MENY

Forside >Journalistikk >Teikn for ei vond og utru ætt

Teikn for ei vond og utru ætt

The Ghost of a Flea c.1819-20 William Blake 1757-1827 Bequeathed by W. Graham Robertson 1949 http://www.tate.org.uk/art/work/N05889

Morgenstjernen er den fyrste store romanen frå Karl Ove Knausgård sidan den eineståande suksessen med Min kamp i 2009–11. Knausgård er no omsett til 35 språk og har ein internasjonal posisjon som berre Jon Fosse kan overgå av norske forfattarar. Dimed vert ein ny, stor roman frå Knausgård ei litterær storhending.

Romanen startar i sakte fart med skildring av tankane til Arne om behaget i å vere på ferie, ha lagt ungane og ta seg eit glas vin på terrassen. Når kona, Tove, dukkar opp, vert lesaren utsett for halv- og heilsides dialogar om ho vil ha vin eller ikkje, om ho bør sova eller ikkje, og så bortetter. Tempoet fell mot stillstand, slik at sjølv førekomsten av levande krabbar midt i skogen og formidlinga av at Tove er bipolar, vert til noko altfor alminneleg.

Då det etter dette fylgde fleire sider om eit aktlaust drap på ein kattunge som Tove hadde trakka i hel, fleire familiedialogar om fjernsyn og bading, opplysing om at Tove drøymer om å ligge med Egil, kameraten til Arne, deretter side opp og side ned om Arne som råkar på Trond Ole, og eit heilt lite avsnitt om korleis ein går fram for å betale med bankkort for to tjuepakningar med Marlboro, gjekk det kaldt nedetter ryggen på meg. Kunne eg verkeleg halde ut meir enn 600 sider til om Arne og Trond Ole og liva og innfalla deira?

Utover i romanen merka eg likevel at han vann innpå meg. Etter kvart syner det seg at dei tilfeldige og ofte berre påbegynte livslagnadene ofte spelar saman, og at prosjektet til forfattaren ikkje er å underhalde oss med langdryge skildringar av så vanlege menneske at dei kunne ha vore bytte ut med nær sagt kven som helst.

Mot slutten av lesinga hadde eg skifta syn på teksten, som eg no såg som eit filosofisk prosjekt som byr seg fram til lesaren som ein reiskap til refleksjon over livets ytste vilkår, nemleg døden.

OPENBERRINGA

Det er neppe tilfeldig at Morgenstjernen, inklusive kolofonsider og bibliografi, endar på 666 sider, det apokalyptiske «talet for dyret», symbolet for det vonde i verda og særleg i endetida, slik ho vert skildra i Johannes’ openberring.

Også epigrafen for romanen, mottoet som er plassert rett føre starten på romanen, har Knausgård henta frå Openberringa: «I de dagene kommer menneskene til å søke døden, men ikke finne den. De skal lengte etter å få dø, men døden skal flykte fra dem.»

Den sentrale personen i Morgenstjernen, filmkunstnaren og den hemmelege skrivekaren Egil, kommenterer denne spådommen slik: «Jeg tror at ’de dagene’ nærmer seg. Jeg tror at ’De’ er oss.»

Epigrafen frå Openberringa skal altså ikkje oppfattast som eit varsel om komande pine vi lengtar etter å sleppa ved å døy. At vi skal trå etter døden utan å oppnå han, tyder at vi av alle krefter vil halde fast ved trua vår på at døden er slutten, men utan at vi klarer det.

I den materialistiske epoken vår kunne vi ikkje tru på eit liv etter eller bakanfor døden; men denne epoken går mot slutten, ja, sluttar i vår tid. Vi vil lengte etter å dø, for det evige livet inneber at det ikkje finst fridom for det personlege ansvaret. At døden skal flykte fra oss vil seie at vi vil verte tvinga til å sjå at verda er større enn vi trudde, og at døden berre er ein overgang til eit livsrike eller ein livsfase vi var blinde for.

Såleis seier romanen at vi står andlet til andlet med livet etter døden, eller kanskje snarare livet utan døden, men kjempar imot, misoppfattar eller underslår denne røynsla fordi ho strir mot trua vår på ei avgrensa fornuft.

MIRAKELET

Morgenstjernen er bygd opp kring motsetninga mellom kvardagsliv og mirakel. Vi møter personar som til saman dannar eit sosiologisk tverrsnitt av den norske majoritetsbefolkninga, der minoritetane glimrar med sitt fråvær.

Vi vert presenterte for ein overvektig og sjølvforaktande litteraturvitar som er gift med ein bipolar biletkunstnar; ein upåliteleg barnehageonkel som helst vil vera musikar; ein kvinneleg prest som lengtar etter fridom frå ektemannen sin; ei musikalsk gåverik og akademisk mislukka studine som jobbar på Bunnpris; to sjølvoppofrande sjukepleiarar og ein sjølvoppteken journalist. Det finst eit gift par mellom dei, to av dei er kameratar, men elles er inntrykket at dei har vage eller ingen innbyrdes relasjonar.

Nett slik som desse romanpersonane oftast har distanse til kvarandre, verkar òg dei individuelle liva deira å vere upersonlege, trass i at dei er skildra både nærgåande og dramatisk, slik vi kjenner Knausgårds stil frå Min kamp, med endelause dialogar om ingenting og detaljerte attgjevingar av eting av hamburgarar og blodige sjølvmord i garasjen.

Men det viktige i romanen er ikkje einskildlagnadene, men den større historia eller «endetida» alle tek del i, og som bind dei saman.

Alle romanpersonane jobbar for forfattaren som representantar for eit samstundes forete og desperat Noreg. Det er folk ein synest å ha sett i mengdevis på gata eller på fjernsyn, attkjennelege og føreseielege i all si depressive sjølvrealisering.

STJERNA

Men denne grå keisemda vert stadig broten opp av mirakuløse hendingar i strid med fornuft og vitskap.

Det startar med at litteraturvitaren får ei umåteleg mengde lyr i garnet sitt, endå eit lite nikk til evangeliet etter Johannes, der læresveinane drar på fiske i Tiberiassjøen og møter den oppstadne Jesus, som ber dei kaste det svarte garnet ut på hi sida av båten, der dei får så mykje fisk at dei knapt klarer å trekkje garnet opp, nett som Knausgårds litteraturvitar.

Det syner seg «teikn i sol og måne og stjernor», som det heiter i Jesu endetidspreike i Lukasevangeliet. Eit stort ljos stig opp på himilen og vert ståande gjennom heile romanen. Det liknar ei veldig Betlehemsstjerne, noko som vert understreka av at Jesus openberrar seg i jeans og dressjakke, «kledd som om han jobbet på universitetet» i Bergen, som hjelpar for hjelpelause folk som korkje kjenner han att eller har vit til å gjere seg nytte av hjelpa.

Men «morgonstjerna» ymtar òg om «Lucifer», som er namnet for både djevelen og planeten Venus når han syner seg på austhimilen som morgonstjerne. Mot bakteppet av dagleg tralt og keisemd vert menneska konfronterte med det gode og det vonde frå mytologiske, religiøse og kunstnarlege verdsbilete dei har gløymt.

FENGSELET

Det er som om menneska har levd og lever i eit rom med ugjennomtrengelege vegger mot alle dei delar av røynda som mytologiane og religionane har tala om, i den trua at dette avgrensa rommet var og er heile verda; men no har veggene med eitt vorte porøse.

Inn i vår tid og vårt rom kjem det vandrande skapningar frå den poetiske fantasien, som til dømes William Blakes reddsame «Ghost of a Flea», luseånda, ein uhyggeleg djevelart som den bipolare biletkunstnaren Tove har måla, men som no synest å finnast i kjøt og blod, streifande kring på landjorda, truleg etter å ha krope ut frå digre hamar eller ormeskinn som vert funne i skogen.

Presten Katrine møter ein levande mann som døydde fleire dagar tidlegare. Ein død mann, ein organdonor, alt spretta opp, livnar til att.

Den forfylla kulturjournalisten Jostein har si ut-av-kroppen-oppleving og ser seg sjølv ligge svimeslegen på golvet langt under seg. Seinare vert han kasta inn i mørkret i sitt eige medvit som syner seg å vere porten inn til dødsriket.

Dette dystre landet vandrar han gjennom utan å vite at han er død, nett som dei uvitande døde i Swedenborgs syner, eller som Johannes i Jon Fosses Morgon og kveld.

SIDESTRAUMANE

Som om romanen kjenner trong til å forklare seg nærare om alt dette merkelege, inneheld han «et essay av Egil Stray» med tittelen «Om døden og de døde». Eg les Egil som den romanpersonen som står Knausgård nærast, kanskje saman med litteraturvitaren Arne. Desse to er ikkje berre rivalar om gunsten til den bipolare Tove, men vert òg tidleg skildra som «låst fast til hverandre», det vil vel seie som to aspekt av same personlegdom.

Dei to driv òg med noko av det same. Arne held universitetskurs om «dødsriker i litteraturen», medrekna det spiritistiske universet til den gløymde forfattaren Ludvig Dahl, som drukna i 1934 under mystiske omstende, noko som leidde til ei av dei store mediesakene i Noreg i 1930-åra, då dottera og det spiritistiske mediet Ingeborg Køber vart mistenkt for medverknad til drap på far sin. Egil på si side skriv på essayet om døden og har laga filmar om den kristne sekta «Smiths Venner» og «et bofellesskap av mennesker med Downs syndrom».

Trass i peikinga mot religiøse sidestraumar presenterer Egil seg i essayet som ein nokså hovudstraums protestantisk kristen, med brå omvending i tilknyting til lesing av Kierkegaard og ikkje minst med ei klår motsetning mellom fornufta og trua. Han seier i essayet at «intellektuelt sett forstår jeg at Gud og det guddommelige ikke finnes, men jeg tror likevel at det gjør det».

Sjølv om det ved fyrste augnekast kan verke som om Egil held fast ved denne motsetninga, trur eg det er rett å seie at han argumenterer mot det. I alle fall seier romanen som heilskap at motsetninga mellom fornuft og tru er meir sedvane enn naturlov, og at grensene mellom ytre og indre liv, medvit og undermedvit, vitskap og mytologi, det rasjonelle og det intuitive, ikkje ligg fast.

TEIKNA

Personleg er eg ikkje oppteken av skrømt, attergangarar og spiritistiske seansar, og meiner at slikt er ei vulgarisering av mystikken. Men det kan vere at den kunstnarlege tilnærminga til dei attgrodde områda i sinnet og verda krev primitive eller barnlege bilete.

Likevel må eg tenkje på dei skriftlærde som gjekk til Jesus og sa: «Meister, me vil gjerne sjå eit teikn av deg!» Jesus svara då at «ei vond og utru ætt krev etter teikn, men dei skal ikkje få anna teikn enn det som hende Jonas, profeten»; det vil seie at det er lett å tru det ein ser med sine eigne augo, men vanskeleg å øve sinnet opp til å skjøna meir enn det sansane gir oss. Det er meir klårsyn i tankeaktivitet enn i passiv sjåing på fjernsynsseriar som Åndenes makt.

KJELDENE

I essayet sitt nyttar Egil det idéhistoriske storverket til Olav O. Aukrust, son til diktaren Olav Aukrust, Dødsrikets verdenshistorie, men meir dei to fyrste binda og mindre det største og tredje som handlar om dei kristne dødsrika.

Elles tenkjer eg under lesinga av Morgenstjernen på Swedenborg og Fosse, som eg alt har nemnt, dessutan på grøssarromanane til Stephen King, særleg når Knausgård lèt døde menneske gå mellom dei levande, som den vesle jenta Emma som døyr i ei trafikkulukke, vert gravlagd og likevel opptrer i handlinga som levande død, med blodige klede og hovudet slege inn. Eg tenkjer òg på det merkelege universet til H.P. Lovecraft og tilknytinga hans til H.P. Blavatsky, stiftaren av den moderne teosofien.

Med Morgenstjernen skriv Knausgård seg inn i denne «okkulte» litterære tradisjonen, som ein annan kjend samtidsforfattar som Michel Houellebecq tangerer i boka si om H.P. Lovecraft frå 1991. «Det er naudsynt å skrive ein religiøs tekst som kan forandre verda», seier Houellebecq i eit intervju frå 2005. Det kunne ha stått som motto for Knausgårds roman.

Med nedrivinga si av dei tette skotta mellom rasjonalitet og religiøsitet, sanseverda og det oversanselege, tru og vitskap, snusfornuft og kunstnarleg fantasi, skaper romanen rett nok ikkje noka ny verd; men han legg ein forelda materialisme bak oss og opnar for refleksjon på tvers av gamle grenser.

Dag og Tid, 18. september 2020.

Forside >Journalistikk >Teikn for ei vond og utru ætt