MENY

Forside >Journalistikk >– Det er ei plikt å vere eit inderleg menneske

– Det er ei plikt å vere eit inderleg menneske

– Mykje av livet handlar om å finne ut korleis ein skal bere bagasjen utan å få slitasjeskadar, seier Vigdis Hjorth. (Foto: Per Anders Todal)

Vigdis Hjorth høyrer til dei forfattarane som skjuler seg i ope lende. Ho synte seg først fram for oss som barnebokforfattar med den prislønte Pelle-Ragnar i den gule gården (1983), som alle foreldre og born, også hennar eigne, kunne ha liggjande framme utan å raudne. Med denne kamuflasjen kunne ho alt året etter i bestseljaren Jørgen + Anne = sant la Anne klippe flettene av rivalen sin i kampen om Jørgens gunst.

I det stille manna ho seg opp til utgjevinga av Fransk åpning, der ho framstiller den seksuelle kontrollfriken Henning som typisk for all verdas mannfolk, noko ho ikkje fekk mykje ros for hos mannlege litteraturkritikarar. Ros fekk ho seinare.

I FØREDRAGET med tittelen «Det mannlige blikk» i 2017, framstilte ho grenseryttaren Agnar Mykle med alle hans overdrivingar som representativ for det mannlege kjønnet. Det var ein kommentar til Dag Solstad, som ville setje opp statuar av Mykle på alle jernbanestasjonar i Noreg for at alle dei unge mennene som går av toget, skulle få sjå den mannen som har skildra livet dei skal leve. Vigdis Hjorth meinte at desse statuane ville stå der til skrekk og åtvaring for alle unge kvinner som stig på og av, så dei kan vite at alle menn dei kjem til å møte og elske, vil sjå på dei med det kyniske blikket til slaktaren og venleiksjuryen og aldri oppfatte dei som personar. Det vekte stormande jubel hos publikum på Gyldendals seminar som feira Mykles 100-årsdag med Hjorths veldreidde biletstorm.

Men både barnebøkene og ekstremfeminismen er kamuflasje hos henne. Kvinnene i romanane hennar elskar mennene, med alle lyta deira, det er nesten ei kristen syndstilgjeving i denne erotikken. I Om bare (2010) fortel dramatikaren Ida om den store kjærleiken til litteraturvitaren Arnold i ei drastisk og romantisk forteljing som tek tanken til store kjærleiksromanar frå Goethes Wehrter og Strindbergs En dåres forsvarstale til Torborg Nedreaas’ Av måneskinn gror det ingenting. Her er «mannen» tilgjeven med alle sine lyte, og «kvinna» er likestilt i all sin lidenskap. Lesaren ser det opplagde, at personlegdomen til den elska alltid er unik, sjølv om han er farga av kjønnet.

EIN KUNNE SEIE DET SAME om forfattarinna Vigdis Hjorth: Ho er trass i skiftande forkledningar seg sjølv og liknar ingen andre. Både forfattarskapen og livet hennar spelar seg ut for det offentlege blikket, snart i rolla som forbrukar av kvitvin og musserande raudvin og snart som forbrukar av menn. Ho er berykta for å utlevere levande modellar i romanane sine og for å ha vore i fengsel for promillekøyring, men bakanfor og tvers gjennom dette fargerike ståket går ein prosess av sjølverkjenning som slår ut i store skifte og forvandlingar, frå barnebøker til ungdomsbøker, frå erotiske forteljingar til minelagde familiekrøniker, og bøkene blir betre og betre.

Grunnen til denne stiginga, der dei to siste, Arv og miljø og Er mor død, er førebelse høgdepunkt, er at Vigdis Hjorth lever ut ein individualisme som er farleg for både henne sjølv og andre, men tenleg for forfattarskapen. I det politiske synet sitt er ho nokså konvensjonelt venstreorientert og ikkje spesielt nyskapande. I fjor fylte ho ein av Klassekampens laurdagsutgåver med eit dikt om postverket, lønsspørsmål og nullskatt, der det litterære høgdepunktet var setninga: «Mon Nato er gått ut på dato?» For dette fekk ho saman med medforfattaren Torgeir Rebolledo Pedersen plattform i Dagsnytt 18, der dei to fortalde at dei var for likskap, men mot urettvise. Men, som ho sjølv seier, politikken er ikkje berre for ekspertane.

DET STØRSTE TALENTET HENNAR ligg uansett ikkje i politikken, men i krafta til å gjennomføre ideane og intuisjonane sine utan for mange tankar på fylgjene for seg sjølv og andre. For dette er ho blitt skulda for å «fråtse i selvbiografiske familiekonflikter», særleg i Aftenposten, som nytta journalistar til å etterforske kven som er kven i Arv og miljø, slik at heile landet blei vitne til korleis desse familiekonfliktane spela seg ut i pressa.

Det er lett å seie at dei same reglane gjeld for forfattarar som for andre menneske, og at ein lyt halde seg for god til å henge ut andre offentleg i privatsaker. Sei det til Henry Miller, Henrik Ibsen, Amalie Skram, Hans Jæger, Thomas Wolfe, Goethe og August Strindberg; ikkje sei at forfattarane skal skrive pent og skikkeleg, sei at du ikkje vil ha litteratur, han er for invaderande og krenkande. Sei du berre vil ha fasade.

Omsynsløysa til ein forfattar som Vigdis Hjorth råkar i høg mon også henne sjølv, for ein lyt ikkje tru at det er morosamt å bli omtala som ein som henger ut foreldra sine. Men meininga med litteraturen ligg i å gjere ope og tilgjengeleg dei sidene av livet som elles ikkje blir omtala for den lesande ålmenta. «Romanen er nøkkelen til dei forbodne romma i huset vårt», seier den franske forfattaren Louis Aragon. Korkje politikk, vitskap eller journalistikk kan skape den samtalen om det vanskelege og viktige som oppstår mellom forfattar og lesar der litteraturen lukkast. Lukkast kan han berre der det personlege blir heva opp frå det private til det ålmenne. Når dette skjer, som i dei beste romanane til Vigdis Hjorth, lyt pressa ikkje flytte dei ned att til det private.

ATTER STØYTER VI DÅ PÅ sjølvmotseiingane og motsetnadene hjå denne forfattaren. Omsett til mest tretti språk og hylla i The Times Literary Supplement, gjer ho narr av dei maskuline storleiksdraumane til forfattarar som Mykle og Knausgård, nærte av ei litterær ålmente som alltid leitar etter avgudar, men ho blir sjølv irettesett av Inger Bentzrud i Dagbladet for å opphøge kunstnaren til «noe i nærheten av et overjordisk vesen som utelukkende har forpliktelser overfor sin egen sannhetssøken».

Men kva anna skulle forfattarane kjenne seg forplikta på? Om dei skriv innanfor samtidas rådande moralkodeks og livssyn, får litteraturen berre meining som underhaldning. Ikkje noko gjer forfattaren meir umoralsk enn slike moralreglar. Viktig for livet blir romanane berre om forfattaren set seg opp imot og klarer å overskride grensa frå konvensjonell etikk til absolutt personlege standpunkt og utkikspunkt, det som den danske filosofen Søren Kierkegaard kallar det religiøse stadium, der den einskilde står aleine andlet til andlet med Gud og fattar sitt heilt individuelle oppdrag som ingen andre kjenner til.

Dimed står vi atter andsynes det dulde hjå den offentlege personen Vigdis Hjorth. For kva skal denne erotiske og grensesprengande forfattarskapen med pietisten Søren Kierkegaard, og kva er det med denne strenge asketen som tiltalar kulturradikalarar som Georg Brandes, som skreiv ei namngjeten bok om Kierkegaard, den avdanka revolusjonære Dag Solstad, som lét ein av romanheltane sine avslutte forfattarskapen med å lese Kierkegaard aleine om natta på jernbanestasjonen på Nordagutu, og forfattarinna av Fransk åpning, ikkje nett ei andaktsbok?

En av P.C. Klæstrups mange karikaturer av Søren Kierkegaard fra den store feiden mellom den danske filosofen og satirebladet Corsaren i 1845-46.

HJORTH: Du kan seie at eg møtte Søren Kierkegaard på Institutt for idéhistorie seint i 1970-åra som ung kvinne på leiting etter ein djupare, eigenleg identitet, kanskje utan å vere så medviten om kva eg leita etter. No er dette instituttet nedlagt, kanskje unge menneske ikkje leitar etter seg sjølv i ideane lenger, eg veit ikkje. Men den gongen presenterte faget seg med dei store og grunnleggjande, enkle og vanskelege livsspørsmåla: Lurer du på kven du er, lurer du på kvifor du er her? Eg lurte på begge delar og byrja på faget. Der måtte eg lese Kierkegaards Filosofiske smuler, som skulle vere svært lett tilgjengeleg, og som eg ikkje skjøna mykje av, men eg fekk likevel kjensla av å vere i nærleiken av noko viktig – ein draumens navle, som Freud kallar den staden i ein nattleg draum der det opnar seg ein kanal inn til det løyndomsfulle og uforklarlege. For Søren Kierkegaard meiner jo, som Freud, at det finst andre måtar å få innsikt i tilværet på enn gjennom vitskap og statistikk.

SKAGEN: Filosofiske smuler er samstundes eit litterært og filosofisk verk som – som mest alt hos Kierkegaard – nyttar fiktive personar til å uttrykkje motsette synspunkt. Det passar jo godt for romanforfattarar.

HJORTH: Det gjer det. I denne boka er det psevdonymet Johannes Climacus som freistar å sjå om kristendomen er mogeleg sett frå ein ikkje-kristen ståstad, og det passar for ein ikkje-truande. Kierkegaard misjonerer ikkje, men kjempar, og lesaren treng ikkje – eg hadde mest sagt lyt helst ikkje – vere kristen for å få kjempe med.

SKAGEN: Også Dag Solstad tydde til Kierkegaard då han i Ellevte roman, bok atten skreiv om korleis romanpersonen Bjørn Hansen bedrog alle kring seg med å late som om han var blitt lam etter ei trafikkulykke. Solstad skildra vel dette bedraget som eit sprang over i det Kierkegaard kallar det religiøse stadium, noko som òg kan tolkast psykologisk, der mennesket kryssar grensa frå ålmennmoralen til den personlege etikken og slik blir eit sjølvstendig individ. Men som deg finn Solstad det naudsynt å nemne at romanpersonen hans ikkje trur på Gud.

HJORTH: Eg meiner det ikkje betyr så mykje kva ein trur på, men at ein tvilar, og korleis ein leitar. Det er ei sterk støtte hos fortvilte menneske å kunne samtale med ein forfattar som Søren Kierkegaard. Då eg nokre år etter studia hamna i ei livskrise og flykta til New York, var det Kierkegaards Enten-Eller eg tok med meg på flyet, nærast som ei reisehandbok i freistnaden på å bli eit sjølvstendig menneske med ansvar for eigne val og eige liv. Eg sat i det transatlantiske mørkret og las om spissborgaren som fylgjer alle skrivne og uskrivne samfunnsreglar i eitt og alt, han som trur han vel sitt eige liv, men i røynda er ei brikke i samfunnsspelet og blir flytta rundt på brettet etter samfunnets vilje som ein automat i rørsle, og eg forstod at eg sjølv var ein spissborgar, gift med ein spissborgar, at eg hadde født tre spissborgarlege born, og at eg måtte skilje meg frå mannen min. Ein kan vere i tvil om asketen Kierkegaard ville ha godkjent dette valet, men det var han som frigjorde meg til det.

SKAGEN: Kort sagt var Kierkegaard fødselshjelpar eller jordmor for deg.

HJORTH: Ja, og ikkje berre i store kriser, men òg i det meir kvardagslege. I mange vanskelege situasjonar plar det hjelpe meg å lese Kierkegaard. Han skriv ein stad at det er så mange menneske som bur i sin eigen kjellar, trass i at det er ledig i dei øvre etasjane, der utsikta er vid og perspektivet er æva – og eg vil jo oppover i etasjane!

Wilhelm Marstrands berømte Kierkegaard-karikatur. (Fra Det Kongelige Bibliotek, København zhttp://www5.kb.dk/en/nb/tema/webudstillinger/sk-mss/sk-portraetter/marstrand.html>.

DET ER i Sykdommen til døden at Kierkegaard liknar menneskesjela med eit hus i tre etasjar, der etasjane er betre og rikare utstyrte dess høgare ein stig opp. Den øvste etasjen har vedunderleg utsikt og er innreidd som til ein adeleg, så søkk nivået til ein kjem ned i kjellaren, der det er mørkt og fattigsleg. Mennesket kan bu på toppen, men føretrekkjer å bu i kjellaren. Med dette meiner Kierkegaard at den utviklinga som mennesket må gå gjennom for å kome opp på høgaste nivå med utsyn over tilværet, er så vanskeleg at dei fleste heller vil halde fram med å vere der dei er, sjølv om dei blir triste og lir. I 17. roman plasserer Dag Solstad Kierkegaards bilete av menneskesjela rett ned i verda i form av ein einebustad i Bø i Telemark, der Bjørn Hansen er på vitjing hos son sin. Bjørn Hansen bur i sokkeletasjen, altså i kjellaren, og sjølv om han kjem opp i den midtarste etasjen, nektar han merkeleg nok å gå opp i tredje og øvste etasje for å sjå på rommet til sonesonen. Nede i kjellaren, der han har ei seng, får han korkje sove eller puste. «Lufta var så tett her inne.» Han famlar seg fram til vindauget for å opne det, men det lèt seg ikkje opne. Han pakkar skittentøyet sitt og Kierkegaard-boka si, snik seg ut og tek ei drosje til Nordagutu, der han er viss på at sonen ikkje vil leite etter han. Her sluttar romanen, og i grunnen heile Solstads forfattarskap, med at hovudpersonen sit på ein benk under ei utelampe, «alene med Sygdommen til døden av Søren Kierkegaard». Også Vigdis Hjorth låner dette kjellarbiletet frå Kierkegaard i forfattarskapen sin.

HJORTH: Eg elskar forfattarskapen til Solstad, han er ein stor inspirasjon for meg. I Leve posthornet (2012) lèt eg hovudpersonen min finne dagboka si frå ti år tilbake. Det skjer under eit tilfeldig – ! – ærend i kjellaren. Der les ho kva slags sko ho kjøpte ein onsdag, kva slags kjole ho kjøpte ein torsdag, kva mann ho hadde stemnemøte med ein fredag og kven på ein søndag, og ho spør seg sjølv: Er det dette eg har funne verdt å skrive om? Det driv henne inn i ei krise.

Men eg har eit anna tilhøve til Kierkegaard enn Solstad har, eg er ikkje melankolikar, eg freistar å unngå å gjere livet mitt meir komplisert med spekulasjonar. Eg tenker ikkje på Kierkegaard som grublar eller pietist, men fyrst og fremst som ein kunstnar som insisterer på det einskilde menneskets betydning og ansvar. Eg tek frå han det eg treng og det eg finn, framom alt livsalvoret. At det er ei oppgåve å vere fødd som menneske på jorda, då med hovudvekta på gåve. Hos Kierkegaard blir eg styrkt i trua på at eksistensen vår er ei tillitserklæring ovanfrå – det er så å seie ei plikt å vere menneske så ansvarleg og inderleg som eg kan. Det store eventyret i livet er ikkje å reise jorda rundt eller stige opp til makta og rikdomens høgder, men at eg kan vere nett den eg er medan eg ei stutt stund får vere menneske på jorda. Den oppgåva må ikkje skuslast vekk, men takast på største alvor.

Faksimile av omslaget til originalmanuskriptet til Philosophiske Smuler.

Forfattaren Vigdis Hjorth verker vere ein klassisk kulturradikalar med vekta på sjølvrealisering og individualisme i denne verda, og med mindre interesse for ei anna verd. Likevel er den nyaste romanen hennar, Er mor død, så å seie pakka inn i kristendom. Romanen byrjar med eit vrengebilete og ei omsnuing av det kristne motivet Maria med barnet i form av eit målarstykke kalla «Barn og mor», laga av hovudpersonen og kunstmålarinna Johanna. Det er forma som eit triptykon, eller alterbilete, atter ei peiking til den kristne tradisjonen. Men i staden for dei harmoniske madonnabileta vi kjenner frå ikon og renessansemålarar som Rafael og Leonardo, har Johanna laga eit skrekkbilete der mor og dotter er skilde og framandgjorde frå kvarandre og overskugga av eit fælsleg patriarkskugge.

Romanen sluttar med ein forvrenging av kjærleikens lovsong frå Paulus’ første brev til korintarane, som endar slik: «Så blir dei verande desse tre: tru, von og kjærleik. Og størst av dei er kjærleiken.» Hos Hjorth blir dette til ein motsats då Johanna ironisk nyttar moras usjølvstendige liv til å erstatte von, tru og kjærleik: «Så blir de stående disse tre: Tøy skal legges i bløt over natten og deretter skylles opp tre ganger. Spagettien er ferdigkokt når den blir hengende på keramikkflisene bak komfyren. Hvis du kjøper alt du ser, vil du gråte når andre ler. Viktigst er det med spagettien.»

Brev fra Søren Kierkegaard til Regine Olsen.

SKAGEN: Kanskje seier romanen her meir enn forfattaren hadde tenkt, eller ligg det noko religiøst i sjølve den krafta som driv sjølvrealiseringa og sjølverkjenninga?

HJORTH: Mykje av bibelkjennskapen min har eg frå Kierkegaard, men eg er òg oppteken av Jung og Freud, som begge nyttar bibelske forteljingar og andre mytar for å skjøne mennesket og livet. Dessutan held nokre parti av Bibelen oppsiktsvekkande høg litterær standard, med bøker, bolkar og setningar som set seg fast i alle hovud, også hos lite truande som meg. Når dette er sagt, må eg føye til at det sterke bandet mitt til Kierkegaard gjorde at eg freista å tru, men det greidde eg ikkje å få til. Eg kjenner det ikkje som om eg treng nokon organisert religion, og eg får heller ikkje fornufta mi med på det. Så eg må kaste meg ut på 70.000 famnars djup på anna vis.

SKAGEN: Eg trur Solstad har rett når han i 17. roman, slik eg les boka, seier at det tredje eller «religiøse» stadium i utviklinga til mennesket byrjar der du, som Bjørn Hansen, blir gripen av den djupe fortvilinga over at livet er utan viktig innhald og «ubetydelig». Bjørn Hansen går derifrå til ein idé som han meiner er irrasjonell og rein galenskap, som trekker han til seg med ei kraft han ikkje kan stå imot, og som han veit er hans, noko han står fullt og heilt inne for, nemleg eit fullstendig personleg prosjekt, ei oppgåve, som du seier. Det kunne òg kallast eit «kall», eller ein kontrakt mellom deg og Gud, eller om ein likar det betre: mellom den einskilde og samvitet.

HJORTH: Men eg har òg hatt sterke åndelege møte med enkelte av Kierkegaards tekster. I Sykdommen til døden fortel han om den mektige keisaren som sender bod til den vesle, fattige leiglendingen i ytterkanten av riket. Men den usle leiglendingen kan ikkje tru at keisaren vil han noko. Han er forbløffa over at keisaren i det heile veit at han finst. Jau, blir det sagt han, keisaren veit om deg og vil gjerne møte deg, han vil ha deg til svigerson. Leiglendingen kan ikkje tru dette, han meiner det må vere noko lureri. Om han byrjar tru på slikt noko, vil han bli gjord til latter for heile byen, folk vil gjere narr av han bak ryggen hans, han vil bli karikert i blada. Trua på noko så umogeleg vil gjere han ulykkeleg heile livet. Så han vil ikkje tru det. Så skriv Kierkegaard: Det skal mot til å tru at det høgaste vil deg noko. Da eg las dette, kjende eg i ein augneblink at det høgaste ville meg noko, ikkje berre meg, men alle einskildmenneske. Det gav meg ei vedunderleg kjensle av å bli løfta. Så eg er ikkje uvitande om denne større horisonten hos Kierkegaard.

SKAGEN: Kanskje er denne horisonten ein premiss for det moralske livsalvoret, slik Solstad skriv.

HJORTH: Ja, men eg nøyer meg med dette etiske, det å ikkje kaste bort tida ein har på jorda. Det viktigaste er kva sinnelag eg møter verda og menneska med. Kierkegaard skriv ein stad om den rike som innfor æva blei spurd om han hadde vore miskunnsam, og som svarte at ja då, han hadde gjeve store pengesummar til dei fattige. Men spørsmålet blei berre teke opp att: «Har du vært barmhjertig?» Det vil seie at det siste spørsmålet om kven du er, ikkje gjeld kva du trudde og kanskje ikkje eingong kva du gjorde, men alltid kva sinnelag du hadde eller kjempa for å ha.

SKAGEN: Samstundes er det noko grenselaust som lett kan bli destruktivt i individualismen til Kierkegaard. Det ser ein òg i Solstads Ellevte roman, bok atten, der Bjørn Hansen ikkje berre er kry over handlinga si, men blir skremd av henne og meiner seg «ført like inn i fortapelsen». Det er noko som mislukkast her. Ein finn det same i den siste romanen din, Er mor død, der Johanna i ungdomsåra fylgjer ein kierkegaardsk inspirasjon, bryt over tvert med foreldra, ektemannen og jusstudia, reiser med ein ny kjærast til Amerika og blir kunstmålar. Ho skulle vel vere fri no? Men etter kvart som åra går, og ho blir om lag seksti år gamal, vender ho attende til gamlelandet og byrjar å utforske forholdet til mora, som ho ikkje har sett på førti år. Det store valet sette henne likevel ikkje fri.

HJORTH: Johanna blir kunstnar, det som var det store prosjektet hennar, i så måte er ho fri. Så nyttar ho kunsten til å forstå djupare band som ikkje kan veljast vekk. Eg trur det står ein stad i romanen at mors mysterium er mitt mysterium. Johanna etterforskar fortida si og meiner å finne ut at mora lir av ubehandla smerte. Mora lever i fornekting, og Johanna vil forløyse mora ved å tvinge henne til for fyrste gong å snakke ut om eiga liding og smerte. På eit eller anna vis er moras forløysing eller frigjering ein føresetnad for at Johanna skal bli forløyst som menneske.

SKAGEN: Eg får det inntrykket at det som kanskje aller sterkast driv Johanna i etterforskinga av livet til mora, er at det er så viktig for Johanna sjølv å skjøne årsaka til at mora er kald og stiv. For utan å skjøne mora som lidande menneske kan ho ikkje tilgje henne, og utan å tilgje mora kan Johanna ikkje sjølv bli fri. Atter kjem det kristne motivet opp.

HJORTH: Men heilt frie blir vi ikkje same kva. Ingen kjem unna barndom og oppvekst utan bagasje. Mykje av livet handlar om å finne ut korleis ein skal bere bagasjen utan å få slitasjeskadar. Det er eit ordtak som går slik: «Eg fekk eit problem av mor mi, men eg visste ikkje kva eg skulle gjere med det, så eg gav det til borna mine.» Eg vil ikkje tolke min eigen roman, men som lesar ser eg jo at Johanna, som fyrst var offer for ei kjenslekald mor, i neste omgang gjer mora til offer for trongen til å få innsyn i lidinga hennar. Til sist går det så langt at ho overfell henne fysisk for å tvinge sanninga fram.

SKAGEN: Det er ei vending i forfattarskapen din frå kierkegaardsk individualisme og kulturradikal frigjering som i Fransk åpning og Om bare til familieromanane Arv og miljø og Er mor død. Plutseleg blir fridomen og sjølvrealiseringa, som først verkar å vere udiskutable moralske imperativ, problematisert. Kor frie var vi eigentleg? Opplever vi ein litterær edruskap og ettertanke på fellesskapsverdiane etter ein epoke med individualistisk rus?

HJORTH: Det kan sjå slik ut. Verda har endra seg svært mykje dei siste 10–20 åra, det er blitt lettare å sjå at dei største problema våre er kollektive. Skal vi overleve som art, må vi samarbeide.

I ei dagboksoppteikning frå 1855 skriv Søren Kierkegaard ei likning for tida han levde i, men som er gyldig for alle tider, trur eg. Han ser for seg det vi ville kalle eit stort cruiseskip med tusen passasjerar som siglar midthavs i lystig fest med musikk, dans og latter, og kapteinen og mannskapet gler seg og larmar saman med dei andre. Men éin einaste passasjer oppdagar eit teikn på himmelen som han veit varslar eit frykteleg uvêr. Han skjønar at livet til alle står på spel og varslar kapteinen, som berre ler og går tilbake til festen og drykken.

SKAGEN: Kva skal denne eine medvitne passasjeren gjere?

HJORTH: Det er spørsmålet. Dei fleste av oss vil vel kjenne seg att i passasjeren som anar at det er fare på ferde, men kjenner seg makteslaus. Kanskje ville vi ikkje eingong kontakta kapteinen av redsle for å øydelegge sjampanjestemninga og heller prøve å overtyde oss sjølve om at det likevel ikkje er så farleg? Det verste er at dei fleste av oss truleg ville vore mellom dei dansande og drikkande i kahytta utan å ha merka noko til uvêret før det var for seint.

Kierkegaard vil, slik eg les han, trekke oss opp frå festen og få oss til å sjå mot horisonten. Ikkje berre for å oppdage uvêr vi lyt styre unna eller ruste oss for, men fordi det er under ævehorisonten og i det verkeleg store perspektivet mennesket skal leve. Vi skal ikkje tenke dårlegare om oss sjølve enn at kvar einskild av oss kunne klare dette.

Dag og Tid, 24.12.2020.

Forside >Journalistikk >– Det er ei plikt å vere eit inderleg menneske