MENY

Forside > Kommentarer >Retten til å vera irrasjonell

Retten til å vera irrasjonell

Både dei genteknologisk framstilte vaksinane og pandemien dei vert sette inn mot, er noko nytt. Vi kjenner ikkje langtidsverknadane av covid-19 fullt ut, korkje når det gjeld den individuelle helsa, eller når det gjeld følgene for samfunnet.

Vi kjenner heller ikkje langtidsverknadene av Pfizer- og Modena-vaksinane, som har vorte framstilte med nye metodar og på rekordtid. Berre for nokre dagar sidan fekk vi melding om at bestemte hjarteproblem hos nokre få vaksinerte kan ha samanheng med denne vaksinetypen.

EKSPERIMENT

Tidsnauda har tvinga oss til eksperimentering i møtet med pandemien, både sosialt og vitskapleg. Det vil seia at vi lyt ta stilling til vaksineringa utan visse og med risiko. Det gjeld ikkje berre på det individuelle planet, men òg på det samfunnsmessige området.

Ein treng ikkje vera ekstremist for å meina at det kunne ha vore ein betre strategi mot epidemien å verna dei mest sårbare gruppene, og satsa på at vi andre bygde opp ein naturleg immunitet. Ville ei meir tradisjonell tilnærming som førte til høgare dødstal på kort sikt, falla betre ut på lang sikt enn nedstenging og vaksinasjon? Slik finst det legitime spørsmål som gir rom for legitim tvil.

Sjølv den som meiner at argumenta mot vaksinestrategien er dårlege og irrasjonelle, lyt vedgå at menneske kan seia nei til å vaksinera seg ut frå ei alvorleg overtyding. Dimed kan avvisinga av vaksinar falla inn under tanke- og religionsfridomen. Til dømes gir den norske pasientlova ein pasient rett til å nekta blodoverføring ut frå «alvorleg overbevisning».

MOTARGUMENT

Motargumentet er at overtydinga til vaksinenektaren ikkje berre gjeld hans eige liv. Den som nektar å vaksinera seg, kan koma til å utsetja andre for sjukdom. Samfunnet lyt difor verna seg mot vaksinenektaren.

Men kva er viktigast? Den individuelle fridomen til eit mindretal eller helsa til fleirtalet? Dei to omsyna må sjølvsagt vegast mot kvarandre.

I eit liberalt samfunn er det tradisjon for å gi stort rom for det individuelle valet. Den norske rettsstaten reknar ikkje vaksinemotstandarar for galne menneske, men tek høgd for at det individuelle avviket er ein viktig rett.

I Noreg er all vaksinering friviljug. Likevel vert det ofte rekna som umoralsk ikkje å vaksinera seg. I ein dom frå i år i Den europeiske menneskerettsdomstolen vert det sagt at obligatorisk vaksinering og utelukking frå barnehagen av uvaksinerte born, ikkje strir mot retten til privatliv.

Noregs institusjon for menneskerettar (NIM) kommenterer dette med å seia at menneskerettsdomstolen set «samfunnets behov og andre menneskers rett til liv og helse over retten til å la være å vaksinere seg». Ein kan difor spørja om pandemien kjem til å føra oss vekk frå friviljug til obligatorisk vaksinering, slik ein har i ein rekke andre europeiske land.

Dimed kan det vera grunn til å minna om kvifor Noreg har lagt seg på den friviljuge lina når det gjeld vaksineringa: fordi tvangsvaksinering ville vera eit åtak på den personlege og kroppslege integriteten som vi elles set så høgt, og som er ein del av grunnlaget for samfunnsforma vår.

KORONASERTIFIKAT

Den same respekten for den individuelle fridomen er synleg også i regjeringas nyleg utsende høyringsnotat om opprettinga av eit «koronasertifikat». Dette sertifikatet skal dokumentera om ein er vaksinert, har gjennomgått covid-19-sjukdom og etterpå testa negativt, eller om ein utan vaksinasjon eller sjukdom nyleg har testa negativt. Får ein eit slikt sertifikat på at ein kan reknast som lite smittefarleg, vil ein i pandemien få fleire rettar og meir fridom enn dei som ikkje får sertifikatet.

Regjeringa seier at eit koronasertifikat kan innebera at dei som ikkje har vore sjuke eller ikkje er vaksinerte, misser «ulike menneskerettigheter, slik som retten til respekt for privatliv, familieliv og hjem, bevegelsesfrihet eller retten til forsamlingsfrihet». Regjeringa vil difor at ordninga skal vera tidsavgrensa, berre gjelda bestemte tiltak som karantene og tilgang til offentlege arrangement, og at dei uvaksinerte får same rettar som dei vaksinerte gjennom framvising av ein negativ test som syner at dei ikkje er smitta.

Når ein kan få eit koronasertifikat berre gjennom ein negativ test, og det vert unnatak for grupper der vaksinering er meir problematisk, som til dømes for born, slik høyringsnotatet opnar for, har ikkje vaksinemotstandarane noka sak mot sertifikatet. Ei slik mellombels og avgrensa ordning innskrenkar ikkje rettane til nokon.

VARSEMD

Denne varsemda er grunngitt i medvitet om at eit altfor sterkt vern av kollektivet kan opna for totalitære utskeiingar. Knapt noko kan betre grunngi totalitære tiltak enn faren for smittsam sjukdom. Når det oppstår ein situasjon der både folkefleirtalet og styresmaktene meiner det står om liv og helse for nasjonen, vert det lett reist krav om at alle går i takt. Då hjelper det lite at føremålet er godt, det er det jo i regelen alltid.

Vaksinering lyt vera friviljug fordi det ikkje berre er ei medisinsk førebyggjande åtgjerd, men eit inngrep med sterk symbolverdi: Det er noko framandt og ukjent som grip inn i kroppen. I liberale samfunn får dette berre skje på friviljug basis.

Tvungen medisinsk behandling vert med rette knytt til autoritære regime. Tvangsvaksinering skapar òg assosiasjonar til praksisar som elles vert rekna som skammelege, som tvangssterilisering av «uønskte» folkegrupper. Risikoen for å hamna her, lyt vi ikkje ta.

(Tegning av May Linn Clement)

Dag og Tid, 4. juni 2021.