MENY

Forside >Journalistikk >Korona med noko attåt

Korona med noko attåt

Teikning: May Linn Clement

Nokre dagar før julaftan vart eg frakta i ambulanse til eit framandt sjukehus i ein framand by, under mistanke om drypp og covid-19, trass i at eg undervegs kjende meg symptomfri og etter testar vart erklært for å vere ved nett så god helse som eg alltid har vore.

Alt dette skjedde fordi vi hadde kjøpt oss fritidsbustad i ei lita vestlandsbygd. Dette gjorde vi utan å tenkje for mykje på alt det strevet ein slik ekstra eigedom krev. Vi tok over eigedomen tidleg i desember. No tok eg til å farte fram og tilbake til denne nye plassen for å ordna med oppussing og innreiing, samstundes som eg heldt det vanlege arbeidet mitt i gang for å ha inntekt til å dekkje dei nye utgiftene. Utan at eg ensa det, la eg på arbeidsbøra.

HELLER IKKJE kunne eg gløyme bustaden i Bergen, eit husvære i tredje etasje i ein høg murgard nedst i Fjellsiden. Her stod det i adventstida eit stillas for oppussing av fasaden, og eg fann ut at eg måtte nytte høvet til å få måla vindauga frå utsida, både for oss sjølve og for ein eldre nabo med høgdeskrekk. Så eg klatra rundt på dette stillaset i ei lita veke, samstundes som eg arbeidde vidare på ein ny roman, det eigenlege arbeidet mitt.

Men pengar må ein ha, og dei kjem ikkje frå romanar. Så eg laga intervju med Thomas Hylland Eriksen og Vigdis Hjorth, begge fartsfenomen det ikkje er lett å halde tritt med, før eg saman med den yngste son min lasta bilen full av innbu til det nye huset og køyrde av garde i desembermørkeret. Då eg kom fram, fall eg saman, så vidt eg kan hugse for fyrste gong nokosinne.

IKKJE FØR HADDE VI fått tømt bilen og sett ting på plass, så kom det ei tyngd i hovudet over meg, og ein trøyttleik sokk innover meg. Klokka var ikkje meir enn ni på kvelden då eg fekk lagt meg på ein madrass i eit av dei tomme romma, og der sovna eg som om ein fjording hadde sparka meg ut, og merka ikkje liv før neste morgon klokka åtte. Eg hadde sove i elleve timar, nær det doble av kva eg plar.

Den fyrste tanken min var at eg måtte vere utkvilt nok til å gjere dobbelt så mykje i huset som eg hadde planlagt. Son min er natteranglar og sov enno. Etter ein snøgg frukost gjekk eg i gang med å feste maskeringstape langs listene i eit rom eg ville måle lysare. Før eg var halvveges, svimla det for meg, trøttleiken rann attende over meg, eg måtte stø meg mot veggen for ikkje å ramle. Eg kom meg inn til madrassen og fekk lagt meg ned. Rommet sigla litt, så roa det seg, men eg kjende svevnen snike seg innpå meg att.

No vart eg uroleg. Noko liknande kunne eg ikkje kome på at eg hadde røynt. Då dette ikkje gjekk over, ringde eg legevakta, som synte meg vidare til det lokale legekontoret, der eg fekk ein venleg sjukepleiar i tale.

ALT DEN MILDE røysta fekk meg til å kjenne meg betre. Eg sette meg opp på madrassen og forklarte situasjonen. Då spurde pleiaren om andletet mitt hadde endra seg, om den eine sida var annleis enn den andre. Eg kalla no inn son min og spurde om eg såg merkeleg ut, men han såg ikkje noko rart på meg. Pleiaren trudde då ikkje det var noko farleg, men om eg uroa meg, kunne eg kome ned til ein sjekk om ein time, då hadde dei ledig tid.

Ein time seinare var eg på veg, til fots, med son min som fylgje. Men eg var no altså mykje betre og lurte på om eg ikkje skulle ringje og seie frå meg timen, men vi gjekk no likevel ned og sette oss i det elles tomme venterommet. Der vart vi etter ei stund spurde om vi hadde koronasymptom, og det svara vi nei til. Ingen av oss hadde hoste, feber eller tung pust. Men då eg litt etter vart ropt inn til legen, gjekk han atter gjennom koronasymptoma.

VONDT I HOVUDET er eit koronasymptom. Å bu i den smitteråka Bergen er òg eit slags koronasymptom. Om eg hadde vondt i halsen òg? Då legen spør slik, kjenner eg etter, for eg skjønar han trur eg har korona, no trur eg det nesten sjølv, det var jo ei slags forklaring, og kjende eg ikkje noko i halsen for ei stund sidan?

– Eg kjenner kanskje noko i halsen, svarar eg.

Legen reiser seg. Ein kan ikkje kome frå Bergen med all smitten og gå rett inn på eit legekontor med koronasymptom, seier han. Han får auge på termometerpistolen som ligg på skrivebordet, triv han og rettar han mot meg utan eit ord, og les mumlande for seg sjølv: 37,3. Korkje han eller eg kan tru at det ikkje er høgare.

– Trur du eg har korona, spør eg forskrekka.

– Vondt i hovudet, vondt i halsen, det er to punkt avkryssa, seier han.

Han opnar dørene i kontoret på vidt gap, kjem tilbake og gir meg ei andletsmaske. Den må eg ta på og gå rett ut, ikkje røre ved noko, eg må til næraste by for å testast og undersøkjast, det kan ikkje gjerast her fordi dei ikkje har verneutstyr. Slik blir eg skyssa ut med lovnad om seinare telefon med detaljar om kva eg må gjere.

KNAPT TO MINUTT etter at eg kom inn på legekontoret, står eg maskert på fortauet. Der finn eg son min, han òg maskert. Eg kjenner meg som ein omsynslaus spedalsk, skamfull for ikkje å ha ofra koronaen ei tanke. Som mogelege superspreiarar snik vi oss heim att, i vid ring om dei menneska vi møter, med god avstand også til hundar og ein hest bakom eit gjerde. I det tomme huset går eg i ring og ventar på varsel om dei uhyggelege detaljane, kva no det kan vere.

Så ringjer legen, han seier seg lei for at eg blei kasta ut, men no må eg til byen og bli undersøkt for svimlinga.

– Men kan eg ikkje berre vente til i morgon, seier eg, då er sikkert svimlinga over, så køyrer eg til Bergen og tek testane der.

– Nei, seier legen, eg må undersøkjast i dag. I byen der dei har verneutstyr.

Eg skjønar av måten legen snakkar til meg på, at han ikkje lenger trur eg feilar noko. Det handlar om prinsipp og tryggleik. Eg har oppsøkt han svimmel og med tungt hovud og kanskje irritasjon i halsen, eg kan ha korona, eg må undersøkjast, det er ansvaret hans å syte for at det vert gjort raskt av ein lege i verneutstyr, altså må eg til byen.

Men som koronamistenkt kan eg korkje ta drosje eller buss til den framande byen, og som svimmel kan eg ikkje køyre min eigen bil. Det endar med at den samvitsfulle legen sender ein ambulanse frå byen for å hente meg.

SNART RULLAR sjukebilen sakte inn på det vesle tunet. Ein sjåfør og ein pleiar stig ut. Eg får ordre om å halde meg på avstand mens dei tek på seg verneutstyret, eg blir beden om å gå inn i huset og setje meg i ein stol. Snart kjem dei breibeint vandrande som to romfararar med vidt forklede og plasthjelm og maske, den eine held eit brett med eit spørjeskjema på. Dei er ikkje interesserte i noka svimling, men det tunge hovudet kryssar dei av for, og vil vite om eg har tung pust.

– Nei, seier eg.

– Feber?

– Nei, seier eg, eg hadde nett 37,3.

– Hoste?

– Ikkje nokon hoste.

– Sår hals?

– Eg trudde eg kjende noko irritasjon, sår hals har eg ikkje.

– Magevondt eller kvalme?

– Nei.

– Endra smaks- eller luktesans?

– Nei.

– Nett vore i utlandet?

– Nei.

– Vore i kontakt med ein koronasjuk eller ein i karantene?

– Nei.

DEI SER PÅ kvarandre. Eitt kryss. Kanskje halvtanna. Det var lite til ein ambulanse. Eg ser ei von.

– Kan de ikkje berre køyre til byen att, så tek eg meg sjølv til Bergen i morgon og testar meg der, seier eg.

Men det går ikkje. Dei har fått eit oppdrag, det må utførast, eg må inn i ambulansen, og der hamnar eg. Der sjekkar dei blodtrykket, det er også normalt. Trøyttleiken min har vekt opp heile det norske velferdssamfunnet. Eg treng ikkje hjelp lenger, men det er for seint å stanse hjelpeapparatet.

Så vert eg frakta den dryge halvtimen til sjukehuset. Eg blir teken imot av endå ein romfarar i ei brakke utpå eit jorde bak hovudbygget. Den nye legen ser på skjemaet med halvtanna kryss og spør kva eg skulle i ambulansen, tek ei blodprøve som indikerer at eg ikkje har infeksjonar, og nyttar to minutt til nokre fysiske testar som utelukkar blodpropp, spør korleis eg kjenner meg.

– Bra, seier eg.

Så lyttar han grundig på lungene og skryter av forma mi. Kort fortalt er det lenge sidan eg har kjent meg så frisk.

Til slutt tek han ein koronatest og ber meg bestille drosje til huset. Det kostar meg tusen kroner, men eg er glad til. Kva alt dette kosta samfunnet, torer eg ikkje tenkje på.

EIT PAR DAGAR seinare køyrer vi heim. Den einaste plaga eg kjenner på, er uvissa om kva koronaprøven vil vise. Mellom Voss og Evanger kling det i mobilen, det er frå Helsenorge.no. No har dommen falle. No blir eg vel surra inn i pestbjøllene som i ei tvangstrøye og isolert på skrivestova mi, til og med på julaftan. Det er son min som opnar meldinga.

– Her er ei liste med mange virussjukdomar, seier han. – Minst ti. No skal vi sjå, elleve er det. Til dømes rhinovirus, bordetella pertussis og metapneumovirus. Koronaen er her òg.

– Elleve virussjukdomar! utbryt eg.

– Ikkje påvist, nokon av dei, legg han til.

– Ikkje påvist, tek eg opp att som ein trylleformel, reinsa som oske, fri som fuglen Føniks, oppvekt som Lasarus.

Dag og Tid 8, januar 2021.

Forside >Journalistikk >Korona med noko attåt