MENY

Forside > Kommentarer >Atomskuggen vender attende

Atomskuggen vender attende

I førre utgåve av Dag og Tid skreiv den tyske filosofen Jürgen Habermas at det er «eit fromt sjølvbedrag å håpa på Ukrainas siger» mot «den overlegne motstandaren» Russland, og at ei fredsslutting krev forhandlingar med Putin og eit forhandlingsresultat som lèt begge partar unngå å misse andlet.
Russland er òg den klårt overlegne på papiret. Ifylg je International Institute for Strategic Studies tel dei profesjonelle russiske styrkane over 1 million soldatar og meir enn 2 millionar reservistar, mot høvesvis 200.000 og 900.000 for Ukraina. Så sjølv om Ukraina har ein av dei største og mest krigstrena militærstyrkane i Europa, er Russland talmessig fleire gonger sterkare.


Likevel har Russland gjeve opp det som ser ut til å ha vore eit viktig krigsmål, nemleg å setje inn ei russiskvenleg regjering i Kyiv, og ser no ut til å satse på å vinne kontroll over dei russiskspråklege områda i aust og sør, og slik sikre Krim og stengje Ukraina ute frå svartehavskysten. Ingen ser ut til å ha noka tru på fred gjennom forhandlingar. Krigen skal vinnast.

I ATOMKRIGSSKUGGEN
Då USAs forsvarsminister og utanriksminister dukka opp i Kiev i april, vart dette sagt i klartekst i eit sitat frå NRK: «Vi trur at vi kan vinne – de kan vinne hvis de har riktig utstyr og den rette støtten.» Forsnakkinga med «vi» i staden for «de» fortel kor nær vi no er ein stormaktskrig i Europa.
Ingen trur at USA eller Nato ønskjer ein slik direkte konfrontasjon med aukande fare for utgliding til kjernefysisk krig. Men storkrigar har vorte utløyste før nett gjennom slik utgliding frå eit risikabelt og uføreseieleg nett av konfliktar og interesser. Den fyrste verdskrigen tok til på dette viset. Har vi betre leiarar i dag enn i 1914?

Hiroshima, 6. august 1945.


Derfor er det ikkje merkeleg at ein tenkjar som Habermas, fødd i 1929 og med minne om både den andre verdskrigen og den kalde krigen, straks peikar på at Russland er ei atommakt; faktisk har Russland det største arsenalet av atomvåpen i verda.


For alle som voks opp i skuggen av den kalde krigen og det stadige trugsmålet om ein kjernefysisk domedag gjennom ein open konflikt mellom atommaktene USA og Sovjetunionen, er den pågåande krigen i Ukraina ei atterkome av det gamle trugsmålet vi trudde var overvunne og borte.

KJERNEVÅPENA
Det kanskje mest interessante i analysen til Habermas er forklaringa hans på kvifor omsynet til den mogelege atomkatastrofen ikkje er hovudsaka for media og tvingar partane til forhandlingsbordet. Kvifor går ikkje ei samla europeisk ålmente, presse og politikk eintydig inn for å få slutt på krigen så snøgt som mogeleg?


Habermas skriv at i den tyske debatten vert den eine leiren danna av dei som har fått det politiske medvitet sitt sterkt prega av den kalde krigen, og som ut ifrå desse røynslene «veit at ein krig mot ei atommakt ikkje kan ‘vinnast’ på hevdvunnen måte», det vil seie militært på slagmarka.


Den andre leiren har eit politisk medvit der atomtrugsmålet ikkje er så dominerande, og dei kan «berre førestilla seg krig under alternativa siger eller nederlag». Denne leiren kan då, ut frå tru på ein mogeleg ukrainsk militær siger over Russland, gå inn for auka militær hjelp med både etterretning, tunge våpen og indirekte styring av sjølve krigen frå Nato-senteret i Tyskland, slik vi no veit det skjer.
Det Habermas seier, er at dei som er for unge til å hugse Cubakrisa i 1962 og den paranoide leiarskapen i Kreml i 1980-åra, aldri har visst skikkeleg kva atomtrugsmålet er, eller dei har gløymt det. Det vil seie at både ukunne og gløymsle blandar seg i avgjerslene til dei som handterer Ukraina-krisa.
I dag er det berre dei mest hardhuda avvikarane, gjerne pensjonistar som ikkje har anna å tape enn sjølvrespekten, som har slått opp dei vêrbitne telta sine i leiren som går inn for kompromiss og forhandling.

AFGHANISTAN I EUROPA
I eit intervju med MSNBC 28. februar sa den tidlegare amerikanske utanriksministeren Hillary Clinton at mange forventar at krigen i Ukraina vil utvikle seg som under Sovjetunionens invasjon og nederlag i Afghanistan i åra 1979-89. Den sovjetisk-afghanske krigen skulle vere «modellen» for å skjøne den nye krigen i Europa, der det russiske regimet vert svekt etter års krig, nett slik krigen i Afghanistan bidrog til Sovjetunionens fall.


Om dette vert røynda på bakken i Europa, og mykje kan tale for det, er det eit verre utfall enn ein rask militær siger for ein av partane. Om Russland hamnar i kaos, har vi denne gongen ingen Mikhail Gorbatsjov som kan styre unna dei farlegaste skjera.
Om militærhjelpa til Ukraina pressar Russland så sterkt at nederlaget trugar den gamle stormakta, veit ingen kva som kan hende. I eit intervju med den arabiske nyhendekanalen Al-Jazeera 19. mars seier den autokratisk orienterte Putin-ideologen Aleksandr Dugin at Russland i Ukraina står overfor «eit eksistensielt trugsmål», og at den russiske leiinga alt har vedteke å halda fram krigen «til vårt siste andedrag».


Dugins tankegang går slik: Om Russland lir nederlag i Ukraina, er Russland ferdig som nasjon og vil derfor ikkje ha noko å tape på å gripe til atomvåpena. Dugin er ein ekstrem tenkjar, men det er mykje som kan tyde på at det er fleire enn han som ser krigen om Ukraina som eksistensielt avgjerande for Russland. Dette kan ein riste på hovudet av, men det ville løne seg betre å ta det med i ein rekneskap der så mykje står på spel som her.

FINST DET EIN VEG UT?
Men dei fleste politikarane og journalistane våre ser ut til å tru at Russland kjem til å bli pressa opp mot veggen, og at Vladimir Putin i beste fall er uberekneleg og kanskje utan realitetssans. Trur dei at Putin, når han vert pressa opp mot veggen, kanskje også av russiske generalar som er mindre kompromissviljuge enn han sjølv, kjem til å be om fint vêr frå dei maktene som vil stille han for ein internasjonal domstol som visseleg vil døme og straffe han?


I dag les eg at Joe Biden seier han er redd Putin «ikkje lenger har nokon veg ut av krigen», og «freistar å finne ut korleis». Då spør eg meg sjølv om den amerikanske presidenten meiner krigen i Ukraina fyrst og fremst er eit problem for Russland.


Men problemet gjeld sjølvsagt heile Europa, som har late seg bli sett ut av spel når den kalde krigen mellom Russland og USA no kjem attende og Europa meir enn nokon gong sidan 1945 er blitt slagmark for stormaktene i vest og aust.


Kanskje politikarane og heile ålmenta i Europa skulle sjå om dei kunne finne på noko anna enn å reise seg i flokk i parlamenta frå Athen til Oslo og applaudera ein politikk som flyttar Afghanistan til Ukraina, og legg heile kontinentet vårt inn i den gamle skuggen frå atomkrigen.

Dag og Tid, 13. mai 2022.