt til øydelegginga av den ville naturen, som igjen heng saman med ekspansjon av urban busetjing, omgjering av villmark til store landbrukseiningar eller anna industriell utnytting.

Ein studie publisert av det britiske vitskapsakademiet The Royal Society konkluderer med at slik inntrenging i og reduksjon av villmark og livsområde for ville dyr, ikkje berre fører til tap av biologisk mangfald og reduksjon av villdyrbestandar, men òg aukar risikoen for overføring av virus frå dyr til menneske.

Slik er det samanheng mellom villmarksøydelegginga som berre dei siste 20 åra skal vere på ti prosent, eller to gonger Alaskas areal, og utbrot av infeksjonssjukdomar som har vore tredobla kvart tiår frå 1980-åra, og av desse 70 prosent virusinfeksjonar frå ville dyr. Etter dei tala vi får frå Verdsnaturfondet (WWF), har villdyrbestandane sidan 1970 minka med meir enn 50 prosent.

SJØLVSKADING

Samstundes svekkjer vi motstandskrafta vår mot sjukdomane vi kallar fram. Studiar har synt at luftforureining gjer covid-19 meir dødeleg. Ei forskargruppe i Cambridge fann samanfall mellom høge koronadødstal og område med høge tal for luftforureining i Storbritannia. Tyske studiar har synt det same for Tyskland, Italia, Spania og Frankrike. Ved universitetet i Århus vart det funne at menneske i dei luftforureina områda i Nord-Italia hadde endringar av immunsystemet som gjer at sjukdomar som influensa og covid-19 lettare får dødeleg utfall.

Det same gjeld dei såkalla «livsstilssjukdomane». Låg fysisk aktivitet, time etter time føre dataskjermane, innesitjande liv, dårleg kosthald og overforbruk av medikament, alkohol og andre rusmiddel undergrev helsa og aukar risikoen for overvekt, høgt blodtrykk, hjartesjukdom, hjerneslag, diabetes type 2, kols, artrose og fleire kreftformer, for å sitere ei oppramsing frå Store medisinske leksikon. Det vil seie alle «dei underliggjande sjukdomane» vi høyrer så mykje om i samband med dødstala knytte til covid-19.

GLOBALISERING

I tillegg kjem den moderne sivilisasjonens globale karakter. Ifølgje SSB gjorde nordmenn i 2019 heile 2,44 millionar reiser innan- og utanlands. Nordmenn i alderen 65–79 reiste 340.000 gonger. Alt i alt gjorde vi dette eine året 2,25 millionar flyreiser. For heile verda var talet på turistreiser i 2019 heile 1,5 milliardar.

Den hyperaktive reiseaktiviteten kjem saman med ein like sterk nedgang i fysisk aktivitet, for korkje arbeids- eller turistreisene hindrar oss i å vere kroppsleg passive. I alle aldersgrupper er det i Noreg langt under halvdelen som har eit fysisk aktivitetsnivå som Helsedirektoratet tilrår som eit minimum for å unngå helseskadar. Truleg er situasjonen like dårleg eller verre i heile den urbaniserte verda.

Kombinasjonen av stillesitjande levemåte og hektisk reiseaktivitet går att i den moderne internasjonale økonomien, som ikkje berre sender industriprodukt, men òg dyr, fór, plantar og matvarer – og dimed virus – på kryss og tvers av grenser og kontinent. Det lokale er snart berre ein stad der vi produserer eller administrerer det internasjonale. Dei gamle primærnæringane jordbruk, skogbruk og fiske, som for litt over eit hundreår sidan sysselsette halve folkesetnaden i landet, sysselset i dag om lag to prosent.

DET SÅRBARE

Det er sant at vi ikkje kan kome attende til fortida, og det kan vere gode grunner til å vere glad for det. Men vi treng ikkje fortrengja sanninga om samtida. Faktum er at nyare teknikk og økonomi gjer at vi som folkesetnad er blitt sårbare for sjukdomar som vert spreidde over heile verda.

Helseminister Bent Høie har varsla at pandemiar som den vi no opplever, «kommer til å skje med om lag ti års mellomrom». Det må ein tru er eit optimistisk anslag dersom vi held fram med å øydeleggje naturen gjennom det økonomiske systemet i verda og undergrave helsa gjennom leveviset vårt.