Eit varsla nederlag
Den 29. mars publiserte New York Times reportasjen med tittelen «The Partnership: The Secret History of the War in Ukraine», av Adam Entous, som fortel «den ukjende historia om Amerikas løynde rolle i ukrainske militære operasjonar mot Russlands invasjonshær», som det heiter i ingressen.
Reportasjen lèt til å syna at amerikanske militære har spela ei viktigare rolle i Ukraina-krigen enn mange til no har trudd. Reportasjen syner òg at faren for at krigen skulle eskalera til ein større krig, har vore større enn fleire har meint.
Frimerket heidrar ukrainske soldatar på Slangeøya i Svartehavet. Det russiske krigsskipet «Moskva» truga øya, men vart kort tid etter senka. Foto: AP Photo / Natacha Pisarenko
Entous, som har vore i journalistteam som har vunne to Pulitzer-prisar, byggjer på meir enn 300 intervju med namngjevne og ikkje namngjevne politikarar, Pentagon-tilsette, etterretningsfolk og militære, som med «remarkable transparency» har lagt fram informasjon om til dømes kor mykje og kva slags militærhjelp USA har gjeve Ukraina sidan 2022.
Ei nærliggjande tolking av at amerikanske militære og CIA-tenestemenn har gjeve New York Times eit oppsiktsvekkjande innsyn i bakromma til den pågåande krigen, er at den noverande amerikanske regjeringa vil forsyna ålmenta med eit tilsynelatande upartisk forsvar for å avslutta det amerikanske engasjementet i Ukraina.
Med dette atterhaldet om lekkasjar ut frå særinteresser vil eg i det følgjande leggja fram nokre hovudliner i reportasjen.
Wiesbaden
Militært samarbeid mellom USA og Ukraina var ikkje noko nytt etter 22. februar 2022, men ikkje før no er det blitt meldt i hovudstraumsmedium kor djupt denne samordninga kan ha gått, og kor nær ho kan ha ført oss til ein større krig.
Alt to månader etter Putins invasjon i 2022 skal ukrainske militære ha møtt den amerikanske generalen Christopher T. Donahue i hovudkvarteret til U.S. Army Europe i Wiesbaden. Det skal ha vore byrjinga på eit nært samarbeid mellom USA og Ukraina, som ikkje galdt berre våpenhjelp, som til no, etter det Pentagon oppgjev og New York Times gjev att, skal ha kome opp i 66,5 milliardar dollar.
I seg sjølv hadde alle desse våpena vore til avgrensa nytte for den ukrainske hæren om ikkje amerikanarane samstundes hadde sett i verk «ei svær innsamling av etterretningsdata som både la grunnen for ein større kampstrategi og leverte presis informasjon heilt ned til ukrainske soldatar om kvar (dei russiske) måla oppheldt seg».
Amerikanarane fungerte etter denne forteljinga i røynda som etterretningsavdelinga til den ukrainske hæren, og gjekk langt vidare enn president Barack Obama gjorde etter den russiske annekteringa av Krym i 2014. Obama hadde tillate «berre sterkt avgrensa deling av etterretning».
U.S. Army
Det kvite huset ville fyrst ikkje gje Ukraina våpen som kunne nå russisk territorium, eller etterretning om tilhøve inne i Russland. Kamphandlingane skulle haldast innanfor Ukrainas grenser, for ikkje å provosera Russland til utviding av krigen.
Men den amerikanske rolla i krigføringa innskrenka seg ikkje til å vera ei rein etterretningsavdeling, og var ikkje på noko vis underlagd ukrainsk hærleiing. Tvert om skal amerikanarane ha vore dominerande i alt anna enn mannskapet på bakken.
President Joe Biden hadde under krigsforløpet forsynt den ukrainske hæren med nye og offensive våpen, men varsla sjølv kor og når dei skulle nyttast. Frå U.S. Army i Wiesbaden fekk ukrainarane koordinatar som dei skulle stille inn våpena med: «Alt ukrainarane fekk sjå, var rekkjer av koordinatar.» Informasjon ut over dette kunne, om han vart leken, gjere det kjent kor langt amerikanarane no gjekk som krigsdeltakar, og føre til ein større krig, skal amerikanarane ha trudd.
Åtakskjede
Såleis skal krigen på bakken ha vore utført av ukrainarane, i den meininga at det var dei som kjempa med livet som innsats og døydde i titusental, medan offiserar og funksjonærar frå halve Nato sat i Wiesbaden føre skjermane og var avgjerande i styringa av dramaet.
Då russarane var i gang med å leggja ei militær bru over elva Donets i Donbas, noko som kunna ha avgjort slaget om Sievjerodonetsk, vart brua ei dødsfelle for russiske soldatar. Minst 400 vart drepne i ein stor ukrainsk militær suksess, men «ingen snakka om at det var amerikanarane som skaffa koordinatane som hjelpte til med å slå attende det russiske åtaket», står det i reportasjen.
Denne hjelpa, skriv Entous, var så omfattande og detaljert at ein europeisk etterretningssjef kalla amerikanarane «part of the kill chain». Det vil seia at den amerikanske hæren var meir krigsdeltakar enn rein hjelpar, og heilt avgjerande for suksessane til den ukrainske hæren i dei tidlegaste fasane av krigen i 2022–23.
Usemja
Ifølgje reportasjen i New York Times braut det vellukka militære samarbeidet mellom USA og Ukraina saman i løpet av 2023. Dette samanbrotet vert lagt fram som forklaringa på omslaget i krigen frå det fyrste året med mykje større ukrainsk framgang på slagmarka enn nokon hadde sett føre seg, til skiftet midt i 2023.
Brotet i samarbeidet skal ha skjedd gjennom usemje om den ukrainske strategien då russarane, etter motgangen det fyrste året, la om frå freistnaden på å ta Kyiv til å bita seg fast i sør og aust i ein utmattingskrig dei trudde dei ville vinna.
Det vart militært naudsynt for ukrainarane å gå på offensiven, skriv Entous. Men det oppstod usemje med amerikanarane om korleis dette best kunne skje. Denne usemja nådde eit klimaks under den ukrainske motoffensiven sommaren 2023. Amerikanarane skal ha vilja retta hovudstyrken i motoffensiven mot byen Melitopol ved Svartehavskysten, for å splitta opp det området av Ukraina som russarane okkuperte, bryta landkontakten mellom Krym og Russland, og såleis kunna svelta ut dei russiske styrkane på Krim.
Avskilet
Men utan å varsle amerikanarane i Wiesbaden, heiter det i reportasjen, la den ukrainske politiske og militære leiinga om strategien og satsa alt på eit fullskala åtak på byen Bakhmut, som russarane var i ferd med å erobra. Men kampane om Bakhmut tappa den ukrainske hæren for krefter, og sjansane til å trengja gjennom dei russiske linene til Svartehavet, svann. På dette punktet «skulle vi berre ha gått vår veg», skal ein ikkje namngjeven amerikansk representant ha sagt.
Den amerikanske krigsleiinga og dei amerikanske våpena skal fram til midten av 2023 ha gjort det mogeleg for ein talmessig underlegen ukrainsk hær å ta føringa i krigen, medan seinare uheldige val førte til usemje mellom ukrainarane og amerikanarane, som meir og meir trudde krigen ikkje kunne vinnast, samstundes som dei steg for steg lét seg skyva til å kryssa stadig nye «raude liner» for å halda presset mot russarane oppe.
Etter det tapte slaget om Bakhmut skal amerikanarane ha meint at Ukraina mangla mannskap på slagmarka mot ein russisk fiende som såg ut til å ha eit botnlaust reservoar av soldatar, og at Zelenskyj ikkje kunne vinna krigen om hæren hans ikkje skreiv ut soldatar heilt ned til 18-årsalderen. Til dette skal Zelenskyj ha svara: «Kvifor skal eg skriva ut meir mannskap? Vi har ikkje noko utstyr å gje dei.»
Amerikanarane ville ha fleire unge ukrainarar ut på slagmarka, ukrainarane ville ha fleire og meir effektive amerikanske våpen. Men slik reportasjen fortel det, var amerikanarane redde for ein større krig om dei gav etter for ønska til Zelenskyj.
«Moskva»
Partnarskapen mellom USA og Ukraina «opererte i skuggen av den djupaste geopolitiske redsla». Frykta skal ha vore at den amerikanske militære innsatsen kryssa ei «raud line» for Putin, som kunne gripa til atomvåpen. «På nokre vis var Ukraina, sett i ein større samanheng, ein omkamp i den lange historia om dei vikarierande (proxy) krigane mellom USA og Russland – Vietnam i 1960-åra, Afghanistan i 1980-åra, Syria tre desennium seinare», skriv Entous.
Veikskapen i alliansen mellom USA og Ukraina skal ha lege i at partnarane ikkje hadde same risikomedvit: Medan amerikanarane for alt i verda ville unngå ein open krig mellom Nato-land og Russland, vert ein anonym ukrainsk offiser sitert slik: «Vi er allierte, men har ulike mål. Vi vernar landet vårt, og dei (amerikanarane) vernar gjenferdet sitt frå den kalde krigen.»
Senkinga av «Moskva», flaggskipet til den russiske Svartehavsflåten, i april 2022 vert i reportasjen nytta som eit tidleg døme på korleis denne ulikskapen kunne slå ut. Senkinga skal ikkje ha skjedd gjennom nokon godt planlagd aksjon. Tvert om skal amerikanske og ukrainske marineoffiserar ha vore på eit rutineoppdrag då det russiske flaggskipet uventa dukka opp på radarskjermane. Etter det ein amerikansk offiser visstnok fortel, gjekk reaksjonane hos dei allierte slik: «Amerikanarane seier: ’Oi, det er jo Moskva!’ Og ukrainarane seier: ’Å herregud. Tusen takk. Farvel.’»
For ukrainarane var senkinga av «Moskva» ein stor triumf, eit prov på ukrainsk dugleik og russisk hjelpeløyse. Men amerikanarane var rasande, skriv Entous, og tekne på senga. Ukrainarane hadde ikkje varsla dei før dei skaut, og dei visste ikkje at ukrainarane hadde våpen som kunne nå skipet. Biden-regjeringa hadde ikkje tenkt å setja ukrainarane i stand til å råka eit så potent symbol på russisk makt.
Eskaleringa
Då russarane i 2023 gav opp åtaket på Kyiv og la om strategien til å grava seg ned i sør og aust for å utmatta Ukraina gjennom ein lang krig, skal general Donahue i Wiesbaden ha meint at ukrainarane ville tapa krigen mot ein tal- og våpenmessig overlegen fiende, om dei ikkje kom på offensiven. For å unngå at Ukraina tapte krigen, måtte amerikanarane kryssa ei ny «raud line», skriv Entous, og forsyna den ukrainske hæren med offensive våpen – M777-kanonar, som Biden ikkje tidlegare hadde vilja gje dei, slik at USA no greip direkte inn i bakkekrigen.
M777 hadde berre ei rekkjevidd på 25 kilometer. Ifølgje reportasjen ville generalane i Wiesbaden ha meir, og pressa på for å få politikarene i Washington til å senda langtrekkjande Himars-rakettar, som kunne nå mål 80 kilometer unna, og seinare dei endå meir avanserte Atacms, som kunne nå mål opp til 300 kilometer vekke, slik at dei russiske forsyningslinene vart tvinga lenger og lenger vekk frå krigssona.
Men i Det kvite huset talde dei på knappane, bokstaveleg tala: Kjensla var at dei «stod på randa av ein avgrunn og spurde seg sjølve om eit steg til ville utløysa ein tredje verdskrig».
Kvar gong krigen nærma seg Krym, som i russiske augo er russisk land og militært umisteleg, auka sjølvsagt faren for eskalering som kunne ha utløyst ein større krig. Då den ukrainske hæren i 2022 gjorde framsteg i retning av elva Dnipro og Krym og amerikanarane tillét droneåtak mot Sevastopol, den russiske marinebasen på Krym, skal ein tenestemann i Pentagon ha meint at presset på Krym kunne få Putin til å gjera «noko desperat».
Reportasjen seier at den amerikanske etterretninga samstundes «overhøyrde» den russiske generalen Surovikin diskutera om taktiske atomvåpen måtte setjast inn om ukrainarane kryssa elva og fekk rak veg mot Krym. Medan ukrainarane pressa på for å nå til Krym, skal dei i Det kvite huset ha diskutert om dei ikkje måtte leggja press på ukrainarane for å halda dei attende; om det russiske forsvaret av Krym braut saman, rekna amerikanarane risikoen for atomkrig til å vera 50 prosent. Etter denne forteljinga rykte atomkrigen nærare i same takt som ukrainarane rykte sørover mot Krym.
Tillitsbrotet
Men då ukrainarane nølte med å gå mot Melitopol, seier Entous, rakk russarane å trekkja seg attende og grava seg ned i djupe forsvarsverk nord for Krym. Deretter skal den ukrainske generalen Syrskyj ha sett føre seg at dei kunne omringa dei store russiske styrkane som no pressa på, erobra byen Bakhmut kvartal for kvartal og hus for hus, og med ein slik siger svekkja den russiske kampmoralen. Dette lukkast ikkje, og skal samstundes ha vore eit brot på den strategien amerikanarane trudde dei var blitt samde med ukrainarane om.
I 2023 snakka amerikanarar og ukrainarar om siger, seinare tok amerikanarane til å tenkja at krigen var tapt, om vi skal tru reportasjen i New York Times. I 2024 skal Biden-regjeringa ha kjent seg tvinga til å kryssa den eine raude lina etter den andre berre for å halda den ukrainske hæren flytande.
Med svekt tillit mellom ukrainsk hærleiing og amerikanske hjelparar skal ukrainarane ha teke til å operera meir på eiga hand. Då dei rykte inn i Kursk, skal det ha vore eit reint ukrainsk tiltak utan samråd med amerikanarane, som nekta dei både våpen og etterretning til å gå inn i Russland.
Sluttspelet
Lat oss seie at ikkje alt som står i denne reportasjen, er sant og rett, og iallfall ikkje heile sanninga. Men sjølve tvilen på kjeldene, bygd på ønsket til Trump-regjeringa om å trekkja seg ut av krigen, forsterkar eit hovudinnslag i forteljinga: at amerikanarane, både under Biden og Trump, meinte og meiner at Ukraina ikkje kan vinna krigen mot Russland utan mykje meir mannskap på bakken og endå større overføringar av våpen.
Det er ein rimeleg synsmåte, som inneber at Ukraina, etter det amerikanarane meiner, ikkje kan vinna krigen utan at Russland vert nedkjempa i ein mykje større krig. Då vert det òg rimeleg å spørja om det i det heile kan finnast noko fornuftig alternativ til ei fredsløysing som kjem nokre av dei russiske krava i møte, også territoriale krav. For utan eit slikt kompromiss vil krigen gå vidare utan amerikansk hjelp.
Om ikkje Ukraina då skal verta militært overkøyrd, kanskje alt i sommar, må dei europeiske Nato-landa ta plassen til amerikanarane gjennom ein ny europeisk militærallianse, eller ei slik ny europeisk supermakt som den slovenske filosofen Slavoj Zizek drøymer om (Dag og Tid 11. april 2025).
Det vil ta si tid før denne nye supermakta er der, fleire år, seier dei som skal ha greie på det. Då har Russland kanskje teke heile Svartehavskysten frå Ukraina. Så skal den nye supermakta ta Ukraina attende frå Russland.
Dag og Tid 26.4.2025