MENY

Forside >Sakprosa >Norge, vårt Norge >Kritikken av «Norge, vårt Norge» >Men nasjonen var ikkje død

Men nasjonen var ikkje død

Av Tom Hetland

(…)
Norsk forvitring


«Norge, vårt Norge» er forfattaren og debattanten Kaj Skagens forsøk på, med hans eigne ord, å «nærme meg hva «det norske» eller «norsk kultur» kan være».

I forordet vedgår Skagen at «å si at jeg omfavner min samtid, ville være en overdrivelse». Det er eit elegant, enormt understatement. Skagen skildrar ein nasjon der tradisjon og kulturfellesskap er i full forvitring, og der ingen, ikkje ein gong kongen, veit kva det vil seia å vera norsk.
Men veit Kaj Skagen det?

Skagen er ein motstraums intellektuell som ofte er spennande og stimulerande å lesa. Han skriv med kunnskap og kraft. Faren er at han kan bli for sær og sur. Aldri har eg skrive så mange spørjeteikn i margen på ei bok som denne, og med 427 sider vert det ein del.

Kaj Skagen har bakgrunn frå det antroposofiske miljøet, og han skal kanskje vera tilgitt at han gir Rudolf Steiner og hans åndsfrendar ein påfallande stor plass i norsk idéhistorie. Skagen er ærleg på at han har gjort sine val. Blant dei er også menn som predikanten Hans Nielsen Hauge, presten og salmediktaren N. F. S. Grundtvig og folkehøgskulemannen Christopher Bruun.

Desse, og andre, står sentralt i å skapa det som Skagen meiner er det djupast norsk-kulturelle: «foreningen av kristen mystikk og fransk opplysning, eller syntesen av metafysikk og sosial bevissthet». Den kristne arven i kombinasjon med demokratiske folkerørsler er på sett og vis helten i boka, skurkane er «positivisme» (trua på at berre det som kan erfarast, er verkeleg), «kulturradikalisme» og det som Skagen kallar «tredjeverdenisme», det vil seia ei idealisering av fattige og farga menneske og eit tilsvarande sjølvhat.

Angrepa mot desse retningane kan vera velfortente, dei er til tider underhaldande, men ofte vilt karikerte. Når Skagen såleis postulerer ein kontinuitet frå den marxist-leninistiske rørsla på 1970-talet til sympati for dagens militante islamisme, er han på temmeleg tynn is og må stort sett gå til utlandet for å finna representative eksempel.

Diffus frigjering

Skagen kritiserer eit Norge som er blitt åndlaust i sin rikdom og ikkje lenger har noko å leva for. Også lesarar med mindre metafysisk legning kan skriva under på mykje av det. Men han samstundes lite raus mot dei som trass alt prøver å skapa visjonar om noko meir.

På Terje Tvedtsk vis avfeiar han Kjell Magne Bondeviks parolar om å gjera Norge til ein «nestekjærlighetens og solidaritetens nasjon» og til ein «fredsnasjon» som eit forsøk på å bli «Guds duks på jorden». Same kor ein snur seg, er altså ræva bak.

Når Skagen åtvarar mot elitestyre og teknokrati, avmakt og demokratisk forfall, vil han også finna mange som deler uroa hans. Lærarar vil – kanskje litt nervøst – jubla over å bli kalla som «åndslivets bærere (som) fungerer som overleverere av samfunnets kulturelle arv og ikke er statsfunksjonærer som slaver og sliter for å oppfylle Utdanningsdirektoratets og andre byråkratiers femårsplaner». Men når forfattaren høgstemt etterlyser ei fjerde frigjering etter 1814, 1905 og 1945, blir det i overkant diffust kva den skal gå ut på, og kva slags nytt norsk identitetsfellesskap som den skal byggjast på. Slik risikerer Skagen å falla i den same grøfta som dei radikalarane han kritiserer, dei som trudde at eit nytt og betre samfunn ville veksa fram av seg sjølv når berre det gamle og undertrykkjande vart knust.

(…)

Utdrag av samleaomtale i Stavanger Aftenblad 6. april 2018.

Tom Hetland: Men nasjonen var ikkje død 1. SA 6.4.18.

Tom Hetland: Men nasjonen var ikkje død 2. SA 6.4.18.

Forside >Sakprosa >Norge, vårt Norge >Kritikken av «Norge, vårt Norge» >Men nasjonen var ikkje død