MENY

Forside > Kommentarer >Sjølvoppgjer fra hi sida

Sjølvoppgjer fra hi sida

Ein kan ikkje venta av ein forfattar at han skal slutta å skrive. Det ville bokstavleg tala vera som å missa taleevna. Sjølv Hamsun, etter å ha avrunda forfattarskapen sin med Ringen sluttet i 1936, tok opp att skrivinga under interneringa på «det psykiatriske Daarehus paa Vindern». Paa gjengrodde stier (1949) synte at den gamle meisteren enno kunne handverket etter tretten års tagnad.

Likevel er det Ringen sluttet som samlar trådane i Hamsuns romanar, og lèt hovudpersonen Abel Brodersen lekamleggjera grunnideen i livsverket: Det å gjelda for noko i verda, trå etter rikdom og ry, alt det er fåfengd og jag etter vind. 

Avrundinga

På same vis finn Dag Solstads forfattarskap den naturlege avrundinga si i 17. roman frå 2009, der hovudpersonen Bjørn Hansen i den siste scena sit åleine på Nordagutu stasjon under perronglampa og les i Sygdommen til døden av Søren Kierkegaard.

Denne sjukdomen, som inneber at mennesket enno ikkje har funne seg sjølv og står i fare for å fortapa seg sjølv, pregar heile forfattarskapen til Solstad, og fann her det endelege uttrykket sitt. 

Men sjukdomen til døden, fortvilinga over livet, er ein fortvila slutt, og det er mogeleg å lesa den siste boka til Solstad – Endelig! Lykken. Og mitt forsøk, i 2022, på å utholde smerten ved tidens herjinger – som ein siste freistnad på å overskrida fortvilinga.

Slik som krigen, arrestasjonen og tvangsinnlegginga fekk Hamsun til å skriva endå ei bok, kunne ein tenkja seg at det var overgangen til sluttfasen i livet – «tidens herjinger» – som lét Solstad ta pennen opp att. Før lesinga trudde eg boka var ei loggføring av livsslutten. Men slik er det ikkje. For å halda ut «tidens herjinger» har Solstad skrive om fortida og barndomen sin.

Byrjingar

Han seier at skrivinga tok til med «en storslagen idé» om å skriva «en hel selvbiografi over mitt liv nærmest fra jeg var født til jeg var 11–12 år». Dette lukkast ikkje for han. Som sjølvbiografisk oppvekstroman er boka for knapp og skildringane for raske. Det er fleire tilløp til eit større verk, som ikkje blir fylgde opp. 

Til dømes høyrer vi stadig om faren og prosjektet hans om å finna opp ein perpetuum mobile som skal berga familiens ære og økonomi og vekkja opp att moras beundring for han frå lukkelegare dagar i ungdomstida. Denne ævemaskinen liknar ei forvandling av farens mislukka forsøk på å etablera seg som leiketøysfabrikant med små fallskjermar i papprøyr i Solstads roman 16.07.41 frå 2002. Solstads far, kolonialhandlaren Ole Solstad, har vorte til ein forkledd Hjalmar Ekdal. Slik dukkar Vildanden opp som eit tema frå Ellevte roman, bok atten,men det blir med tilvisinga.

Eit anna tillaup er forklaringa av «lykken», som i kraft av å vera tittel krev utgreiing. Men lukka er, seier Solstad mot slutten, nærværet av ein elska og elskande make, forfattarens «evige kjærlighet» til kjærasten og ektefellen. Det er ein kjærleik som står i skarp motsetnad til mora i boka, som blir framstilt som ei nevrotisk og omsynslaus kvinne som forpestar livet til både mann og born, og som lèt den yngste sonen – det er Dag Solstad – skjøna at han ikkje var ønskt og ikkje velkomen i heimen og verda, slik at sonen på si side ønskjer mora vekk. Men det ser ikkje ut til at Solstad har hatt tid til å utvikla denne motsetnaden. Tilhøvet til mora vert formidla i nokre korte episodar, meir fortalde enn viste, og den evige kjærleiken kjem som ei gripande, men kort erklæring heilt til slutt. 

Medan boka er knapp om viktige personar som mora og faren, er ho meir utførleg om den eldre broren Cato, som ikkje framstår som så viktig. Referata frå vinterolympiaden i Oslo i 1952 er typiske innslag i ein Solstad-roman, men her blir dei for lange, og malplasserte, fordi det manglar så mykje av romanen. Dette medverkar til inntrykket av noko uferdig, som om forfattaren har skrive langt om det lette, men måtte nøya seg med notat om det tunge.

Omdefineringa

Slik eg les boka, går dette opp for Solstad medan han skriv. Sjølvbiografien, den breie barndomsskildringa, lèt seg ikkje gjennomføra. Derfor omdefinerer han «en 100 siders artikkel» til ein «roman» som han er i tvil om lyt utgjevast. 

Så uviss er han på dette at avgjersla om utgjeving blir overlaten til kona Therese Bjørneboe og venen Edvard Hoem. Desse refleksjonane inngår i sjølve romanen, om ein vil gå med på at dette er ein roman. Men Solstad har tidlegare gjeve ut både bedriftshistorie og kyrkjebok som roman. Det er gått med romanomgrepet som med kjønnet, kva tekst som helst kan identifisera seg som roman og verta omtala på sjølvvalt vis.

Dei avsluttande refleksjonane i boka, der ho vert omdøypt frå artikkel til roman, bryt med den forteljande stilen og svekkjer teksten som roman. Berre Solstads påstand om at artikkelen er roman, undergrev boka som roman. Slik bryt prosjektet saman i slutten, der den sjølvutleverande romanen går over i private kommentarar. 

Men likevel skjønar ein at utgjevarane har teke med slutten. Når ein så viktig forfattar som Solstad etterlèt seg ein sjølvbiografisk tekst, er det vanskeleg å kutta. Forfattarens opne tvil om det han har skrive i det heile lyt utgjevast, fortel oss at han veit kor uferdig manuskriptet er, og kor mykje unytta potensial som ligg der. Det gjer det lettare for lesaren å bera over med det uferdige og sjå etter det verdfulle.

Fortrenginga

For inne i den uferdige boka ligg det ei vedkjenning eller eit skriftemål. Det tek til med skildringa av kor politisk bråmoden Dag Solstad må ha vore, nærast medveten antifascist som tre­–fire år gamal smågut, i fredsåret 1945. Då skal han ha oppfatta at ein lyt halda seg unna dei som under krigen hadde slege seg saman med landssvikarane. Den tre år gamle guten er meir kjenslevar for folkesnakket enn mora. Likevel går han ut og inn til leikekameratane i husa der nazistane bur, men om han kanskje hadde «en viss menneskelig medfølelse» med svikarane, så var det «langt fra noen menneskelig sympati» for dei som hadde vore på tysk side under krigen: «Der var jeg konsekvent allerede da. Jeg hadde den ikke da jeg var 11–12 år, og ikke nå heller da jeg er 81 år.»

Ikkje berre var den tre­–fire-årige Dag Solstad vaksen nok til å ha nasjonalt medvit, men ut frå «sin egen rettferdighetssans tok han, 7-åringen, kommunistenes parti» og var medviten «kommunist» som 11-åring. Småguten høyrer ikkje berre på radionyhenda og les to ulike aviser, men gjennomskodar tidas falske antikommunistiske propaganda, og erklærer seg i all løynd som «kommunist».

Men denne barnlege urkommunismen vert fortrengd. Guten løyner kommunismen sin, fordi han veit at faren, som han er så sterkt knytt til, ikkje vil lika at guten er blitt kommunist. Men i løynd svik guten den høgt elska faren. Han får ein eldre mentor, «en kommunistisk dansk håndverker», som innfører han i den rette læra, slik at han som 11-åring «hadde konvertert til kommunismen og måtte holde det hemmelig for min far, som jeg dermed forrådte på det grusomste fra mitt barnslige synspunkt. Det er dette som er denne fortellingens akse».

Sidan blir gutens tidlege kommunistiske fase og sviket av faren fortrengt. Brått, 70 år seinare, dukkar minnet opp att for den vaksne Solstad, i 2022, tilmed «ved påsketider», mest som ei openberring, og det er dette gåtefulle minnet som set i gang skrivinga av den nye sjølvbiografien, romanen eller skriftemålet. 

Sviket

I forteljinga blir Solstads barnlege kommunisme og antifascisme knytt saman med at guten Dag i ein periode på nokre veker på barneskulen blir «sanseløst» mobba av ein heil gutegjeng. Han blir til sist berga av ein yngre, men sterkare gut, ein ekte ven. 

Men ein gong blir Dag vitne til at mobbegjengen går laus på ein annan gut, sonen til dei naziforeldra han ville halde fråstand til. Venen hans grip då inn og hjelper guten frå svikarheimen. Dag, som var blitt plaga av mobbarane og hjelpt av den riddarlege venen, likar ikkje at venen «viste medfølelse med nazisten». Det vert endå verre av at hjelparen, venen, er yngre enn Dag. Det pinlege i at han trong hjelp av ein yngre gut, og at denne yngre venen hjelpte sonen av landssvikarar mot overmakta, førte til at Dag avslutta venskapen med han som hjelpte han: «I et avgjørende øyeblikk begikk den 11-årige skolegutten en handling mot en virkelig venn som han aldri kunne vedkjenne seg.» 

Dette går så djupt inn på guten Dag at han fortrengjer både den barnlege kommunistfasen sin og sviket av faren, mobbinga og sviket av venen. Men som Dag Solstad nærmar seg slutten av livet, må det fram.

Sjølvoppgjeret

Det er forteljinga om dette doble sviket som Solstad som eldre mann kjenner som «ekstremt selvutleverende», «så hard å skrive» at han ville ho skulle koma ut etter at han var død.

Men kvifor sat det så langt inne? 

Eg trur det kan ha vore fordi erkjenninga av det dobbelte sviket formulerer Dag Solstads eksistensielle dilemma klårare enn tidlegare i forfattarskapen. Kommunismen har sjølvsagt vore viktig for Solstad heile vegen, han gav aldri slepp på denne utopien, og skaut han berre ut i framtida. Men i Endelig! Lykken får kommunismen mytologisk karakter, mest som ei mysterierøynsle. Han vert fortrengd i freudiansk meining og tek dermed seksualitetens plass som den djupaste krafta i livet. 

Kommunismen er blitt som Platons idéverd, den eigenlege røyndomen bak sansesløret, det sanne vi har sett føre fødselen og så gløymt, inntil vi brått hugsar det i ein stor visjon. Men samstundes som kommunismen på dette viset blir opphøgd til noko guddomleg, leier han guten Dag til det dobbelte sviket. 

Det er på grunn av kommunismen og antifascismen han svik faren og venen sin. Guten sette det politiske medvitet høgare enn lojaliteten mot dei næraste og medkjensla med dei ulukkelege. Han sette den rette politiske teorien over dei verkelege menneska. I denne sjølvinnsikta ligg ein grunnleggjande kritikk av den politiske retninga Solstad kjempa med heile livet og aldri kom heilt laus frå.

Det er ei innsikt som ligg mellom linene i mange av Solstads romanar frå tidlegare år, kunstnarleg meir vellukka enn denne siste, men her er innsikta endeleg nådd til formuleringa, om enn i form av ei forteljing. 

Så hardt var det å rissa opp politikkens grenser at det måtte skje frå hi sida av livet.

Dag og Tid, 19. september 2025.