MENY

Forside >Journalistikk >Vaknar vi av ein draum, eller er det no vi drøymer?

Vaknar vi av ein draum, eller er det no vi drøymer?

Foto: Victor He.

No ebbar den fyrste bølgja av epidemien ut etter to månaders nedstenging.

Livet ser ut til å vende attende til det normale, med klimakrise og antirasistiske demonstrasjonar. Ingen tenkjer lenger på å hamstre mat, og det er lenge sidan vi høyrde om noko dødsfall her i landet. Rykta flyr om under femti smitteberarar i heile landet. Det er som om vi vaknar av ein draum. Har vi nett levd gjennom den store krisa i vårt slektledd? Korleis kan det alt vere over?

Med under 300 døde i Noreg og om lag 600 i Danmark står nedstenginga av samfunnet fram som sigrande i forhold til den moderate strategien i Sverige, der dødstala stig mot 5000. Tok alle fagfolka feil? For kva anna gjorde svenskane enn nett det som Folkehelseinstituttet (FHI) tilrådde i Noreg, men som norske og danske politikarar ikkje gjorde?

SVERIGE

Skilnaden mellom Sverige og dei andre nordiske landa vert litt mindre om ein ser vekk frå dødstala innanfor eldrepleia, som kanskje ikkje ville ha vore mykje påverka av om svenskane hadde stengt skular og barnehagar. Av undersøkinga «Stockholm City’s Elderly Care and COVID19» (Charlotta Stern og Daniel B. Klein) går det fram at pasientar i den svenske eldrepleia utgjer nesten tre firedelar av dødsfalla, slik at talet på døde utanfor eldrepleia er noko under 1200 og ikkje så sterkt avstikkande frå Danmark og Noreg.

Dei som likevel vil forklare den svenske ulukka med at Sverige ikkje stengde barnehagar og skular, må argumentere mot alle dei fagfolka som meiner at slik nedstenging ikkje har nokon særleg effekt på dødstalet. Og kvifor døydde dobbelt så mange i Danmark som i Noreg, endå danskane stengde ned fyrst? Jau, det finst alle slags forklaringar på det meste, men det lèt seg ikkje bortforklare at mykje med pandemien er gåtefullt, og at forklaringane spriker i mange retningar. Tallause er amatørane som lynsnøgt er vortne ekspertar i epidemiologi, særleg på Facebook og Twitter, desse globale kaféborda der ein kan ta master og doktorgrad på alle fag i verda på berre nokre minutt. Men det finst òg ekspertar som fort kan ende opp som amatørar.

FOLKEHELSEINSTITUTTET

Frå fyrste stund ville fagfolka i FHI ikkje stenge ned heile samfunnet. Dei meinte at slik nedstenging ville gi stor samfunnsmessig skade og heller ikkje kunne stanse epidemien. I staden ville dei ha strenge hygienetiltak, mindre offentleg forsamling og transport, særleg vern av eldre og sjuke og isolering av dei smitta, alt saman vege opp mot samfunnsmessige konsekvensar: «Man må unngå at tiltakene blir mer kostbare enn pandemien ville blitt», skreiv FHI alt i januar.

Den faglege skepsisen galt særleg lukkinga av barnehagar, skular og landegrenser. Lenge etter den radikale nedstenginga og etter at epidemien var blitt slått ned alt i den fyrste eller andre fasen, meinte FHI – i eit notat frå 5. mai – at oppmodinga om å unngå reiser innanlands og stenginga av barnehagar, skular og helsetenester som legekonsultasjonar og fysioterapi med ein-til-ein-kontakt, hadde hatt liten effekt på epidemien, men store negative samfunnsverknader.

Den 8. mai sa Camilla Stoltenberg at smitta var på retur i Noreg alt før nedstenginga 12. mars, det vil seie at dei moderate tiltaka hadde vore nok til å bremse epidemien.

POLITIKARANE

I FHIs tredje risikonotat frå 12. mars vart det forklart at epidemien går gjennom fem fasar: fyrst einskilttilfelle av smitte, så ein andre fase med klynger av smitte før ein tredje og fjerde fase der epidemien vil «treffe hele landet og i løpet av mange uker nå en topp og så gå tilbake, kanskje utpå høsten eller vinteren en gang», då «en stor del av befolkningen vil ha gjennomgått sykdommen». 14 prosent av oss, eller over 700.000, ville bli sjuke, meir enn 20.000 innlagde på sjukehus og «godt under 1 prosent» av dei smitta ville døy. Ut ifrå desse tala, henta fram på basis av den beste kunnskapen vi hadde, kan vi rekne oss fram til at med halve befolkninga smitta ville epidemien krevje 10.000–20.000 liv, halvdelen innanfor eldrepleia.

Men politikarane stengde ned samfunnet og stansa epidemien i den fyrste fasen, til dels mot faglege tilrådingar. I FHIs risikonotat frå 5. april heiter det at styresmaktene har freista å «slå ned en begynnende epidemi i Norge gjennom tradisjonelle smitteverntiltak pluss omfattende kontaktreduserende tiltak» og lukkast i å undertrykke epidemien overraskande snøgt. Men ut frå rådande fagkunnskap kunne slik undertrykking berre lukkast på kort sikt. Epidemien kunne berre gå over ved at mange nok vart immune, og det kunne berre skje ved at mange nok vart smitta, eller mange nok vaksinerte med ein verksam vaksine, noko som tidlegast kunne skje om eitt år, lenger enn ein rimelegvis kunne halde samfunnet nedstengt.

VAKSINESTRATEGIEN

Truleg på grunn av dei forventa høge dødstala på kort sikt forkasta politikarane strategien med å bremse epidemien berre med hygieniske og andre moderate smitteverntiltak, som i Sverige og som FHI tilrådde. Dei forkasta òg den umogelege strategien med undertrykking av epidemien gjennom radikal nedstenging på uviss tid, noko som ville ført til samfunnsmessig samanbrot.

Politikarane stod overfor valet mellom to strategiar, men valde ein tredje: å undertrykke epidemien før han braut laus for alvor, og deretter lette på tiltaka og samstundes bremse smitta gjennom smitteverntiltak, testing, sporing og isolering av smitta og sjuke, kanskje med nye periodar av nedstenging om smitta stig for bratt, og så halde på med dette heilt til vi får ein verksam vaksine.

Det vil seie at om politikarane har rekna riktig, og vi er heldige med vaksinen, er ikkje dette over før om eitt til to år. I verste høve, skriv FHI i det siste notatet frå 19. mai, kan vi måtte vente på vaksinen «i flere år». Den 5. mai sa dei at vi «må forberedes på at epidemien vil vare i mange år, at mange fortsatt vil bli syke», og slår fast: «Det er flere år til denne epidemien er over!» Vi vert bedne om å bu oss på «en ny bølge» og på at det kan bli aktuelt å «gjeninnføre noen av tiltakene som nå trappes ned».

DEN BLINDE OG DEN SJÅANDE

Striden mellom FHI og politikarane får meg til å tenkje på den evangeliske likninga om den blinde som leier ein blind så dei begge fell i grøfta, berre at her var det ein sjåande som leidde ein blind som reiv seg laus og heldt seg på vegen, medan den sjåande fall i grøfta.

Smitta er borte frå landet, det skulle ikkje ha vore mogeleg så raskt. I Danmark er det meldt om så få sjuke at dei trur det kan verte vanskeleg å teste ut ein ny vaksine. Afrika sør for Sahara har ikkje fått den svære epidemien som vart varsla. Kvifor vart ikkje Florida råka særleg hardt, enda staten har gamal befolkning og ikkje dei mest radikale tiltaka? Skulle ikkje Japan ha vorte mykje hardare råka enn landet har vore, så halvhjerta som tiltaka der har vore? Stengde ikkje Peru tidleg ned og gjorde alt rett, og fekk likevel ein svær epidemi?

Kva nytte hadde vi av den norske nedstenginga når smitta var på veg ned alt før dei radikale tiltaka vart sette inn den 12. mars? Ville epidemien ha utvikla seg på nett det same viset som han gjorde om vi hadde nøgd oss med dei moderate tiltaka som FHI gjekk inn for? Ville epidemien i Sverige ha utvikla seg i same lei som no, sjølv om svenskane hadde gjort det same som Noreg? Dersom det er det at folk bur for tett, og andre dårlege sosiale tilhøve som gjer at epidemien har slege så hardt til i industrialiserte og rike senter som Wuhan, Lombardia, New York og London, kvifor er då India førebels spart, der det umogeleg har vore gjennomførleg med særleg konsekvens i tiltaka? Slike spørsmål fører til leiting etter andre svar enn den rådande kunnskapen førebels kan gi.

LØYND IMMUNITET?

I ein reportasje på NRK.no den 8. juni vert det fortalt om den italienske øya Giglio med ei gamal befolkning på nær 1000 menneske der ingen fastbuande med slektsrøter på øya har vore sjuke av covid-19, enda ein veit at viruset er kome dit med tilreisande før nedstenginga i Italia.

Sunetra Gupta, professor i teoretisk epidemiologi ved universitetet i Oxford, seier i eit intervju med nettavisa UnHerd 21. mai at ho er overtydd om at meir enn 50 prosent av den britiske folkesetnaden alt har vore utsette for viruset, og at mange har ei form for immunitet som ein ikkje kan sjå i testar. Ho meiner det er denne «løynde immuniteten» som forklarer forskjellen i korleis virusepidemien har slege til i ulike land og folkegrupper: «Nesten overalt har vi sett epidemien vekse, snu og døy ut – nesten som eit urverk.»

Ei underbygging eller vidareføring av denne tenkjemåten finn ein hos nevroforskaren Karl Friston, som har nytta modellar bygde på matematikk og fysikk der den uvissa vi vil at modellen skal oppklara for oss, er bygd inn i han. Friston seier i intervju med The Guardian 31. mai og UnHerd 4. juni at når ein matar denne modellen med data frå koronaepidemiane i Storbritannia og Tyskland, gir modelleringa eit svar som om det er ein stor del av befolkninga som ikkje tek del i epidemien, og ein større del i Tyskland enn i England.

Friston trur difor at det må vere ulike delar av folkesetnadene, og opp til 80 prosent av britane, som i det heile teke ikkje er mottakelege for covid-19-viruset. Det skal då finnast ein utbreidd og alt føreliggjande immunitet mot covid-19, men i ulikt omfang alt etter menneske og stader. Hovudårsaka til at fleire har døydd av viruset i England enn i Tyskland, er då at det er ein større del med slik ukjend immunitet mot viruset i Tyskland enn i England. Er dette rett, kan det vere tenkjeleg at vi vert snøggare ferdige med viruset enn vi hadde trudd.


Om utviklinga gjer slike forslag til skamme, og epidemien kjem attende til Noreg i nye bølgjer medan svenskane syner seg å vere over det verste, kan norske politikarar kome til å angre at dei ikkje følgde tilrådinga frå FHI likevel. Men det kan vere at det nye viruset ikkje rettar seg etter lærebøkene i epidemiologi. Kanskje forsvinn det som dogg for sommarsola, slik at vi ikkje treng nokon vaksine. Då må epidemiologane til å skrive nye kapittel i lærebøkene sine, medan dei norske politikarane kan sole seg i glansen av å ha handla rett på grunnlag av uskriven og ikkje eksisterande innsikt.

Dag og Tid 2. juni 2020

Forside >Journalistikk >Vaknar vi av ein draum, eller er det no vi drøymer?