MENY

Forside >Fagre nye koronaverd

Fagre nye koronaverd

Foto: AFP/Joel Saget (Fra Berliner Zeitung)

Når koronaepidemien vonleg søkk ned til ein sesonginfluensa om eit eller to år, vil vi ikkje vere dei same som før. Vi kjem til å ha meir angst i oss, den sosiale omgangen vil skje i meir lukka sirklar, samfunnslivet vil vere sterkare digitalisert, og vi vil vere betre tilpassa eit liv med mindre fridom og meir overvaking.

Angsten, isolatet og digitaliseringa vil ikkje berre bremse epidemien, men også svekkje den demokratiske ålmenta og dei frie samkomene. Det vil bli mindre spontan og open samtale til vern mot allslags diktat, og fridomen til forsamling og organisering vil verte mindre nytta. Meir vil skje på skjermane og mindre i røynda.

Når arena etter arena for samkome, kultur og samtale no vert stengde eller innskrenka, lir den frie ålmenta som ligg til grunn for ikkje berre folkestyret, men for den intellektuelle og kunstnarlege utviklinga og samhandlinga òg. I staden for å vekse med utfordringane i tida vert vi øvde i å leve som om vi budde i eit langt mindre fritt samfunn enn vi gjer.

UNNATAKSTILSTANDEN

Heile byar har vore sette i karantene før. Men den friviljuge nedlåsinga av heile samfunn og verdsdelar som vi kastar oss inn i no, er noko uhøyrd. Den totalitære kinesiske staten fekk kontroll med virusutbrotet gjennom knallharde tiltak som vi trudde liberale statar korkje kunne eller ville tvinge på frie borgarar. Store byområde med millionar av menneske vart hermetisk lukka frå omverda, slik dette vart gjort i eldre tider, til dømes då København og Helsingør vart avsperra under den store pesten i 1710 og soldatar hadde ordre om å skyte dei som freista å rømme. Slikt kan ikkje vi gjere i vestlege, liberale samfunn, trudde vi.

Berre veker seinare gjekk vi i friviljug husarrest over heile den såkalla frie verda. Over natta gav vi frå oss grunnleggjande rettar som rørslefridom og forsamlingsfridom og lét staten avgjere kvar vi skulle reise, og kven vi skulle ha omgang med. Vi skilde besteforeldre frå barnebarn og lét foreldra våre døy i einsemd. Forsamlingar på meir enn fem menneske vart forbodne. Over store delar av Europa vart heile folket sett i husarrest. I Noreg nekta styresmaktene oss å bu på våre eigne fritidsbustader. Skular og universitet vart stengde. Kyrkjene stod lukka gjennom påskehøgtida for fyrste gong i historia. I dei elles så travle byane var gatene tommare enn rett føre eit varsla bombeåtak.

Åtferda vår var med andre ord som under krig eller statskupp. Viruset verka på oss som ei fascistisk makt som tek frå oss rørsle- og møtefridomen. Der den politiske undertrykkinga trugar med fengsling, tortur og nakkeskot, lova koronaviruset oss lungeinfeksjon med sakte kveling og død om vi ikkje gjekk i friviljug isolat. Friviljug oppførte vi oss som undersåttar i eit einevelde i eit av dei friaste landa i verda.

1984

Uvilkårleg måtte eg tenkje på dei to store litterære dystopiane frå førre hundreår, George Orwells 1984 og Aldous Huxleys Brave New World, som eit stykke på veg definerte verda for min generasjon. Desse to maktanalysane overlappar kvarandre i nokre delar, som til dømes måten språket vert nytta som maktreiskap på.

Orwells «nytale» tek sikte på å omforme språket slik at det ikkje lenger vert mogeleg å uttrykkje og skjøne opposisjonelle tankar. Dimed rekk staten heilt inn i det indre i mennesket, og makta vert absolutt.

Dei einaste opposisjonelle vi møter i 1984, hovudpersonen Winston Smith og kjærasten hans, er viktige for statsmakta fordi dei utfordrar legitimiteten til makta. Det er ikkje nok at desse to avvikarane vert fengsla eller drepne, for så lenge det finst éin einaste medveten fri personlegdom i despotiet, står despoten under skuldinga om å vere forbrytar.

Dei to siste motstandarane må difor øydeleggjast moralsk, undertvingast intellektuelt og knekkjast emosjonelt. Dette vert oppnådd når Winston og kjærasten under tortur svik kvarandre og dermed syndar mot sine eigne djupaste verdiar. Dei misser sjølvrespekten og vert brotne ned som frie individ.

FAGER, NY VERD

Den same kvelinga av den indre fridomen, den sjølvstendig tenkjande og kjennande personlegdomen, er målet for det totalitære regimet i Fagre nye verden. Men her er metodane annleis, ja, rakt motsette.

Denne skilnaden mellom 1984 og Fagre nye verden vart påpeika i eit brev Huxley skreiv til Orwell den 21. oktober 1949. Huxley trudde ikkje, skreiv han til kollegaen sin, at dei brutale diktatura ville overleve særleg lenge, men «maktlysta kan verte like godt stilt ved å suggerere folk til å elske underkastinga som ved å sparke og piske dei til lydnad». Huxley trudde at det primitive diktaturet i 1984 ville gli over i maredraumen i Fagre nye verden fordi dei mektige snart ville få bruk for større effektivitet enn det var mogeleg å oppnå gjennom ytre tvang.

Huxleys roman er grunnoppskrifta på korleis moderne teknologi og vitskap kan nyttast til å dominere menneska ved å omforme oss slik at vi kjenner statens totale kontroll som lukke. Det globale diktaturet i Fagre nye verden er tufta på velferd, forbruk, sjølvutleving, sex og rus utan andre fylgjer enn velvære.

Livet i denne nye verda er utan smerte og liding, fordi alle dei nære relasjonane som dreg med seg konflikt og sakn, er borte. Menneska vert laga i laboratorium etter statleg behov og har korkje foreldre eller born eller sterke kjærleiksforhold. Sjukdom finst ikkje, og alle vert avliva før alderdomen set inn. Ingen treng å frykte død, sjukdom, einsemd eller sorg.

Men prisen for denne «lukka» er høg: I den fagre, nye verda finst ikkje fridom eller risiko, fordi mennesket slik vi kjenner og verdset det som uføreseieleg, fri personlegdom, er utsletta.

NULLUTOPIEN

Nedlåsinga av samfunna under koronaepidemien i 2020 er sjølvsagt ikkje det same som den totalitære tilstanden som vert litterært skildra i 1984 og Fagre nye verden. Men likskap er det. Ser vi nedlåsinga i Aldous Huxleys perspektiv om forvandlingsformene til den totalitære makta, står koronanedlåsinga i det minste fram som ei åtvaring om kor kort vegen kan vere frå sjølvsagd fridom til friviljug trældom. Men slektskapen går djupare.

Også i det pragmatiske norske samfunnet ligg det eit utopisk element, henta frå den moderne epokens jakt på det jordiske paradiset. På nær sagt alle samfunnsområde har vi ein «nullvisjon» når det gjeld ulukke, liding og død.

Til og med noko så traust som Nasjonal transportplan opererer med ein «nullvisjon» om «ingen hardt skadde eller drepne» i trafikken, sjølv om dette er mest eit retorisk grep. Kraftnæringa skriv på nettsida for EnergiNorge at «visjonen» for energiproduksjonen er «null arbeidsskader». Coop har «nullvisjon» for kasting av mat, og Norcem har nullvisjon for utslepp av CO2. I arbeidet mot sjølvmord vert det snakka om ein «nullvisjon» der sjølvmord vert heilt utrydda, trass i at det i fjor vart innrapportert nesten 700 dødsfall gjennom sjølvmord, mange av dei unge menneske, altså meir enn tre gonger så mange som til no i koronaepidemien. Narkotikaomsorga har «nullvisjon» om at det ikkje skal finnast éin einaste narkoman i Noreg.

Også når det gjeld koronaviruset, låg denne «nullvisjonen» under: Viruset skulle «slåast ned», som helseministeren fleire gonger sa, til applaus frå nær sagt alle i landet, unnateke fagfolka i Folkehelseinstituttet, som frå byrjinga av og heile tida sidan har hatt ei anna tilnærming til epidemien enn politikarane, sjølv om dei av lojalitet har lege lågt med synspunkta sine, som har vore nærare den svenske tilnærminga enn den norske.

Kanskje var det den umedvetne utopien i oss om at det går an å leva utan ulukke og sjukdom og død, som gjorde det så enkelt å låse oss inne då epidemien kom. Den ukjende sjukdomen og det usynlege viruset gjorde at fridomen brått mista noko av verdien sin for oss. Andlet til andlet med den vilkårlege døden kasta vi vekk den personlege sjølvråderetten med ein lette som forbausa oss sjølve.

Dag og Tid, 30. april 2020.

Forside >Fagre nye koronaverd