MENY

Forside > Kommentarer >Krig versus kompromiss

Krig versus kompromiss


Den norske regjeringa, dei politiske partia, pressa, universiteta, Den norske Forfatterforeningen, dei fleste som ytrar seg på sosiale medium, kort sagt heile den norske ålmenta ser ut til å gå inn for at krigen i Ukraina skal ta slutt ved at den ukrainske hæren, utan anna hjelp frå andre land enn våpen, pengar og moralsk støtte, slår dei russiske invasjonsstyrkane tilbake.

Eit slikt utfall kunne ein ønskje seg. Det ville ha vore eit døme på at ein mindre nasjon kan setje seg opp mot eit overfall frå ein overmektig fiende og vinne fram. Men det verkar ikkje like sikkert at den strategien vi har valt, vil føre til fred og slutt på lidingane.

POLITIKK OG MORAL

Vi satsar på å hjelpe Ukraina med å halde krigen i gang, samstundes som vi straffar Russland med sanksjonar og isolasjon. Vi sender våpen til den ukrainske hæren. Vi koplar Russland frå verdsøkonomien. Vi trekkjer Oljefondet ut av Russland og prøver å råke landet med fattigdom.

Nato-sjefen Jens Stoltenberg tek opp att og opp att kor urettvist det er å nekte Ukraina å søkje medlemskap i Nato, og kor umogeleg det er for Nato å love Russland at ein slik søknad ikkje vil verte innvilga. Alt dette er kanskje god moral, men er det god fredsskapande politikk?

Det er nesten berre ein lynrask siger for Ukraina som kan kallast eit heldig utfall, og det ville vere eit reint mirakel. Andre krigsutfall verkar meir sannsynlege: Den russiske hæren vinn om nokre veker eller månader krigen etter å ha stelt i stand store øydeleggingar, lidingar og masseflukt, Putin tek over områda vest for Dnjepr, med eller utan Kyiv, og krigen i Ukraina held fram i årevis.

Det kan òg hende at Nato før eller sidan vert trekt inn og krigen utvida. Eller ein held fram med å pøse inn våpen og framandkrigarar på begge sider, og kostnadene av krigen vert så svære at det russiske regimet bryt saman, med den store risikoen som vil følgje av eit regimeskifte i eit land som Russland under slike omstende.

EI FARLEG VERD

Krigen i Ukraina har gjort verda farlegare enn ho har vore sidan Cuba-krisa i 1962. Det kan ikkje vere noko viktigare enn å minska denne faren snøggast mogeleg. Det inneber i praksis at alt som kan gjerast for å stanse krigen, må gjerast. Men kva kan mest sannsynleg stanse han? For å kunne svare på dette spørsmålet er det naudsynt å velje kva utfall vi ser som mest sannsynlege.

Men dette valet er ikkje enkelt, for alle aktørane i krigen har ulike interesser. Sidan framstillinga av krigens gang og dei ulike intensjonane til partane i seg sjølv er ein del av krigføringa, går hendingane på slagmarka føre seg bak eit tett teppe av krigspropaganda der alle partane leverer bilete av røynda som tener eigne interesser.

Det er lett å sjå at ukrainarane har vunne informasjonskrigen, men nett det kan føre til at vi overvurderer sjansane deira til å vinne krigen. Då vert det òg rimeleg å tenkje at konflikten ikkje lyt løysast med eit kompromiss, men ved å sende våpen til Ukraina så dei kan vinne militært, eller ved å gjere krigen så kostbar for Russland at Putin vert styrta. I røynda er det dette som er strategien vår.

EIT NYTT MÜNCHEN?

Men dette biletet av situasjonen i Ukraina kan vere meir tufta på ønsketenking og krigsforteljing enn på røynda. Er det slik, kan idealet om fridomskampen stengje for eit kompromiss som rett nok ville vere mindre idealistisk, men òg medføre mindre liding.

Eit slikt kompromiss kunne innebere forhandlingar om fastsetjing av ukrainsk nøytralitet med internasjonale tryggingsgarantiar, anerkjenning av Krim som russisk territorium og sikring av rettane til den russiske minoriteten i landet, kanskje lausriving av Donbas-området aust mot Russland.

Dette ville medføre at grenser måtte trekkjast opp på nytt og Ukraina ville miste territorium, og at landet ville misse fridom til å inngå alliansar med andre land dei sjølve ønskjer. Men på lengre sikt treng ikkje det sistnemnde tapet vere ei ulempe. Andre europeiske land som Sveits og Sverige har dyrka slik nøytralitet som føremon og identitet.

Dette kompromisset, som ligg tett opptil dei krava Russland stiller, ville i praksis vere ei formalisering av status quo før krigen braut ut. No vert ei slik ettergjeving for russiske krav lett oppfatta som eit nytt «München», der ein for å unngå krig bøyer seg for dei urimelege krava til ein diktator, med den følgja at krigen berre spreier seg. Men sjølv om Vladimir Putin styrer ein autoritær stat, er ikkje Russland Nazi-Tyskland.

Trua på at Russland vil gå til åtak på Estland, Latvia og Litauen, Finland og Sverige med fleire om Putin vinn fram i Ukraina, og at vi difor må stogge han kompromisslaust her, er ein gjengangar av den gamle dominoteorien om at USA måtte stanse kommunismen i Vietnam, elles ville han spreie seg til alle nabolanda. Prisen for denne teorien var om lag fem millionar døde og skadde menneske.

Det finst både historiske og ideologiske grunnar til å tru at Putin-styret tillegg Ukraina ei heilt anna strategisk og kulturell betydning enn til dømes dei baltiske statane, som dessutan er Nato-medlemer.

MORAL ELLER FRED?

Det er ikkje mogeleg å sitje i Noreg langt frå slagmarka og diktere kva Ukraina eller Russland lyt gjere. Begge land har frå kvar sin ståstad alt investert så mykje at det kanskje ikkje finst rom for kompromiss for nokon av dei. Men frå vår ståstad handlar det likevel om å vurdere korleis vi skulle ha stilt oss til krigen både frå starten av og framover, for best å bidra til fred.

Ein kan ikkje utelukke at eit kompromiss mellom krava til Russland og rettane til Ukraina er den einaste vegen til ein rask fredeleg slutt på krigen. Då får vi eit paradoks: Det som synest å vere det etisk rette, nemleg å satse alt på at ukrainarane skal makte å drive Russland tilbake utan at Nato grip inn, kan forlengje krigen med månader og år.

Er det slik, vil det etisk rette i dette høvet vere politisk urett, fordi det kan mangedoble dei menneskelege lidingane som alt no er høge, til slutt øydeleggje Ukraina som skulle bergast, og kanskje spreie krigen vidare ut i Europa.

Under Cuba-krisa i 1962 kom løysinga mellom anna fordi Kennedy-brørne la vekt på å gje den russiske leiaren Nikita Khrusjtsjov ein veg ut andsynes dei sovjetiske militære sjefane, som til liks med dei amerikanske generalane søkte meir konfrontasjon enn den politiske leiinga.

I fredsprosjekt der Nato ikkje har vore part, har Noreg òg – som fredsmeklar – vilja gje begge partar i konfliktane nok til at det å halda fram krigen vert eit dårlegare alternativ for begge. Men i denne konflikten sender vi våpen i staden.

Dag og Tid, 25. mars 2022.