MENY

Forside > Kommentarer >Krig og overtru

Krig og overtru

Som sjølvstendig stat har Ukraina rett til å ønskje seg og søkje om medlemskap i Nato. Men landet har ikkje nokon rett til å krevje at Nato skal gje dei medlemskap. Det er opp til forsvarsalliansen Nato sjølv å avgjere om ein finn ein ukrainsk medlemskap tenleg for dei landa som alt er medlemmer i alliansen, eller om endå ei utviding aukar krigsfaren.

Inntil ganske nyleg var det ei alminneleg meining i både aust og vest at eit ukrainsk medlemskap i Nato ville gjere nett dette: auke faren for storkrig i Europa. Dei som tenkte slik, har fått rett. Trugsmålet om å flytte Nato inn i Ukraina kan ha vore ein av dei viktigaste grunnane til at vi no har ein krig i Europa som har gjort livet for oss utryggare enn kanskje nokon gong sidan 1945.

Det brå skiftet
I eit intervju med det amerikanske magasinet The Atlantic i 2016 sa president Barack Obama at «Ukraina er ein kjerneinteresse for Russland, men ikkje for Amerika» og «kjem til å vere utsett for militær dominans frå Russland same kva vi gjer».

I 2008 fortalde den amerikanske ambassadøren i Moskva, William S. Burns, regjeringa si i Washington at Russlands tilhøve til Ukraina var «emosjonelt og nervøst», og at russarane oppfatta ukrainsk tilnærming til Nato som eit «potensielt militært trugsmål» og kunne skape omstende som «tvinga Russland til å vurdera intervensjon».

Kart over Ukraina fra 1720.

Men no, som noverande direktør i CIA, har Burns kalla den russiske invasjonen i Ukraina «uprovosert og vondsinna aggresjon».

I eit innlegg i Vårt Land berre dagar etter at invasjonen i Ukraina tok til, nytta Civita-rådgjevaren Eirik Løkke den lite ærefulle nemninga «de norske Putin-klakørene» om dei som meiner at Russlands krig mot Ukraina er motivert av Nato-frykta til russarane.

Moralsk hamskifte
Noko har endra seg i tenkjemåten i løpet av den siste generasjonen, kanskje fordi stadig færre hugsar korleis den kalde krigen og trugsmålet om atomkrig dominerte tenkinga vår om storpolitikk. Atomvåpena og aust–vest-konflikten sette nokre rammer for kva som var tenkjeleg i politikken, fordi vi for all del måtte unngå at denne konflikten eskalerte til ein tredje verdskrig.

Med fallet av Berlinmuren og Sovjetunionens samanbrot i 1989–1991 mista atomkrigen aktualiteten sin og vart historie. Slutten på aust–vest-konflikten, utvidinga av Nato til langt inn i det gamle Sovjetunionen og spreiinga av den vestlege kapitalismen til heile verda drog med seg eit skifte av fokus frå storpolitisk konflikt til individuell fridom. Vi fekk éi verd med einskildindivid, medan historia og nasjonane vart sette på som noko gamaldags og forlate.

Krigen er privatisert
Tidlegare såg vi på samlivet mellom statar og nasjonar som styrt av ein annan dynamikk enn samlivet mellom individ. Men når det gjeld Ukraina-krigen, ser vi at mange ikkje lenger tenkjer at maktvilje, interessesfærar og nasjonal tryggingstrong er omstende ein må ta for gjevne og innretta seg etter i storpolitikken, men trur at vi kan nytte same perspektivet i storpolitikken som i privatlivet. Vi reagerer på krig på nesten same viset som på valdelege overgrep mot einskildpersonar i fredstid, som om historia og krigen er blitt privatiserte.

Rett nok er dei siste par tiåra blitt meir og meir prega av ei kulturstemning med sterke og prinsipielle idear om rettferd, moral, høvisk framferd, likeverd, likestilling, respekt og så bortetter. Privatmoralen har fått ei mykje sterkare politisk betydning enn han hadde før.

Men då den russiske hæren gjekk inn i Ukraina, synte det seg at privatmoralens invasjon av politikken også omfatta militærvesen og storkrig. Den pragmatiske doktrinen om terrorbalanse og interessesfærar var blitt erstatta av ein meir idealistisk doktrine som ser vald og krig som noko utenkjeleg.

Trusartiklane
Invasjonen synte at storpolitikken ikkje tek omsyn til etiske prinsipp, men fylgjer sin eigen, interessebaserte natur. Dette såg vi tydeleg i Libya, der Vesten gjekk til krig for menneskerettane, men i praksis etterlét seg landet i kaos. Tjue års krig for rettferd og fridom i Afghanistan kosta opp til 170.000 sivile dødsfall utan å oppnå korkje rettferd eller fridom. Straks vi ser vekk ifrå dei faktiske interessene i politikken, oppstår ei rad forenklingar av røynda som gjer det vanskeleg å sjå klart.

Sidan vi ikkje kan tenkje oss forståelege og, med russiske auge, rasjonelle grunnar til invasjonen av Ukraina, trur vi at han botnar i Putins sjukdom og trong til å auke territoriet til det russiske riket. Fordi vi har late krigshistoria støve ned, trur vi at den russiske krigføringa er eineståande brutal. Ettersom vi ikkje kan tenkje oss at det vonde kan sigre, trur vi at den ukrainske militære motstanden er sterk nok til å vinne krigen.

Desse tre trusartiklane skaper moralsk forarging retta mot Russland, som vert oppfatta som «vondskapens imperium», nett som under den kalde krigen, samstundes som Ukraina står fram som ein særleg tapper nasjon som ikkje berre står vondskapen imot, men nedkjempar han på vegner av oss alle. «Dette er det onde mot det gode», som VG-kommentator Astrid Meland kalla krigen.

Denne konstellasjonen, mellom det vonde kjemperiket og den gode småstaten, som elles er ein av dei største statane i Europa, skaper eit moralsk sinne som overskuggar faren for eskalering av konflikten til storkrig og kjernefysisk katastrofe.

Overtrua på at verda er og må vere god, fører til at dei som øydelegg denne trua for oss, må vere laga av rein vondskap. Godleikstrua krev motstykket sitt i form av noko særleg vondt, i dette høvet Russland.
Sjølvsagt ligg det stormakts-interesser og imperiedraumar bakom den russiske invasjonen, men dei er blanda med den frykta for Vesten som vi veit har prega russisk politikk i generasjonar, og med nasjonalkjensler for band mellom Russland og sørlege og austlege ukrainske område som gjekk tapt under Sovjetunionens samanbrot i 1991 og skapte ein sju–åtte millionar sterk russisk minoritet som ikkje alltid har vore like klokt handsama frå Kyiv. Dei russiske motiva er såleis blanda. Det kan på ingen måte rettferdiggjere invasjonen, men invasjonen lyt heller ikkje få oss til å sjå på verda med berre eitt auge.

Politikk og metafysikk
Teikninga vår av Russland som inkarnasjonen av metafysisk vondskap, dreg med seg meir metafysikk: No trur vi at Ukraina har sterk nok motivasjon og ein dyktig nok hær til å vinne ein krig mot Russland. Det er vanskeleg å nekte for at eit slikt under kan skje, men vanskelegare å nekte for at det faktisk ville vere eit under.

Etter slaget om Mariupol, som vart forsvara av store ukrainske elitestyrkar, sit opp mot 3000 overlevande soldatar no som krigsfangar i dei russiske separatistområda i Donbas. Russland kjem truleg til å ta over dei russisk prega områda aust og sør i landet og dimed styrkje grepet om Krim. Den vestlege våpenhjelpa kan halde krigen i gang, men vanskeleg hindre at mesteparten av det historiske Novorossia og Krim, kanskje med unnatak av Odessa og området kring, vert overteke av Russland.

Dei to forteljingane
Det vil ikkje vere mogeleg å skjøna konflikten i Ukraina utan at vi tek inn over oss at den andre sida ser verda annleis enn vi gjer. Røynda må sjåast i motstandarens perspektiv i tillegg til eins eige.

Hovudintrigen i den ukrainske krigsforteljinga handlar ikkje om anna enn eit fredselskande folk som blir invadert av ei brutal stormakt som vil ta frå dei fridom og territorium for å gjenopprette eit gamalt imperium.

Den russiske krigsforteljinga handlar om korleis sentrale russiske landområde vart stolne frå Russland og nytta til oppmarsjområde av USA og Nato for ytterlegare å svekkje og stykke opp landet, medan ein russisk minoritet blir undertrykt av eit høgreekstremt og illegitimt regime.

Fyrste uunnvikelege steg på vegen til fred er å innsjå at begge desse forteljingane inneheld element av sanning, samstundes som ingen av dei dekkjer røynda, fordi dei ligg innanfor to ulike perspektiv. For partane kan det vere umogeleg å ta motstandarens perspektiv; for den som vil verke for fred, er det naudsynt å sjå begge.

Det neste steget er å innrømme at full siger for den eine parten legg grunnen for ny krig seinare, og at ein lyt gå for eit kompromiss og ikkje eit heroisk prinsipp.

Donbas og Krim
Det var sjølvsagt rett å støtte den ukrainske motstanden mot Russlands innleiande åtak, som sikta seg inn på Kyiv. Om russarane hadde lukkast, ville det truleg ha gjort heile Ukraina til eit russisk lydrike som Belarus. Ukrainarane fortener honnøren vår for at dei sette seg opp imot forsøket på å gjere landet deira til ein slavestat.

Men då motstanden lukkast, endra krigen karakter. No handlar den ikkje lenger om Ukraina, men om Donbas og Krim, der både språket og historia gjer det tenkjeleg at russisk styre eller sjølvstyre under russisk førarskap er meir akseptabelt enn i resten av Ukraina, og der det er meir forståeleg at USAs og Natos militære nærvær er uakseptabelt for Russland.

Sjølv om krigen har endra karakter, er haldninga og handlinga vår heilt uendra. Stadig tilseier politikken frå både USA, Nato og dermed Noregs side at Russland skal trekkje seg ut av Ukraina utan vinning og etter ukrainaranes meining ut av Krim og separatistområda i aust òg. Dette meiner vi skal skje gjennom støtte til Ukraina i form av moral, pengar og våpen.

Men dette kjem ikkje til å skje. Dess lenger krigen varer, dess meir territorium går frå Ukraina til Russland, dess fleire menneske døyr, vert kvesta eller må flykte, dess større vert dei materielle øydeleggingane, og dess meir krigsprega vert heile det ukrainske og russiske samfunnet, og dimed heile Europa.

Det vanskelege valet
Valet synest no å stå mellom ein fred der dei russiskkulturelle områda sør og aust i Ukraina går til Russland for godt, og ein stadig verre krig utan ende i sikte, kanskje til uboteleg skade for alle partar, også for Ukraina.

Om USA og Nato på truverdig vis gjekk inn for eit varig kompromiss, ville truleg Russland gå med på ei mindre vinning enn det kan ende med om krigen trekkjer ut.

Men så lenge alt vert kasta inn for ein knusande siger for den eine av partane, vert krigen til ein meir og meir open konfrontasjon mellom USA/Nato og Russland. Våpenhjelpa og den vilkårslause politiske støtta til Ukraina som var velplassert i den fyrste fasen av krigen, forverrar og forlengjer no krigshandlingane og aukar sjansen for at krigen spreier seg til større område av Europa.

Dag og Tid, 3. juni 2022.