MENY

Forside > Kommentarer >Gisseldrama i kommentariatet

Gisseldrama i kommentariatet

Frykta for at auka smitte, særleg gjennom omikronvarianten av covid-19-viruset, skulle føre til overbelasting av helsevesenet, var før jul hovudmotivet for ei ny tilstramming av smitteverntiltaka.

Då vekerapportane frå Folkehelseinstituttet (FHI) synte at det var like mange uvaksinerte som vaksinerte på intensivavdelingane, låg slutninga nær at tiltaka ikkje ville ha vorte skjerpa inn att om dei uvaksinerte hadde teke vaksinen som oss andre.

Såleis fekk «dei uvaksinerte» som ueinsarta gruppe skulda for tilstramminga. Den moralske forarginga over dei ein meinte berre tenkte på sjølv å unngå å bli skadd av vaksinane, men ikkje brydde seg om andre som vart skadde av sjukdomen, var uvanleg sterk.

Helsebyråkratiet og regjeringa, som hadde gjort vurderinga og teke avgjerda, gjekk i stor mon fri. I staden vart skytset retta mot ei uklår samansetting av minoritetar langt frå samfunnsmakta: innvandrarar og ungdomar, marginale politiske miljø, pasientar hos naturmedisinarar og folk med eit alternativt orientert livssyn – for ikkje å snakke om dei som av ulike grunner sviv mellom liv og død på intensivavdelingar på sjukehusa, kanskje etter dårlege livsval.

PANDEMIENS PARIAER

På sosiale medium uttrykte denne aggresjonen seg i lite høviske ordelag: «Kan du vennligst vaksinere deg, jævla paranoide tulling?» Men stilen i sosiale medium smitta over på redigerte medium, som i eit innlegg av Sanna Sarromaa i Verdens Gang nyttårsaftan, der uvaksinerte vart kalla «noen jævla kremidioter som hadde fortjent å stå i gapestokk på alle offentlige torg rundt omkring i landet».

Noko meir høvisk i tonen, men kanskje kraftigare i åtaket på «dei uvaksinerte», var kommentator i Avisa Nordland Anne Grenersen 16. desember 2021, der det heitte at denne flokken «holder resten av Norge som gisler», og styresmaktene vart oppmoda til å «ta av silkehanskene» i handsaminga av vaksinemotstandarane. Ho «gidder rett og slett ikke høre på dem lenger», skreiv Grenersen: «Uvaksinerte har tatt sitt valg. Det får de leve med. Eller i verste fall dø av.»

Gisselmetaforen hadde ho frå professor ved Handelshøgskulen BI Morten Kinander, som i VG dagen før hadde skrive ein artikkel med tittelen: «Vi blir holdt som gisler av en minoritet». Denne populære metaforen vart endeleg opphøgd til fyndord av Kjetil Rolness på Facebook i ein trådstart som oppnådde halvannan tusen likes: «Idiotene holder samfunnet som gissel.»

Løysinga på dette gisseldramaet hadde den danske forfattaren Carsten Jensen sett fram i ein kronikk i Aftenposten 15. desember 2021. Her synte han til den halvautoritære staten Singapore som eit døme til etterfylging for dei nordiske regjeringane. I Singapore må uvaksinerte sjølv betale for sjukehusopphaldet om dei får alvorleg covid-19-sjukdom. Hos oss er vi altfor liberale, meinte Jensen, men utan å diskutere om eit slikt tiltak med sjølvkost for helsehjelp der sjukdom kan førast attende til dårlege livsval, kunne vere byrjinga på slutten for det offentlege helsevesenet som skandinavar med rette har vore stolte av.

ULIKE PREMISSAR

Årsaka til denne aggresjonen kan liggje i at «dei vaksinerte» ikkje alltid har like god innsikt i bakgrunnen for valet til «dei uvaksinerte». Ofte vil «dei vaksinerte» rekne seg sjølve som ansvarlege menneske som gjer «borgarplikta» si, og sjå på «dei uvaksinerte» som uvitande egoistar som trur på avsindige konspirasjonsteoriar og skulkar unna «dugnaden» vi andre tek del i. Men så enkel er korkje verda eller menneskesinnet.

Argumentasjonen både for og mot strategiane med nedstenging og vaksinering under pandemien, kviler på underliggande føresetnader. Desse djupare grunnane, som vi ofte ikkje veit om hos oss sjølve eller andre, er i regelen meir forståelege og vanskelegare å avvise enn dei enkle synspunkta på overflata, der det berre handlar om å vere «for» eller «mot».

Dei som ikkje vil ta koronavaksine fordi dei trur vaksinane inngår i strategien til Bill Gates for å verte verdsherskar gjennom å plassere mikrochips i kroppen vår, lyt kanskje verte orsaka av mentale grunnar.

Men om skepsisen til dei langt frå ferdig utprøvde genteknologiske vaksinane er grunngjeven i ein sunn tvil på rask bruk av ny teknologi, der ein saknar kunnskap om langsiktige fylgjer for den einskilde og samfunnet, kan ein ikkje som motargument berre seie at det er ei «borgarplikt» å ta denne teknologien i bruk.

Det er ikkje berre «konspirasjonsteoretikarane» som synest å vere utilgjengelege for annan kunnskap enn sin eigen. Både «dei uvaksinerte» og «dei vaksinerte» snakkar språk den andre parten ikkje skjønar. Begge standpunkta vert gjerne hevda med dogmatisk kraft, særleg på sosiale medium. Men går ein bak dei enkle synspunkta, vert dei som sagt straks meir kompliserte.

Lat oss sjå på «dei vaksinerte» fyrst, og dinest på «dei uvaksinerte». Eg vil gje dei sistnemnde mest plass, av di grunnane deira er minst kjende.

VAKSINETILHENGARANE

Premissane til vaksinetilhengarane kan kokast ned til to punkt:

  1. Koronapandemien er ei tidsavgrensa og relativt kortvarig hending. Når han er over, vil samfunnslivet vende tilbake til normalen.

Denne premissen byggjer på overtydinga om at den samfunnsforma vi har i dag, tufta på moderne vitskap, parlamentarisk demokrati og styrt kapitalisme, er den best mogelege av alle samfunnsformer, og at han er solid tufta og ikkje truga av oppløysing i overskodeleg tid.

Den etiske implikasjonen av dette er at alle lyt ha tillit til statsleiinga, særleg i krisetider.

  1. Vaksinane, særleg mRNA-vaksinane frå Pfizer og Moderna, er godt utprøvde og sikre, det finst ingen gode grunnar til ikkje å ta dei.

Denne premissen byggjer på overtydinga at vi lyt ha tillit til dei vitskaplege resultata, fordi vitskapen representerer den beste kunnskapen vi har. Vi lyt difor tru at legevitskapen og den medisinske forskinga er grunnleggande sann og humanitær, og gjennomsiktig for ekspertisen, samstundes som ekspertisen er ærleg, ueigennyttig og sannferdig.

Den etiske konsekvensen er at alle lyt gjere som den medisinske ekspertisen tilrår.

Dette synet, som kviler på dei ovannemnde to premissane og atter underliggande overtydingar, er det offisielle og ålment godtekne synet på pandemien og vaksinane, om det enn finst mange variantar i den eine eller andre leia.

I same grad som dette synet er ukritisk og strengt støtta på autoriteten til den tonegjevande medisinske ekspertisen, har dette ålmenne majoritetssynet drag av scientisme, det vil seie ei tru på at gjeldande (natur)vitskap må vere sann. Vitskapstrua kan då verte uvitskapleg, fordi ein gløymer at det vitskaplege synet alltid er i utvikling.

VAKSINEMOTSTANDARANE

Premissane til vaksinemot-
standarane kan kokast ned til tre hovudpunkt:

  1. Koronapandemien er berre den fyrste i ei rekkje komande pandemiar.

Denne premissen byggjer på overtydinga om at den teknologiske utviklinga og den kapitalistiske verdsøkonomien skaper ein økologisk ubalanse som produserer sjukdomsutbrot som stadig hyppigare fører til pandemiar. Eit viktig vern mot pandemiane, både for dei sterkare og dei sårbare mellom oss, er å styrke den naturlege immuniteten.

Den etiske konsekvensen av denne overtydinga kan vere at ein avstår frå vaksineringa, i all fall når det gjeld born, unge og friske.

  1. Smitteverntiltaka og den nye makta staten har tilteke seg over privatlivet, er eit varsel om kva som vert den nye sosiale normalen.

Europa har tapt den åndelege og kulturelle kjernen som har halde oss saman i over tusen år. Ein kan difor vente seg at den europeiske leiinga i mangel av ein indre samanbindande kraft, vil ta i bruk ytre middel for å halde samfunna saman og sjå til autoritære statar som døme til etterfylging.

Dette treng ikkje vere nokon medviten strategi eller plan hos ein vondsinna, løynd elite, men kan vere resultat av eit sosialt, økonomisk, teknologisk og kulturelt kraftspel som korkje politikarar eller folkesetnad kan unndra seg, om ein ikkje får medvit om det. Smittetiltaka og nedstenginga under koronapandemien vert då varsel om ei komande utvikling av demokratia til nyautoritære statsdanningar.

Den etiske konsekvensen av denne overtydinga er å setje seg imot smitteverntiltaka alt i dag, og då særleg detaljstyringa av privatlivet og overvakinga av einskildindividet.

  1. Vaksinane er eksperimentelle og kan ha alvorlege fylgjer i stor skala utan at vi merkar det før fleire år er gått.

Denne tredje grunnpremissen byggjer på overtydinga om at den medisinske vitskapen vert styrt for sterkt av eit einsidig menneskesyn og sterke kapitalinteresser. Det fører til at mange menneske går utanfor den medisinske hovudstraumen for å få hjelp mot sjukdom og plager. Dermed oppstår den holistiske rørsla med naturmedisin, homøopati og heile vifta av alternative terapiar. Ei undersøking frå 2019 syner at 37 prosent av alle nordmenn har søkt helsehjelp hos den alternative medisinen, enten hos behandlar, gjennom urtemedisin eller gjennom sjølvhjelpsteknikkar herifrå.

I mykje alternativ medisin er behandlinga mindre retta mot å slå ned sjukdomen eller knekkje til dømes ein virus med utvendige middel enn mot å styrke individets og kroppens eiga evne til å nedkjempe sjukdomen, støtta av djupare sjølvforståing og forbetring av livsmåten.

Den etiske konsekvensen av denne overtydinga kan vere at ein ikkje tek vaksinen og heller legg seg til ein levemåte som styrker den naturlege immuniteten, til fordel for både seg sjølv og fellesskapen.

TO OVERTYDINGAR

Såleis finn vi to komplekse overtydingar, ei hos «dei vaksinerte» og ei hos «dei uvaksinerte», noko stilisert sett opp. Begge desse kompleksa av overtydingar kan lett utsetjast for kritikk.

«Dei uvaksinerte» kan skuldast for å byggje meir på idear utan empirisk grunnlag enn på data produserte av forsking.

Til forsvaret sitt kunne «dei uvaksinerte» ha skulda «dei vaksinerte» for å vere slavisk vitskapstru og ukritiske mot den politiske og medisinske makta.

Den moralske forarginga over dei som ikkje deler eins eige syn, heng gjerne saman med at ein dømmer andre sine handlingar og val ut frå eigne premissar, utan omsyn til at verda ser annleis ut for dei andre.

KOMPAKT MAJORITET

I denne kulturkrigen om vaksinane er det mykje vanskelegare å vere blant «dei uvaksinerte» enn blant «dei vaksinerte», sidan styrketilhøvet her er 9 mot 1, og alle samfunnsmaktene står på det store fleirtalet si side. Svært få har målbore synet til «dei uvaksinerte» i tradisjonelle medium. I større nyhendemedium har det knapt vore eit einaste redaksjonelt oppslag som legg fram avvikaranes syn på deira eigne premissar.

Det å vere i så stort mindretal er likevel ikkje nokon garanti for å ikkje å ta feil, sjølv om Ibsen lét folkefienden sin, dr. Stockmann, seie at «minoriteten har alltid rett».

Men dei som trur på vitskapen, lyt minne seg sjølve på at det heller ikkje i vitskapshistoria alltid har vore fleirtalet som hadde rett. Dr. Stockmann gjekk som kjent så langt at han meinte dei farlegaste fiendane til sanning og fridom er nett «den forbandede, kompakte, liberale majoritet».

Når det gjeld fridomen, er dette ein rett analyse i vaksinesaka. For i denne saka kan den intellektuelle majoriteten gjerne ha lommene fulle av sanning, men liberal er han ikkje.

Dag og Tid, 14. januar 2022.