MENY

Forside > Kommentarer >Attende til det nye (17.4.20)

Attende til det nye (17.4.20)

Folkehelseinstituttet (FHI) gjer rett i å skunde på ei raskare opning av samfunnslivet enn regjeringa har gått inn for. Men nedstenginga kan trekkje ut om massemedia skremmer opp opinionen med skrekkhistorier.

Pressa er til stades på ein av dei mange pressekonferansane om koronaviruset. F.v. justis- og beredskapsminister Monica Mæland, utanriksminister Ine Eriksen Søreide, assisterande direktør i Helsedirektoratet Espen Nakstad og avdelingsdirektør i Folkehelseinstituttet Line Vold.

Det ligg i naturen til både menneskesinnet og moderne biletmedium at det er dei mest dramatiske og skremmande bileta som oftast vert formidla og som fester seg best hos oss.

Vi fekk førsteinntrykka våre av koronaepidemien gjennom dei kinesiske styresmaktenes overgrep mot forsvarslause menneske i Wuhan, der sjuke vart rivne ut av heimane og køyrde bort i varebilar under høglytte protestar, eller stengde inne i høgblokker med attsveisa utgangsdører. Om og om att såg vi dei same bileta frå Italia, av avkledde kroppar spente inn i pustemaskiner, medan fortvilte legar sprang mellom dei døyande.

GODT STOFF

Pandemiar er godt stoff for fjernsyn, presse og sosiale medium. Der ein før måtte nøye seg med forstørra bilete av støvmidd og reportasjar om flåttinfeksjonar, kan ein no skumbade i tusentals menneske som sakte vert kvelte.

Sjølve strukturen i massemedia, der det handlar om blikkfang og klikkfang, krev stor sjølvdisiplin for ikkje å spele på redsla til folk. Koronaepidemien er lett å skremme med fordi så mange døyr over heile verda, og fordi vi enno ikkje heilt veit kva vi har å gjere med. Denne uvissa opnar for skremselsjournalistikk.

Til dømes er det nesten sikkert at unge og friske menneske ikkje treng å vere redde for koronaen. Likevel slo pressa opp utsegner som gjekk i motsett lei. Den 19. mars fekk vi i VG vite at ein amerikansk studie synte at «Unge voksne kan bli sykere enn først antatt». Men det gjekk ikkje fram av reportasjen at halve folkesetnaden i USA lir av overvekt, at særs mange har diabetes og høgt blodtrykk og at dei hardast råka gruppene er fattige, bur trongt og nødig oppsøker sjukehus – omstende som gjer at unge vaksne som gruppe kan verte sjukare i USA enn i Noreg.

Som om det skulle vere eit særleg poeng å gjere unge menneske og foreldre deira urolege, melde VG den 20. mars om «11 personer under 50 år i intensivbehandling», derav to under 24 år.

Korkje Aftenposten, NRK eller TV 2 nølte med å spreie utsegna til ein sjukehusleiar ved Ullevål sjukehus: «Unge og friske rammes blindt.» Lokalavisa Budstikka slo stort opp at fleire pasientar under 45 år og utan underliggjande sjukdomar hadde lege i respirator ved Bærum sjukehus, og NTB bringa saka vidare utover landet.

«ALLE KAN DØY, NO!»

Den underliggjande bodskapen var at kven som helst kan døy av det uhyggelege viruset frå Kina, same korleis helsetilstanden deira er, utan omsyn til alder, sosial situasjon og kroppslege og mentale føresetningar. Alle kan døy, no!

Men var det sant? Nei, det var ikkje heilt sant. Sjukehuset i Bærum dementerte opplysningane. Ifølgje tal frå det italienske folkehelseinstituttet, attgjevne av professor i epidemiologi ved Universitetet i Tromsø Eiliv Lund, er snittalderen for døde av korona i Italia 78 år, og av 14.860 døde var éin person under 20 år. Berre 3 prosent av dei døde var utan underliggjande sjukdomar. Sanninga, både i USA, Italia og Noreg, verkar å vere at yngre, friske menneske berre i sjeldsynte unnatak døyr av sjukdomen.

Likevel meinte VG den 2. april at det var viktig med ein reportasje om eit koronasmitta spedbarn som rett nok overlevde, men som «kokte av feber» med ein temperatur på 38. Den 8. april opplyste FHI at snittalderen for døde av korona i Noreg var 84 år, i eit land der forventa levealder er 83 år.

Ifølgje VGs daglege statistikkar – VG følgjer epidemireportasjane like tett som resultata frå store idrettsmeisterskap – hadde 134 menneske døydd av korona sist tysdag. Då vert det teke lite omsyn til at 40.000 menneske i Noreg døyr kvart år.

BYRDE FOR Å BERGE

Døden er ikkje triviell fordi han råkar gamle og sjuke. I uvissa om kor farleg viruset er, var det rett å setje sikringa av menneskeliv først. I eit intervju i Frankfurter Rundschau seier den tyske filosofen Jürgen Habermas at den kristne kjærleiksetikken kan kjennast att i sekulær og radikal form i dei første reaksjonane på epidemien, der fleirtalet, dei yngre og vaksne, tok på seg store byrder for å berge eit mindretal av menneske i høgare alder og med dårlegare helse. I dette levde samfunnet opp til idealet om likeverdet til kvart einskilt individ.

Men nett difor må livet no i gang att. Best hadde det vore om økologisk øydeleggjande og smittespreiande aktivitetar som unødig flytrafikk, masseturisme, massemigrasjon og kommersiell sport vert liggjande nede for alltid, erstatta av farmasøytisk industri og anna ein ikkje lenger kan overlate til Kina, og av utbygging av beredskapsviktig utdanning og næring som til dømes landbruk og handverk. Men vi kan ikkje tillate at redsla for epidemien struper alt sosialt liv.

Når vi gjennom stenginga av samfunnet pressar koronadødsfalla ned mot null, stig lidinga og truleg dødstala på andre område. Menneske vert isolerte, depresjonar aukar, ungar i heimar med problem får det verre, ungdomar dett ut av skule og samfunnsliv, titusenvis vert arbeidslause.

Valet står ikkje om å berge menneskeliv eller ikkje, men kva for tiltak som fører til den minste av to katastrofar. Ved å halde samfunnet nedstengt sparer vi liv med det same, og dei som går inn for dette, bergar menneskeliv på nært hald. Ved å opne opp att samfunnet sparer vi liv på lengre sikt og utanfor syne.

Dette aukar faren for å treffe feil avgjerd, eller gjere det rette for langsamt. Det er lettare å skyve frå seg ansvaret for fjernare dødsfall enn for nærare. Det er enklare å laste politikarane for å ofre gamle og sjuke som døyr som direkte følgje av å opne opp samfunnslivet, enn å gje dei skulda for løynd mishandling, øydelagde liv, sosial oppløysing og krig som kan følgje av det nedstengde samfunnet, berre lenger ute i årsaksrekka og fjernare i tid og stad.

Dag og Tid, 17. april 2020.