MENY

Forside >Journalistikk >Pandemi og demokrati

Pandemi og demokrati

Giorgio Agamben. (Portrett fra «Dritti Globali»)

Italienske Giorgio Agamben er mellom dei store namna i samtidsfilosofien. Han har undervist ved ei rekkje sentrale universitet i Europa og USA, der han i 2004 vart kjend då han måtte avstå frå å forelese ved New York University fordi han nekta å la Homeland Security skanne og sjekke fingeravtrykka hans.

Med hovudverket sitt, Homo Sacer, har han sidan 1990-åra vore ein av dei mest lesne og diskuterte nolevande filosofar i Europa. Med standpunktet sitt til koronapandemien, som han i ein artikkel har kalla «ein oppdikta epidemi», er han òg vorten den mest upopulære. Årsaka til dette kan ein sjå nærare på i ei samling av artiklar og intervju som nyleg er omsette til engelsk under tittelen Where Are We Now? The Epidemic as Politics.

Den vesle boka på hundre sider inneheld korte innlegg og intervju sikta inn på eit større publikum. Her ligg òg veikskapen til boka. Tekstene er tufta på ein omfattande og djuptgåande samfunnsanalyse som kanskje kunne forklare dei uortodokse synsmåtane hans på pandemien. Men i boka vert ikkje denne bakgrunnen synleg for lesaren.

Godt synleg er derimot det sterke engasjementet hans, som heng saman med at koronaepidemien for han verkar som eit slåande døme på det han skriv om i Homo Sacer, nemleg korleis menneska i vår tid gjev opp eller misser fridomen sin.

DEN LØYNDE MAKTA
Hovudtanken hans er at tiltaka mot pandemien, fridomsranet gjennom nedstenging av samfunnet, portforbod, reiserestriksjonar, sosial avstand og så bortetter, ikkje lèt seg skjøne som rasjonelle helsetiltak, men spring ut av tendensen det moderne samfunnet har til å vilje kontrollere livet og menneska.

I vestlege liberale demokrati vert denne kontrollen til vanleg ikkje utøvd gjennom ytre makt, men ved at individa vert sine eigne vaktarar, meiner han.

Hos Agamben kjenner ein att synsmåten om den løynde makta i demokratiet. Medan samfunnsmakta i eit ope diktatur som til dømes det gamle Sovjetunionen eller det moderne Kina er synleg for alle, skal makta i eit liberalt demokrati vere usynleg eller inderleggjord. Tanken er at vi gjennom strukturane og ideologiane i samfunnet vert våre eigne fangevaktarar, og gjennom denne illusjonen om fridom vert vi dess meir ufrie.

No er Agambens analyse av maktforholda i det liberale demokratiet meir komplisert enn dette. Også ein annan vanskeleg, men særs innverknadsrik filosof, Michel Foucault, nyttar i Det moderne fengsels historie ein epidemi med strenge karantenetiltak i Vincennes på 1600-talet som døme på moderne styringsmekanismar, og Agamben har lært av Foucault.

Det er difor naudsynt å sjå artikkelsamlinga og standpunktet hans til epidemien i ljos av skepsisen hans til det moderne samfunnsordninga. «Pandemien har vist at det ikkje lenger går an å tvile på at borgarane no vert reduserte til rein biologisk eksistens», skriv han og meiner med det at epidemien og tiltaka mot han synleggjer ein meir usynleg prosess som lenge har vore verksam, og som reduserer individet frå borgar med rettar til «passivt objekt for medisinsk handsaming, kontroll og mistanke».

EPIDEMIEN SOM POLITIKK
Italia vart i 2020 snøgt det hardast råka landet i Europa under pandemien. Mange sjuke vart sende til sjukehus, der dei døydde åleine utan dei pårørande. I Bergamo var dødstalet så høgt at hæren måtte setjast inn for å frakte døde til krematoria. Det vart tidleg erklært unntakstilstand, fleire område i Nord-Italia vart sette i karantene med inn- og utreiseforbod. På høgda av elendet vart landet nedstengt med sterkt avgrensa rørslefridom, i praksis ein to månader lang husarrest for heile folket.

Om italienarane sin aksept av dei strenge tiltaka skriv Agamben i innleiinga til artikkelsamlinga at «denne røynsla har synt at andlet til andlet med ein helserisiko er folk klare til å godta nedkortingar av fridomen sin i ein mon dei tidlegare aldri har vore viljuge til – ikkje eingong under dei to verdskrigane eller under totalitære diktatur».

Ideologisk vart dette fridomsranet grunngjeve med at det var naudsynt for å berge liv og verne folket mot sjukdom og død. Men Agamben meiner at denne enkle forklaringa på unntakstilstand og fridomsran i pandemien, løyner overgangen til eit nytt styringssett. Dei dominerande samfunnsmaktene, skriv han, «har sett seg føre å gje opp det borgarleg-demokratiske paradigmet med borgarrettar, parlament og institusjonar og erstatte dei med ein ny apparatur vi enno berre så vidt kan sjå konturane av».

Smitteverntiltaka som er vortne framstilte som konkret knytte til viruset, dessutan som naudsynte, livbergande og kortvarige, er etter Agambens syn i røynda uttrykk for nye styringsformer som ligg latente i demokratia og materialiserer seg som unntaksregime i kriser som pandemien.

Om dette er rett, seier det seg sjølv at unntakstilstanden som tek frå oss rettar for å verne oss, vil verte permanente i same mon som krisene vert permanente.

NY HELSERELIGION
Bak dette synet, inspirert av makttenkinga hos Marx, Nietzsche og Foucault, ligg Agambens idéhistoriske analyse, som ser eit ideologisk skifte i dei liberale demokratia. Medan det grunnleggjande verdisettet vårt – «religion» kallar han det – har vore henta frå kristendom og kapitalisme, er vi no gått over til ein helsereligion der overleving for kvar pris er den høgste verdien.

Denne nye ideologien eller religionen legitimerer og kallar fram ei ny styringsform som Agamben kallar «biotryggleik», eit omgrep han har teke over frå Michel Foucault. Her er styringsmekanismen prega av at borgarrettar vert oppheva straks det er fare for liv og helse. Helsetrugsmålet tillèt, ja, gjer det til ei etisk plikt å innføre «hygienisk terror».

Styresmakter som fylgjer dette prinsippet, må alltid ta høgd for worst case, med det resultatet at unntakssituasjonar som i pandemien vert vanlege, og kontrollregime som opphevar rettane våre i unntakssituasjonar, vert permanente.

Agamben meiner at vi under pandemien såg kva dette kan føre til, idet «sameininga av den nye helsereligionen med statsmakta og unntaksregimet» skapte «eit maktapparat som truleg var det mest effektive i sitt slag som nokon gong har vore sett i vestleg historie».

TANKAR I ØYDEMARKA
Tankane i Where Are We Now? kan som sagt verke dårleg grunngjevne eller overdrivne for den som er utan kjennskap til hovudverka til Agamben. Makttenkinga i den filosofiske tradisjonen han tilhøyrer, kan verke manisk og misantropisk. Det er kanskje for liten opning hos desse filosofane til å rekne med naivitet, dumskap og flokktenking som sterke innslag hos samfunnselitane, som lett vert tillagde eit medvit og framsyn som gjer dei til kalkulerande og allmektige djevlar. Men det kan oppstå mykje faenskap av dumskap, ein treng ikkje vilje det vonde for å gjere det.

Likevel er det velgjerande å sjå teikn til liv i den tankemessige øydemarka som den saumlause semja om pandemien har skapt. Det er forstemmande å sjå at ei så stor og uvanleg krise som pandemien ikkje er vorten gjenstand for meiningsfull debatt, men vert møtt med slutta rekker på tvers av alle politiske og idémessige skiljeliner. Var årsakene til pandemien og strategien mot han verkeleg så opplagde at det ikkje lèt seg gjere å sjå meir enn éin einaste analyse og éi einaste løysing?

Men her er det betre seint enn aldri, og vi gjer vel i å tenkje gjennom alvoret i det vi har vore gjennom. Då skader det ikkje med uortodokse innspel som dei til Agamben. I det høge tempoet verda, vitskapen, politikken og livet flyttar seg mot framandt land, er det alltid rett å stille spørsmålet hans: Kvar er vi no?

Dag og Tid, 20. august 2021.

Forside >Journalistikk >Pandemi og demokrati